31.08.2013 Views

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

43

NINA Rapport 412

beitetilgongen for dyra. I og med at snødjupne har ein vesentleg effekt i modellane

som vart utvikla for GPS-datasettet på Hardangervidda, har vi likevel klart å dokumentere

effekten av snømengda på reinen sin arealbruk.

Vi har i denne rapporten berekna utbreiinga av rabbar som inneheld beitelav både

på tangane og på meir sentrale delar av Hardangervidda. Tilsvarande berekningar

er også gjort tidlegare av Gaare & Hansson (1989), Skogland (1994) og av Gaare

& Tømmervik (2004). I sum antyder desse berekningane at noko slikt som 5-10 %

av det totale vinterbeitearealet finns i tangeområda. Effektane av det lokale beitetrykket,

endringar i bestandsstorleiken, betydinga av dei regionale og lokale snøtilhøva

og såleis tilgangen til den ståande biomassen til eikvar tid gjer at den prosentvise

fordelinga av beitearealet er lite relevant når ein skal diskutere eller forstå

den langsiktige verdien av desse områda for villreinbestanden på Hardangervidda.

I estimata for snødjupne dei siste 10 åra ser vi at 2002 var eit år med lite snø og

såleis mykje tilgjengelege vinterbeite. I 2004 var tilhøva anleis og dei austlege områda

hadde mykje meir snø dette året. I denne situasjonen ser vi at ein langt mindre

del av rabbane ligg utanfor 2-metersintervallet og slik sett er ”tilgjengelege” for

reinen. Tometersgrensa for snøestimatet desse åra er vist i figur 28a og 28b. I eit

”snøår” (med meir snø i dei austlege områda) finn vi at ein langt større del av rabbane

og lavbiomassen som ligg utanfor 2 metergrensa finns på austvidda og på

tangeområda.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!