31.08.2013 Views

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NINA Rapport 412

tale på denne tida, og beitekonsulent Aksel Tveitnes vart hyra inn for å vurdera beita

i Sørkjeområdet (Blefjell) og Dagalitangen. Sistnemnte område fekk høg karakter,

da Tveitnes meinte at vinterbeitepotensialet her var tilstrekkeleg for tiår frametter,

for OR sin flokk (med dei siste åras dyretal). OR forvaltar framleis betydelege

fjellareal, der dei leiger ut hytter og jakt.

Stølsdrift

Store delar av lågareliggande fjellareal har etter jordbruket sitt inntog i Sør-Noreg

vore nytta til beite for bufe. Både kystbygdene og innlandsbygdene har ei lang historie

når det gjeld fjellbeiting (figur 9). Slik beiting er og gjerne knytt til støl og

stølsdrift (sesongbustad knytt til ein gard i skogen eller i fjellnære strok). Hirsch et

al. (1911) meiner at ein i den eldste jordbrukstida ikkje hadde trong for stølsdrift, da

bygdene var tunt befolka og det var nok sommarhamn kring gardane. Men stølsdrifta

er nok svært gamal både på Austlandet og Vestlandet.

Stølsdrift ved Stegaros i gamle dagar

På Austvidda var det som i innlandet elles, ofte 2 typar stølar; den eine var heimstølar

som gjerne låg i lågareliggande lier nær garden. Desse var fyrst og fremst

nytta vår og haust. Den andre var fjellstølane, eller langstølane, som låg inne på

sjølve fjellet og var nytta på høgsommaren. Dette er og ein svært gamal brukstradisjon,

noko eit skinnbrev frå 14 mai 1474 tyder på. Det viser eit forlik/avtale om

stølen Imingen i Uvdal (Hirsch m.fl. 1911). I perioden 1760-1820 var det ein nok

betydeleg etablering/auke i talet på stølar kring Austvidda, mellom anna fordi folketalet

på bygdene auka i denne perioden. Hirsch m.fl. (1911) meiner at stølar som

Ulveliberget, Geitebu, Krækjehalsseter, Monsbuseter m.fl vart bygd i denne perioden.

I perioden 1840-1860 var det ifylgje same kjelde ein nedgang i stølsbruket i

fjellet. Men fyrst på 1900-talet ser det ut til at det tek seg opp att, og i landbruksteljingane

i 1907 syner at det var eit stort tal setrar i dei austre bygdene på og ikring

fjelltangane på Hardangervidda. Såleis var det i Uvdal registrert 138 aktive stølar, i

24

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!