28.07.2013 Views

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

elevsamtale minst to gonger i året, likeeins skal ein gjennomføre foreldresamtalar. Leiinga

ved skular som deltek i undersøkinga mi legg også føringar på korleis lærarar skal bruke tid

på kvalitetsarbeid i direkte samspel med elevar og foreldre. Som leiar signaliserer rektorar ei

sterk forventing om at lærarar skal ha samtale med elevar og foreldre om resultat i dei ulike

undersøkingane. Aktivitetane er pålagde og repeterande, og har ei form som dei ulike

deltakarane kjenner igjen. Likevel vil det i all samhandling gå føre seg ei forhandling om kva

dei skal gjennomføre, og kva slags roller dei har i forhold til kvarandre (Goffman: What’s

going on?).

Det nye nasjonale kvalitetssystemet gjev retningsliner for nokre obligatoriske aktivitetar som

inngår i kvalitetsarbeid på kvar skule. Dette vil vere ei ramme som legg føringar på korleis

aktørane forstår dei fokuserte hendingane, men i lag på lag innanfor dette vil vi finne ulike

forståingar av føringane. Det vil handle om korleis ein forstår elev, foreldre og lærar-rolla.

Nokre av rammene vil handle om korleis ein forstår sjølve omgrepa knytt til læring: Kva er

effektiv læring? Kva er viktig å lære? Retningslinene for kvalitetsarbeid peikar på aktørar

som skal delta (både elevar, lærarar, skuleleiing og –eigar og foreldre ), og ulike planverk

styrer kva innhaldet i læringa skal vere. I vid forstand er også lokalsamfunn som heilskap

definert inn som ein aktør, i og med at eit viktig statleg mål for vurderingsarbeid er at

samfunnet skal ha innsyn i læringsaktivitetar på skular.

2.2 Kvalitetsarbeid i norsk skule: ei fokusert hending

Ein skule si tilnærming til kvalitetsarbeid

Utgangspunktet er henta frå ein skule som har arbeidd systematisk med kvalitet, og som

gjennom mange år har etablert eit system for dette. Eg tar utganspunkt i data frå

intervjumaterialet mitt som er del av forundersøkinga til doktorgradsarbeidet, der

informantane er rektorar ved dei utvalde skulane. I intervjuet er informantane bedne om å

fortelje om korleis kvalitetsarbeidet deira fungerer, og kva som er viktigaste verdiane for dei i

kvalitetstenking. Rektoren som deltek legg vekt på å beskrive korleis dei prøver å skape ein

kultur for læring.

”Vi har ei metode for evaluering som læring, både i kollegiet og i andre samanhengar. Vi driv vurdering

som ein læringsprosess i kollegiet. Det første ein må spørje seg er kva ein lærer av. Lærer ein av å leite

etter suksess eller å leite etter problem? Det er ein grunnleggande idé i alt vi gjer at ingen får lov til å

melde eit problem før dei har funne ein suksess. Medvite rundt det skapar kultur for læring, det blir kjekt å

holde på med det. Vi veit at vi ikkje blir tromma saman for at vi skal leite etter eit jækla problem som vi

sikkert må gjere noko med. Kvar gong vi møtest skal vi lære noko, og vi skal stadfeste at det er ting vi får

til.” Rektor, grunnskule 2004

Sitatet viser mange sider eg meiner er sentrale i kvalitetsarbeid. Først og fremst er dette ein

organisasjon som er oppteken av at aktivitetane skal føre til kollektiv læring, og forbetring

som ei følgje av det.

Dette inkluderer avklaring av spørsmål som

• Kva er oppgåvene i akkurat denne konteksten (dette møtet/diskusjonen)?

• Kva er forventingane deira?

• Korleis skape gjensidig tillit?

6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!