03.01.2023 Views

Bibelgaven 1/2023

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid. Tema: Bibeldagen 2023 - Bibler til Egypt

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid.
Tema: Bibeldagen 2023 - Bibler til Egypt

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Bibelselskapet er avhengig av støtte frå

bibelvener i andre land for å møte behova til

dei fattigaste kyrkjelydane, seier generalsekretæren.

Bokmesser

Bokmessene gir Bibelselskapet høve til å

selje Bibelen til folk som aldri ville gått inn i

ei kyrkje eller ein kristen bokhandel. Den

internasjonale bokmessa i Kairo er på den

måten ei viktig opning til eit nytt publikum:

Det kjem, kvart einaste år, både kristne og

muslimar til Bibelselskapets stand. Nokre

kjem fordi dei er på jakt etter ressursmateriell

for å samanlikne religionar, andre

ønsker å kjøpe ein studiebibel.

– Nokre er audmjuke, mens andre kan vere

aggressive og konfronterande. Dei aller

fleste har likevel alvorlege og oppriktige

spørsmål om Bibelen og bibeltekstane,

fortel generalsekretæren.

Ny studiebibel

Sidan 2002 har Bibelselskapet jobba med å

lage ei arabisk studieutgåve til van Dykeomsetjinga

av Bibelen, verdas mest brukte

arabiske bibel. Eit stort team av bidragsytarar

og redaktørar har delteke, og representantar

for alle kyrkjesamfunna i Egypt

har gitt respons undervegs i arbeidet.

– I mai 2022 kunne vi ta imot dei første

trykte eksemplara av Studiebibelen. Heile

4000 eksemplar blei selde dei to første

vekene, og resten av opplaget blei rive bort

på den internasjonale bokmessa i Kairo i

juni, fortel generalsekretæren.

Overhovudet for Den koptisk-ortodokse

kyrkja, pave Tawadros II, har støtta arbeidet

med studieutgåva. I juni 2022 fekk han

overrekt den nyleg lanserte van Dykestudiebibelen.

«Det er eit velsigna arbeid som er blitt gjort.

Eg oppmodar alle, spesielt teologar, prestar

og pastorar i kyrkjene, men også andre

menneske i kyrkjeleg teneste og kristne

huslydar, til å skaffe seg denne boka,»

uttalte paven ved overrekkinga.

Bibelselskapet har no starta på eit nytt prosjekt,

Den egyptisk-arabiske bibel, som er

skrive på eit språk som ligg nært egyptisk

daglegtale. Denne Bibelen vil gjere det

mogleg for millionar av egyptarar å lese

Guds ord på morsmålet sitt – for første

gong.

«Eg takkar Bibelselskapet

i Egypt for

arbeidet dei har gjort

med Studiebibelen.

Boka inneheld historiske,

geografiske og

språklege forklaringar

og mykja anna bakgrunnsinformasjon

som

hjelper lesaren til å forstå

bibeltekstane. Dette

er ei bok som fokuserer

på opphavet og bakgrunnen

for orda, og gir

ei forklaring på dei.»

Pave Tawadros II

Be for Egypt

Be om at Gud vil verne dei kristne i Egypt

og styrke dei i trua. Be om at Bibelselskapet

kan vere eit lys i det egyptiske

samfunnet. • nummer 1 I 2023I Bibelgaven 7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!