31.08.2013 Views

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

NINA Rapport 412

Figur 3. Utbreiing og førekomst av lavhaldige rabbar på Hardangervidda og tangane etter berekna

lavbiomasse. Mørk grøn farge viser områder med mest biomasse (Strand et al. 2008)

Beitetaksering i 1997 (Sporan 1998), antyda at dei to tangeområda har noko ulikt

vinterbeitepotensiale. Lufsjåtangen vart vurdert til å ha mindre andel med lavrabbar

enn Dagalifjell, og høgst andel med rabbar var det her i området frå vegen ved Gavelen

til opp mot Borgsjåbrotet. Men frå der og austover Lufsjåtangen var det lite

rabbar – moglegvis så lite som 5-10% av det totale arealet. Her var stor lavbiomasse,

men Sporan (1998) vurderte den til å vere mindre tilgjengeleg. Dagalifjell er

prega av meir småkupert terreng enn Lufsjåtangen, og har såleis meir avblåste og

tilgjengelege lavrabbar (figur 4). Studiar på Dovrefjell viser at terrenget sin overflatestruktur

har innverknad på reinen sin tilgang til lavbeita om vinteren (Nellemann

1996, 1997). Det var og meir gulskinn (veks der det er tunt snødekke) i beiteprøvene

frå Dagalifjell enn frå Lufsjåtangen, noko som bekreftar inntrykket om størst vinterbeitepotensiale

på Dagalifjell. Resultata frå Gaare og Hansson (1989) sine flytakseringar

styrkar også dette inntrykket, likeså nyare kartlegging av beite her

(Strand m.fl. 2008).

Lavbeita sin tilstand er eit sentralt forvaltningsmål i mange av villreinområda, også

på Hardangervidda. Som følgje av overbeitingsperiodane på 1960- og 1980-talet

har ein arbeidd systematisk i bestandsforvaltinga for å bygge opp att beitekvaliteten

(biomassen i vinterbeitene). Strand m.fl. (2006) gjorde difor ein analyse av tilgjengelege

takseringsdata som var samla inn i samband med ulike granskings- og

overvakingsprosjekt (Tveitnes 1980, Gaare & Hansson 1989, Gaare & Tømmervik

2004). Desse analysane viste ein generell trend der kvaliteten på lavbeita verka å

ha auka, men også at denne auken var langt større i ytterkantane av villreinområdet,

og med betydeleg svakare tilvekst i dei sentrale delane av Hardangervidda

(Strand m.fl. 2006). Strand m.fl. (2006) ville å gå djupare inn i denne problematikken

og utvikla difor ein metode for å estimere mengda beitelav basert på satelittbi-

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!