09.09.2018 Views

Unikum september 2018

Studentavisen Unikum, september 2018

Studentavisen Unikum, september 2018

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

TEKST: SIGNE SEIM VESTRHEIM

Skal rektor

verta tilsett

eller vald

demokratisk

i 2019?

ME SPØR TRE STUDENTAR: SKAL

REKTOR VERTA TILSETT

ELLER VALD DEMOKRATISK?

ABEL ABERRA (25), STUDERER

ØKONOMISTYRING PÅ UIA.

– Eg tenkjer det må vera best å tilsetta

eksternt? Studentar skal ikkje ha noko

å seia for kven som er rektor. Det veit

avdelinga på skulen betre enn oss. Men

mogelegheita for at interne kan søkje

på stillinga bør sjølvsagt vera til stades.

KRISTIAN KRANSVIK (20), STU-

DERER RETTSVITSKAP PÅ UIA

– Det har eg ikkje så sterke meiningar

om. Eg har ikkje så mykje peiling på

kva som er ein bra rektor, det trur eg

andre har betre peiling på enn meg. Eg

tenkjer ikkje mykje over kven som er

rektor, eigentleg.

SIGRUN KÅSA (21), STUDERER

GRUNNSKULELÆRER PÅ UIA

– Eg trur det er viktig at studentane

har noko å seia, så eg trur det beste er

å velja demokratisk med eit val. Då har

me studentar ei stemme. Men eigentleg

tenkjer eg så mykje over kven som er

rektor, og eg har ikkje snøring på kven

som er rektor på UiA no.

Noverande rektorperiode ved UiA vert avslutta 1. august 2019, noko som inneber at

universitetsstyret allereie har byrja å ta stilling til om rektor framleis skal utpeikast ved

val, eller tilsettast av universitetsstyret.

Avgjersla om rektor skal tilsettast eller verta vald kan seinast takast under septembermøtet,

som vert halde 12. september 2018. Ei slik avgjersle vil medføra tydelege skilnader

ved ansvarsfordelinga i leiinga på UiA, ettersom vald rektor og tilsett rektor har

ulike fullmakter og ansvarsområder.

STYRINGSFORMENE

Ein vald rektor vil seie ein rektor som er vald på premissar som studentar og tilsette kan

vera med på å bestemma. Ved vald rektor sit rektor i styret, og representerer demokratiet

som ein leiar, medan det vert tilsett ein administrerande direktør (universitetsdirektør)

som skal vera sekretær for styret, og som i samråd med rektor kan gjeva tilråding i saker

som vert lagt fram. Dette kallar ein ei todelt leiing, der rektor har fullmakt til å avgjera

saker som ikkje kan utsettast til styret kan koma saman. Når rektor er tilsett er rektor sekretær

for styret, og stillinga som administrerande direktør fell bort. Ein kallar dette for

ei einheitleg leiing. Leiar av styret vert utpeikt av departementet, og ein kan difor seie at

rektor vert ein ekstern leiar.

NOKRE ARGUMENT

Dersom rektor vert tilsett vert det også eit eksternt rekrutteringsgrunnlag, som kan vera

med på å sikra eit breiare rekrutteringsgrunnlag og ein grundigare rekrutteringsprosess,

samt sikra ei profesjonalisering av leiinga. Nokre bekymringar rundt ei einheitleg leiing

er blant anna at rektorkandidatane må vinna ein popularitetskonkurranse for å få rektorstillinga,

og at det stort sett er internt tilsette som melder seg som kandidatar. Får UiA

dermed dei beste kandidatane?

På den andre sida vert lojaliteten i større grad retta mot universitetssamfunnet ved vald

rektor, då universitetssamfunnet deltek i vurderinga av kandidatane. Dette er nokre av

argumenta som er lyfta fram i drøftingsnotatet om styringsforma ved UiA.

Leiar av Studentorganisasjonen i Agder (STA), Benedicte Nordlie, har mange tankar om

denne debatten, og meiner at eit hovudargument for å halda fram med vald rektor i staden

for tilsett, er at ein ved val også kan bidra til å sikra universitetsdemokratiet;

– Me ynskjer at alle skal få ein sjølvstendig rett til å bestemma kven dei meiner er eigna

til å styra universitetet vårt vidare, og kva retning universitetet skal ta. Når ein går frå

vald til tilsett rektor kan prinsippa om eit universitetsdemokrati verta svekka, då det ikkje

lengre er opp til kvar enkelt kven dei ynskjer som sin øvste leiar. Den som sit på toppen

skal ha tillit nedover i organisasjonen, og for å sikra dette meiner me at medbestemmelse

til kvar enkelt er vegen å gå.

Somme uroar seg for at det fort kan koma kjensler av press og stress for ein vald rektor

på å gjennomføra kjernesakene den har vorte vald for, og at desse sakene vil oftare verta

prioritert enn andre viktige saker som dukkar opp. Andre meiner likevel at rektor i større

grad får moglegheiter til strategisk leiing og planlegging ved ei todelt leiing, då det daglege

administrative ansvaret er lagt til universitetsdirektøren.

SEPTEMBERMØTE

Under Eilerts salong i mai i vår vart det presentert synspunkt frå akademia og næringslivet

om rektor på UiA skal tilsettast eller veljast, der dei som uttalte seg i størst grad viste

tendens til at dei ynskjer vald rektor. Det er få i universitetsstyret som ynskjer å uttala seg

om korleis valet ser ut til no, men seier dei er spente på den endelege avgjersla som vil

takast under septembermøtet 12. september.

SEPTEMBER 2018 UNIKUM NR 7 25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!