22.07.2013 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Organisasjonsnytt

Takk for ei lærerik og triveleg helg

i Bergen til alle som var med på

konferansen ”Frå Skogeigar til stavkyrkje”

og på årsmøtet. Tilbakemeldingane

på arrangementet er svært

gode og det er tydelig av vi som

organisasjon har sett fokus på eit

viktig tema. Vi har sett mål av oss

til å følgje opp nokon av konklusjonane

på konferansen og material

til restaureringsformål vil bli eit

viktig tema både i Sagbladet og på

www.sag.no i tida framover.

Endringar i organisasjonen:

• Administrasjonen: Gunnhild Sindre

som var tilsett på kontoret i 40%

stilling i 2009 har valt å slutte i si

stilling. Ho skal fortsette å arbeide

som frilance-journalist og vil kunne

leigast inn til enkelte oppdrag også

i framtida.

• Styret: Det vart lite endringar i

styresamansetninga etter årsmøte.

Per Arne Jostad som har vore vararepresentant

for styret valde å takke

for seg, men elles blir heile styret

sitjande. Dette er bra for kontinuiteten

i foreininga.

Arbeidsplan for 2010

Kurs min. 11 stk.

Vi har gjennom vårt kompetanseprogram

fått støtte til 11 kurs frå

Innovasjon Norge. Difor har vi sett

opp at vi minimum ønskjer å arrangere

dette. Det er ingen ting i

vegen for at vi kan arrangere fleire

dersom vi ser at det er behov for

det. Vi vil oppmode alle medlemmane

om å rapportere inn behov for

kurs/kompetanse så fort som mogleg,

slik at vi får dette inn i våre planar

for året.

4

Produksjon av 6 utgåver av

Sagbladet.

Vårt medlemsblad er populært både

blant medlemmar og andre. Dette

er ein av våre grunnpilarar og vil

bli høgt prioritert også gjennom

2010. Vi legg opp til like mange

utgåver som tidlegare.

Årsmøte og fagdag februar

2011 i Sør-Trøndelag.

Under årsmøtet la styret fram forslag

om å plassere årsmøtet i 2011

i Sør-Trøndelag og under årsmøtet

vart det bestemt at dette skulle leggast

til Røros. Administrasjonen er

allereie i gong med å få inn tilbod

frå hotella. Dato er enno ikkje fastsett,

men det blir ei av dei 2 første

helgane i februar.

Marknadsføring av www.sag.no.

Vi har fått ei god nettside etter kvart

og vi ønskjer å profilere oss betre

gjennom den. Denne bør difor gjerast

kjent gjennom marknadsføring.

Spesielt bør arkitektar og designarar

vite at vi finns. Det er her beslutningane

om materialvalg blir tatt.

Annonsering og registering av epost

adresser til arkitektar bør prioriterast.

Utvikling av nye kurs.

Foreininga ønskjer å utvikle nye kurs

etter dei behov medlemmane har

for kompetanseheving. I 2009 hadde

vi datakurs og juridisk kurs som nye

tilbod. Dette året håpar vi å satse

på tema som materialkvalitet og

restaureringsvirke, for å få opp kompetansen

på både våre medlemmar,

råstoffleverandørar og på kjøparane.

Vi skal også arrangere kurs i verktøyhold

og sliping. Vi skal sjølvsagt

køyre våre tradisjonelle kurs rundt

Ledende leverandør av sagbruksmaskiner!

Telf. 62 82 15 55

Fax. 62 82 15 50

e-post: info@se-saws.no

www.se-saws.no

Forum for norske bygdesager

om i landet som før. Følg med på

kursplanen både her i bladet og på

nettsida.

Forskikringsavtale med

Skogbrand.

Styret og dagleg leiar vil prioritere

dette arbeidet høgt i 2010 og håpar

å kunne gi medlemmane tilbod

om ei forsikringsavtale i løpet av

hausten.

Starte arbeidet med revisjon

av strategisk plan.

Foreininga utarbeidde strategisk

plan for bygdesagforeininga i 2006.

Den er klar for revisjon og styret vil

starte dette arbeidet som vil bli

presentert på neste årsmøtet.

Studietur.

På årsmøtet i 2009 kom det fram

ønskje om at foreininga skulle arrangere

ein studietur til Tyskland,

Austerrike eller Sveits. Vi vil prøve

å få dette til i løpet av året, men

planlegginga er ikkje i gang enno.

Følg med i Sagbladet om framdrift.

Delta på Dyrsku’n i Seljord.

Vi satser på eit nytt år med deltaking

på Dyrsku-utstillinga i Seljord. Vi må

arbeide for å få til ein endå betre

stand enn i fjor og evt. eit tettare

samarbeid med AT-skog. Som i fjor

blir dette berre ein stand for sjølve

foreininga der vi ikkje profilerer

enkeltmedlemmar. Vi vil gjerne ha

ulike produkt på utstillinga, som

formidlar det store spekteret i produkt

som vi representerar. Har du

unike produkt som du meinar vi bør

ha med i utstillinga og som ikkje er

for kostbare å få på plass, ta gjerne

kontakt. Gjer merksam på at vi ikkje

har mange kvadratmeter tilgjengelig.

Datofesta kurs våren 2010

• Datakurs: 2, 16, 25. Mars, Nord-

Trøndelag.

• Tørkekurs: 12.- 13. Mars, Hedmark

(Løten).

• Drift av sagbruk: 16. -17. April,

Hordaland.

• Verktøy- og bladstell: 19. Mars,

Hedmark (Stange/Løten).

• Panelsortering i Rogaland: 8. Mai,

Rogaland.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!