28.07.2013 Views

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

”Dersom ein informasjonsbit blir forstått, definert, signalisert og klassifisert i kommunen som kjent i høve

til tidlegare hendingar og situasjonar, vil andre ordens læring vere ei endring i handlingsmodellane som

skal nyttast i slike kjende situasjonar. Om situasjonar er kjende eller ikkje, vert avgjort både av

organisasjonsstrukturar og defineringsprosessar. … Læring av andre orden handlar om å endre haldningar

innanfor kjende situasjonar og attkjennelege sakstypar.

(Glosvik 2000:51)

Kjenner vi att kontekstmerker frå tidlegare, veit vi korleis vi skal handle: Likt (første ordens

læring) eller (om erfaringane ikkje var heilt heldige) på ein annan måte (andre ordens læring).

Tredje ordens læring (eller læring på nivå II) definerer Bateson som endring i

læringsprosessar på nivå I. Det handlar om endring i måten ein ser verda på. Endringane

omfattar måten ein ser straumen av hendingar vert redigert på og tolka inn i samanhengar og

om oppfatningar om korleis ting heng saman (ibid).

Dette på som eit nyttig analyseverktøy for å sjå kva som går føre seg når skulen i

utgangspunktet mitt møtest for å skape læring.

3.3 Meining, symbol og rolle

Så langt har eg argumentert for at deltakarane ei ein sosial situasjon nytter rammer og

kontekstmerker for å forstå kva som skjer. Dei forhandlar om meining. Men kva er meining?

Goffman byggjer på Mead si forståing av meiningsdanning. I det følgjande sitatet frå Mead

vert omgrepet definert:

”Mening uppstår och ligger i förhållandet mellan gesten hos en given mänsklig organism och det

efterfölgjande beteendet hos denna organism som dette antyds för en annan mänsklig organism genom den

gesten. Om gesten på så sätt för en annan organism viser hän mot det efterfölgjande (eller resulterande)

beteende hos en given organism, då har den mening” (Mead 1976:72).

Mead fornekta behaviourismen si overføring av stimulus-responsmodellen på menneskeleg

åtferd, og dette vart viktig for Goffman. Vi tolkar situasjonar gjennom å tillegge personar og

objekt meining. Eit symbol definerer objektet eller hendinga, og viser ein måte å respondere

på. Symbolet står med andre ord ikkje berre for eit objekt eller ei hending. Ein ”lærar” er ikkje

berre ein kategori menneske. Det indikerer også visse handlingsmønster vis a vis ”elevar”,

”foreldre” eller ”skuleleiing”. Ein ser også ei kopling til det fysiske miljøet; til ”skulen”. Utan

slike symbol ville samhandling vore umogeleg, og det ville ikkje eksistere noko samfunn.

Språket utgjer viktigaste symbolsystemet.

Lars Qvortrup viser til Luhman når han drøftar ”meining” i eit samfunn (2001:54). Meining

kan sjåast ut i frå tre dimensjonar:

”ein saksdimensjon (”meining” som å skilje mellom ulike oppfatningar av verkelegheit), ein

tidsdimensjon (”meining” som å skilje mellom fortid og notid) og ein sosialdimensjon (”meining” som å

skilje mellom oss og andre).

Dette er i følgje Qvortrup eit samfunn sitt ”grunnsemantikk”.

Eit viktig punkt for meg er at kvalitetsarbeid kan ofte fungere som rituelle aktivitetar, utan

ein nyskapande eller lærande funksjon. Symbola er viktige i meiningsdanninga, og rituelle

aktivitetar er ein del av meiningsdanninga. Planar for utvikling ved skular er viktige element i

kvalitetsarbeidet. Utviklingsplanen ved ein skule er ein reiskap, med føringar på kva som er

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!