23.09.2013 Views

Fortid nr 4 2008

Fortid nr 4 2008

Fortid nr 4 2008

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

modell i 1811 var nok eit retorisk krumspring,

samstundes som den nok òg var eit utslag av

den patriotiske idésfæren Wergeland var ein

del av. Såleis har ikkje ”Danmark” utspelt si

rolle som handlingssubjekt i 1816 heller, då det

tener som hendig konstruerande negitivering

av den norske nasjonalismen. I Mnemosyne

hadde Wergeland peika ut kongen sin maktposisjon

i politiske vedtak ut i frå pragmatisk

strategi, for å få kongen til å gjennomføra ei

avgjerd. I sin ”sandfærdige Beretning” gjer han

derimot det same for å gi kongen ansvar for

utbyttande avgjerder i den politiske historia.

Der kongekritikken hadde vore latent under

sensuren og materialisert seg gjennom poeng

om fråvêret av avgjerder, er det i dei ytringsfrie

tidene utilslørt. ”Christian den 3dies Forbrydelser

mod Noreg”, peikar Wergeland til dømes

på, ”vare altsaa, at han først gjorde det til en

Provinds, derefter plyndrede det ud, eller med

to Ord Undertrykkelse og Kirkeran.” 11

I forlenginga av dette kan ein peika på at Wer-

gelands omgrepsskifte er ein overgong frå

omtalinga av kongen som passiv aktør som

ikkje har utført moralske plikter, til ein aktiv aktør

som har utført umoralske handlingar. ”Man

finder (...) under alle (...) Konger,” skriv Wergeland

i 1816, ”Prøver paa den største Partiskhed

for Danmark, og en uforsvarlig og fornærmelig

Tilsidesættelse af Norges særegne Vel og interesse”.

12 Wergeland gjer eit poeng av korleis

kongen undertrykte norske politiske organ som

ein styringsmekanisme og gjorde avgjerder

som ikkje berre var imot norske interesser, men

direkte fornærmelige overfor den norske folkeånda.

Kongen blir såleis det direkte opphavet

til den danske brotsverksaktiviteten overfor

Noreg.

Nicolai Wergelands ”sandfærdige Beretning” er

eit ypperleg døme på tendensiøs historielesing.

”Vi have gjennemgaaet Krøniken, og der fundet

Beviser nok, at Norge, gjennem Seklernes

Række fonærmet af Danmark, har intet vundet

men tabt alt ved dette Rige,” konkluderer han. 13

Sjølv om ordlyden tidvis er hard i hans verk frå

1816, er ikkje dette naudsynt eit resultat av ei

kraftig omlegging i retorikken, ettersom han òg

før unionsoppløysninga hadde kome med kraftige

utfall mot den danske ”Tvillingbroder”. Det

som gjer teksten verkeleg interessant i ei postunionell

analyse er såleis ikkje først og fremst

”Danmarks Forbrydelser”, men korleis dei har

vorte ”politiske”, som eit resultat av myndigheta

sine brotsverk overfor det norske riket.

Der myndigheita før unionsoppløysinga gjerne

blir omtalt som løysinga på dei rådande tilhøva,

blir ho hos den postunionelle Wergeland hengt

ut som det direkte opphavet. Skiljet er derimot

ikkje stort, då ansvarsforholdet i båe tilfelle er

opplagte. Såleis kan ein postunionell tekst som

En sandfærdig Beretning tene som døme på

utblåsing av meininger som har vore latente i

unionstider. Ikkje berre ”tilvende Danmark Fordele

af Norges Formue”, 14 ho sytte òg for at

”ingen Levning skulde være tilbage af Norges

fordums Herlighed”. 15 Wergelands framlegging

viser korleis norske samfunnsrøyster etter 1814

kunne få utlaup for sine innestengde frustrasjonar.

Eg let Wergeland sjølv avslutta med eit sitat

for kva kjensler som var i omlaup: ”Vi have nu

erholdt alt, hvad vi under de danske Monarker

ikke havde, men burde haft; vi have faaet igjen

hvad de fratoge os.” 16

Noter

1 Nicolai Wergeland, Mnemosyne: et Forsøg

paa at besvare den af Det kongl. Selskab for

Norges Vel fremsatte Opgave om et Universitet

i Norge: et Priisskrift, 4 bd. (Christiania:

1811), 1:51

2 Kåre Lunden, Norsk grålysing: Norsk nasjonalisme

1770–1814 på allmenn bakgrunn

(Oslo: Samlaget, 1992), 141.

3 Nicolai Wergeland, Mnemosyne, 1: 120.

4 Nicolai Wergeland, En sandfærdig Beretning

om Danmarks politiske Forbrydelser imod

Kongeriget Norge fra Aar 955 indtil 1814,

eller fra Hakon Adelsteens Krig med Harald

Blaatand, indtil Fredsslutningen i Kiel:

en historisk Skisse (Oslo: Vidar Magnussen,

1931), 83.

5 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 92.

6 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 124.

7 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 119.

8 Nicolai Wergeland, Mnemosyne, 1: 121–122.

9 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 112.

10 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 95.

11 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 100.

12 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 110.

13 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 117.

14 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 131.

15 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 96.

16 Nicolai Wergeland, En sandfærdig

Beretning..., 139.

fortid 4-2008 47

Litteraturliste

• Lunden, Kåre. Norsk grålysing: Norsk nasjonalisme

1770–1814 på allmenn bakgrunn. Oslo:

Samlaget, 1992.

• Wergeland, Nicolai. En sandfærdig Beretning

om Danmarks politiske Forbrydelser imod

Kongeriget Norge fra Aar 955 indtil 1814, eller

fra Hakon Adelsteens Krig med Harald Blaatand,

indtil Fredsslutningen i Kiel: en historisk

Skisse. Oslo: Vidar Magnussen, 1931.

• Wergeland, Nicolai. Mnemosyne: et Forsøg paa

at besvare den af Det kongl. Selskab for Norges

Vel fremsatte Opgave om et Universitet i Norge:

et Priisskrift. Bd. 1,2 og 4. Christiania: Det

kongelige Selskab for Norges Vel, 1811.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!