18.09.2022 Views

Unikum 07 September web

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

OPPSKRIFT KULTUR

Lapskaus med

byggryn og pølse

Ingrid N. Krossbakken

Skribent

No om hausten er dei norske rotgrønsakene i sesong og smakar ekstra godt i ein lapskas.

Lapskaus er enkelt å lage samt gjev mykje mat for pengane. Denne oppskrifta er

stor og ein treng ein stor kjele (ca. 5-6L), dersom du ikkje har dette kan du godt halvere

oppskrifta så det får plass i ein mindre kjele.

Ingrediensar:

4 gulrøter

½ kålrot

2 persillerøter

5 poteter

1 purre

4 kjøttpølser

50g byggryn

Slik gjer du:

1. Start med å kutte alle grønsakene og pølsene i passe store bitar.

2. Ha alle grønsakene i ein kjele og steik dei i olje eller smør i 5 min.

3. Tilsett vatn og buljongterningane og kok opp, for så å skru

ned til middels låg varme. La det koke i ca. 45 min.

4. Når det er 20 min igjen av koketida tilsett du byggryna og pølsene.

5. Sjekk om grønsakene er møre

6. Server med flatbrød og nyt!

2 kjøttbuljongterningar

1 ½ L vatn

Tips:

Sidan dette er ein stor oppskrift kan det vere fint å fryse ned restane dersom ein

ikkje vil ha lapskaus fleire dagar på rad.

Foto: Ingrid N. Krossbakken

SEPTEMBER 2022 UNIKUM NR 7 33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!