28.07.2013 Views

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

målsetjing og tiltak, og kven som er aktørane. Men planen kan også ha ein annan funksjon,

nemleg eit dokument som inneheld orda for kva som skal vere kvalitetskjenneteikn for skulen.

Den kan tolkast som ein indikasjon for god kvalitet, og signaliserer at organisasjonen har

strukturerte og målretta aktivitetar. Planen kan fungere som symbol for ein skule som arbeider

planmessig, ein skule som både internt og ekstern ønskjer å stå fram som moderne og

velfungerande. I dette ligg det også eit kritisk perspektiv på at omgrepa i planen er tomme, at

dei ikkje treng å vere meiningsfulle for aktørane i kvardagen.

4. Goffman i analyse av kvalitetsarbeid

Det overordna spørsmålet mitt er korleis kan Goffman si rammeanalyse vere eit teorigrunnlag

for forståing av samhandlingsprosessane eg skal studere. I essayet har eg gjort greie for ulike

teoretiske føresetnadar for Goffman sin rammeanalyse, omgrep som han nyttar, samtidig som

eg ser etter konkretisering gjennom kvalitetsarbeid i norsk skule.

Interaksjonen og forhandlingane om ulike måtar å forstå kva som er verkeleg skjer i

situasjonar der aktørane har ulike roller, enten det er som elevar, lærarar eller skuleleiing eller

som skuleeigar. I vurderingsarbeid kan vi identifisere nokre situasjonar som kan vere

vendepunkt i utviklinga av felles forståing. Elevsamtalar, foreldresamtalar og møte i

lærarkollegiet med utviklingsarbeid som tema, er alle aktivitetar som kan samanliknast med

Thomassen sine institusjonaliserte samtalar. Det er døme på situasjonar der forståing av

kvalitet blir forhandla om. I desse situasjonane forhandlar aktørane om korleis dei skal forstå

kommunikasjonen seg i mellom, kva for kommunikativ verksemd dei er i. Når situasjonane er

nytta til tolking av data i vurderingsarbeid, er det rimeleg å tru at det finn det stad ei lang

rekke avklaringar mellom aktørane både i start- og avslutningsfasen i dei fokuserte

hendingane. Kva er tema, kva skal vi samtale om, kva ord nyttar vi for ulike sider ved læring

og kvalitet.

Legg eg Goffman sin teori til grunn i arbeidet mitt vil nivåforskjellane mellom det heilt

konkrete til det overordna og abstrakte vere ei utfordring. Eg skal fokusere på aktivitet her og

no – det som ein kan observere. Men målet er å få tak i alle rammene aktørane nyttar for

forståing. Desse er på ulike nivå: meta og meta-meta-nivå, og har ulike kjennemerker. Skulen

som ønskjer å skape kultur for læring i kvalitetsarbeidet, må ha aktivitet der dei dekker alle

nivåa. Spørsmålet er korleis ein gjennomforsking kan forstå det.

Eg kan ikkje gjennomføre analyser på alle relevante aktivitetane på ein skule. I studien vel eg

ut organiserte og strukturerte møte, som årlege møte med gjennomgang av data frå

Elevundersøkinga eller dei strukturert elevsamtalane skulen er pålagt å gjennomføre.

Eit viktig perspektiv for meg er korleis Goffman kan nyttast til å sjå det kollektive i det

rituelle. Eg meiner det er nyttig å sjå vurderingsaktivitetar som rituell aktivitet, også som ei

motvekt mot einsidig å analysere kvalitetsarbeid som målretta tiltak. Evalueringar vert ofte

framstilt som ein måte organisasjonar skal få tilbakemeldingar frå omgjevnadane (til dømes

brukarar, klientar, pasientar) på, og at dei skal vere responsive i forhold til signala dei får. Eit

anna stort spørsmål er kvifor denne førestillinga lever når ein veit både frå organisasjonsteori

og frå praktiske røynsler at offentlege organisasjonar som regel svært langsamt og berre svært

gradvis let seg endre. Sentrale evalueringsforskarar i Europa og USA finn sjeldan

evalueringar med instrumentell bruk av resultata, evalueringane vert sjeldan nytta i samsvar

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!