03.01.2023 Views

Bibelgaven 1/2023

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid. Tema: Bibeldagen 2023 - Bibler til Egypt

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid.
Tema: Bibeldagen 2023 - Bibler til Egypt

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

BIBELGAVEN I AFRIKA

TEKST: KONSTANSE RAEN I FOTO: DEI SAMEINTE BIBELSELSKAPA/DEN UNGE SAMARITAN-PROSJEKTET

«Den unge samaritanen»,

eller «Young Samaritan» er

eit livsmeistringsprogram

for ungdommar i Afrika.

Programmet bruker forteljingar

frå Bibelen til å

styrkje kunnskapen og

haldningane ungdommane

har om viktige tema som

utdanning og karriere,

kjønnsbasert vald, og

reproduktiv helse.

Bibelselskapets veteran i Afrika, Konstanse Raen, omgiven av skodespelarane (f.v): Miriam (Mercy Maliki), Sam (Lewis

Leshan), Simon (Raymond Ofula).

Miriam og Samuel

Ein ny film, Miriam og Sam, blir no lansert i regi av Dei sameinte bibelselskapa

(UBS) i Afrika. Filmen er finansiert av Det Norske Bibelselskap

med støtte frå Digni.

I kontrast til klasseromsundervisning

mange stader

i Afrika, er dette opplegget

basert på deltaking,

leik, rollespel og opne

diskusjon der ungdommane

får snakke og bli

høyrt.

Med filmen Miriam og Sam

vil programmet få ein ny,

spanande og engasjerande

ressurs som bibelselskapa

og lokale kyrkjer

kan bruke blant ungdommane.

22 Bibelgaven I nummer 1 I 2023

Miriam og Sam er ein ny og etterlengta

komponent til det populære ungdomsprogrammet

«Young Samaritan», som er eit

opplegg for unge i alderen 12–19 år. Eit ressurshefte

med tittelen «My Journey of life»

er allereie prøvd ut med suksess i fleire

land, og i meir enn 15 land ventar dei

spente på filmen og vidare opplegg.

«Dette heftet talar om meg,» sa ein 12 år

gamal gut i Zambia då han jobba med heftet.

Materiellet er utarbeidd med mål om å

hjelpe unge menneske til å legge realistiske

planar for framtida og sjølv ta ansvar

for sine liv som vaksne. Viktige tema som at

«du er verdifull», respekt og grensesetting,

seksualitet, gruppepress, menneskerettar

og miljø, utdanning og risiko for radikalisering

blir tekne opp – alt forankra i eit kristent

verdigrunnlag.

Filmen om Miriam og Sam tek opp dei same

tema som i heftet, men no presentert i ei

spanande forteljing i dramatisert form.

Hovudpersonane på 15 år kjem frå totalt

forskjellig bakgrunn. Guten Sam veks opp i

fattigdom i slummen. Han er medlem av ein

gjeng som driv med småkriminalitet og dermed

lett kan bli bytte for radikalisering.

Miriam veks opp ein trygg middelklassefamilie

utan bekymring for det daglege, så

ho er mest opptatt av seg sjølv og sine interesser

som er media, popmusikk og sport.

Ho er i opposisjon til det meste, og føler at

ingen forstår henne. Men livet får brått ei ny

vending: Ein dag blir ho vitne til at mobben

jaktar på ein gut (Sam) for å drepe han.

Spontant opnar ho porten og reddar guten.

Dermed møtest to unge med totalt ulik bakgrunn

og utsikter. Det gir anledning til å ta

opp mange aktuelle problemstillingar som

unge i Afrika i dag kjenner på kroppen og

som kan diskuterast etter at filmen er vist.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!