23.09.2013 Views

Fortid nr 4 2008

Fortid nr 4 2008

Fortid nr 4 2008

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

miljøhistorie: andre tekster

klimahistorie

frå den vesle istida

Øyvind Norli, klimaforskar og Dr. philos, UiO

Under Den vesle istida (ca. 1550–ca 1850) dekte breane eit større areal enn nokon gong sidan den siste store nedisinga

av landet. Somme stader var det temmeleg dramatisk då breen la seg over beitemark og til og med hus gjekk

med. Kva var det eigentleg som hende og kva var årsaka? Dette er ikkje heilt lett å svara på, for kjennskap til det norske

klimaet i denne perioden er heller mager. Bruk av gardsdagbøker i klimaforskinga kan gje noko av svaret så langt

denne kjelda går attende i tid, det vil seia til tidleg 1700-tal. Eg viser rekonstruksjonar av temperaturen gjennom tal

og grafiske framstillingar for dermed å gjera informasjonen presis. Vidare viser eg eksempel på kva kaldt klima hadde

å seia for folk som måtte greie seg med det som jorda gav. Dette gjer eg også for å skape interesse mellom historikarar

då eit samarbeid mellom dei to faggreinene kan opne for ny kunnskap om denne perioden.

Gardsdagbøker som historisk kjelde

Også før tvungen opplæring i lesing og skriving var gjennomført

i Noreg i 1739, var norske gardbrukarar i ikkje liten grad i stand

til å lesa og skrive. 1 Somme av dei førde dagbøker der arbeidet på

garden vart notert. Det er mest vanleg å kalle slike skrifter for

bondedagbøker, men eg likar helst å bruke nemninga gardsdagbøker

som er ei meir dekkjande nemning. Rett nok er det så at

dagbøkene oftast er skrivne av bønder på dei største gardane, men

husmenn og småbrukarar kunne føre dagbøker, til dømes Anders

Groven på småbruket Groven i Rissa.

Den mest vanlege, verdslege boka på gardane var almanakken.

Der vart ekstra blad festa mellom dei trykte sidene, slik at det

vart betre rom for noteringar. Dermed var kalender og dagbok eitt

dokument, eit praktisk tidsregister for skribenten og sikkert også

i mange tilfelle for andre på garden. Dagbøkene var til personleg

bruk og var dermed på ingen måte grunnlag for skattlegging. Noteringane

var som regel skrivne svært nær inntil hendingane, som

også er vel daterte. Dermed må gardsdagbøkene reknast for å vera

svært pålitelege kjeldeskrift.

Dei vanlegaste noteringane i gardsdagbøkene gjeld fødsel og død,

arbeidet på garden, prisar på varer og arbeidskraft i form av lønningslister

(for dei store gardane). For klimatologen er informasjon

om starten på skurden viktigast saman med direkte vêropplysningar,

som også er vanlege i bøkene.

Samanhengen mellom sommartemperatur

og starten på skurden

Ved hjelp av informasjonen i gardsdagbøkene er det mogleg å re-

konstruere sommartemperaturen, eller rettare sagt temperaturen

i den tida kornet veks og mognast. Samanhengen byggjer på at

mogningstida for korn er avhengig av temperaturen, di høgare

sommartemperatur di tidlegare skurd. Dette er triviell kunnskap

for kvar ein kornbonde, men nærare gransking av denne samanhengen

gjev heller forbløffande resultat (figur 1).

Det viser seg at samvariasjonen mellom sommartemperaturen

og starttidspunktet på skurden er svært fast og gjev ein korrelasjonskoeffisient

på omkring -0.9, slik som til dømes for garden

Øyrønningen i Trøndelag (figur 1). Tilsvarande resultat får ein

også andre stader når ein brukar ein sesong som er tilpassa vekstsyklusen

for kornet. For fjellbygdene og stader nordafor den 62.

breiddegraden er det sesongen mai – august som er best tilpassa,

men for låglandet sønnafor den breiddegraden er det sesongen

april – august.

Alternativt til metoden med skurddato kan ein bruke direkte vêropplysningar

frå gardsdagbøkene. Ein tolkar då opplysningane

etter ein relativ skala eller indeks. Særleg har ein skala på 7 intervall

vunne innpass. 2 Han går frå -3 til +3 der ekstremt kaldt

vêr blir markert med -3, og ekstremt varmt med +3, medan 0

er det nøytrale. Indekseringa gjer det mogleg å kalibrere skalaen

etter meteorologiske observasjonar. Metoden har vore prøvd

her i landet av Kastellet, 3 Lundstad 4 og av Wishman 5 . Lundstad

kunne vise med grunnlag frå ei gardsdagbok frå Åker nær Hamar

at dei to metodane gav samsvarande resultat, i alle fall over ei

viss tid. Metoden har den føremonnen at han kan brukast året

rundt avhengig av kor ofte dagboka inneheld vêrobservasjonar,

medan ulempa er at det er vanskeleg ved denne metoden åleine å

bestemme trendane i klimaet sikkert.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!