03.01.2023 Views

Bibelgaven 1/2023

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid. Tema: Bibeldagen 2023 - Bibler til Egypt

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid.
Tema: Bibeldagen 2023 - Bibler til Egypt

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

BIBELGAVEN I EGYPT

TEKST: BJØRN HÅKON HOVDE I FOTO: DET EGYPTISKE BIBELSELSKAP / DAG KJÆR SMEMO

Fader Samaan

For nesten 40 år

sidan var det ein

mann som brydde

seg om zabbaleenarane,

eller søppelfolket.

Han heitte

Samaan.

– Gud bad meg kysse

hendene deira og

sette sko på føtene

deira, seier han.

Gud kom til søppelbyen

Gud høyrde ropa frå eit samfunn av forakta og avviste menneske,

dei som står nedst på rangstigen i det egyptiske samfunnet.

Zabbaleenarane, eller «søppelfolket» bur i bydelen Mokkatam, 20

minutt med bil frå sentrum av den egyptiske hovudstaden Kairo.

Kvar morgon ved soloppgang forlèt over

7000 søppelsamlarar Mokkatam med

hestevogner eller i små lastebilar. Dei dreg

inn til Kairo, der dei samlar saman over

13 000 tonn avfall frå nesten 17 millionar

innbyggarar. Avfallet tek dei med seg heim,

- der kvinner og barn sorterer søppelet i

haugar med organisk og uorganisk avfall.

Organisk søppel blir brukt til å mate husdyra

som streifar rundt i gatene.

Det var ei tid då det verka som om livet

stod stille for søppelfolket. Ingen brydde

seg om dei, dei var utstøytte og rekna som

ureine, fordi dei handterte avfall og levde

mellom grisar.

Fader Samaan

Men så, for nesten førti år sidan, var det ein

mann som brydde seg – fader Samaan.

– Då eg først kom til søppelbyen, og stod

ved inngangen til den første gata, såg eg at

alle heimane var laga av teltduk. Folka

hadde ikkje stolar å sitte på. Dei sat på

papp på bakken. Det var ikkje opparbeidde

vegar, ikkje straum eller vatn. Stanken frå

dei daude dyra var frykteleg. Området var

ikkje eigna for menneske. Likevel blei eg

eigentleg ikkje så påverka av alt dette. Det

som verkeleg gjorde inntrykk på meg, var

vissa om at alle desse menneska trong

Kristi nåde. Det andre spelte mindre rolle,

seier han.

10 Bibelgaven I nummer 1 I 2023

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!