23.09.2013 Views

Fortid nr 4 2008

Fortid nr 4 2008

Fortid nr 4 2008

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

46 andre tekster

nicolai wergeland:

Ein dansk-norsk kritikar

tek bladet frå munnen

Øystein Idsø Viken, masterstudent i historie ved UIO

Under det eineveldige regimet i Danmark-Noreg var ytringsfridomen skarpt innsnevra, med potensielt hard

straff om ein fekk prenta injurierande utsegn. Samfunnskritiske kommentarar måtte såleis pakkast in i eit lojalistisk

språkpapir, med ein retorikk som ikkje gjekk ut or ei kongstru framtoning. Nicolai Wergeland si ”historiske

skisse” kalla ”En sandfærdig Beretning om Danmarks politiske Forbrydelser imod Kongeriget Norge fra

Aar 955 indtil 1814”, utgjeven i 1816, er derimot eit døme på korleis tonen i det postunionelle norske ordskiftet

hadde fått ein ny klang.

I 1811 hadde Wergeland fått prenta eit pris-

skrift, kalla Mnemosyne, som gjaldt spørsmålet

om opprettinga av eit universitet i Noreg. Her

hadde han argumentert for at det var staten sin

plikt å oppretta eit norsk universitet, og kome

med merkantilistiske polemiske utsegn om

statsmakta si favorisering av det danske riket

overfor for det norske. 1 Wergelands opposisjonelle

ytringar vart i den absolutistiske staten i

følgje Kåre Lunden sannsynlegvis tålt av di han

vart utgitt gjennom ein mektig kollektiv aktør,

det nyoppretta ”Kgl. Selskab for Norges Vel”,

eit institusjonalisert, permanent organ der nasjonen

sin vilje (...) ”kunne komme til uttrykk.” 2

Wergeland måtte likevel ta eit omhyggelig

omsyn til ettersensuriske konsekvensar, og

ordlyden i teksten er prega av forsiktige formuleringar

og retoriske krumspring. Dei politisk

dissidentiske meiningane i Mnemosyne let seg

såleis først og fremst finna gjennom ei positi-

vering av kritikken i pliktmoralske utsegn som:

”Dersom det Retfærdige tillige er politisk rigtigt,

da er det ogsaa politisk rigtig, at Norge seer et

Universitet i sit skjød.” 3

Etter opphevinga av unionen fall naturleg nok

sensuren mot kritikk av den dansk-norske

staten bort, og ein trong ikkje lenger spara på

krutet. Nicolai Wergeland var ein av dei som

tok bladet frå munnen, og stilte den danske

statsmakta til rekneskap for avgjerdene ho

hadde tatt overfor Noreg. Så gjaldt ikkje berre

i den 400 år lange unionstida, men òg dei 400

åra før det. Hadde Wergeland før sjølvstendet

tuna ned ordbruken, sto han derimot no på

full guffe. Personifiseringa av den dansk-nor-

ske unionsinngåinga, Erik av Pommern, blir av

Wergeland til dømes kalla ”den onde og uduelige

Regent”. 4 Norske regentar før unionstida blir

tilsvarande trukke fram som ”gode” og rettvise,

trass i at deira handlingar tidvis er av like brutal

karakter som dei danske; skilnaden ligg i den

høviske framferda. Noregs rolle under unionen

blir vidare omtalt som verre enn eit lydrike, i det

det har vore underlagt ”slavemæssigen et andet

Rige”. 5 Trellskap har derimot nordmennene

fornekta seg, viser Wergeland her til, i det han

med patriotisk ordlag trekk fram dei overlegne

norske militære kvalitetane, særleg i forhald til

dei danske.

Væpna med empiriske prov for Noregs slagmessige

overmakt går Wergeland så til sin eigen

kamp mot danskane, den her gongen av

historiografisk karakter: ”Fra de ældste Tider af

har Norge reddet Danmark i dets største Farer”,

slær han fast. 6 Dei danske historisk grunna

påstandane om Noregs fordelar av unionen

kallar han ”Elendigt Snak! Ussel Herlighed med

deres Trudsel!”. 7 Sjølv om ordlaga her er harde,

er det ikkje tala om ei ekstrem radikalisering av

retorikken. Wergeland hadde òg før unionsoppløysninga

tala om korleis Danmark kunne

”berige sig med Ære og Velstand paa sin Tvillingbroders

Bekostning”. 8 Ei av årsakene til at

Wergeland kunne koma med slike utsegn òg

under sensuren kan nok ha vore at det meir

tente som argumentering for staten sitt beste

enn som faktisk kritikk av statsmakta.

Det er når ein kjem til ytringar av direkte politisk

karakter at toneskiftet blir mest framtredande.

I 1811 hadde Wergeland argumentert mot

urettferda i den økonomiske skeivfordelinga

mellom rika, ut i frå eit konsekvensmoralsk

grunngjeving om likebyrdes fordeling mellom

dei to statsdelane. Det som før hadde vore

sentralisering til fordel for Danmark, vart etter

statsoppløysinga omtala som eit ran til ulempe

for Noreg. Wergeland sett opp ei punktvis liste

over korleis ”Danmark paa alle Maader har

beriget sig paa Norges Bekostning”, og utbasunerar

korleis dette har vore ei viljeshandling

til spott og spe overfor Noreg: ”[M]an vilde (...)

at vi skulde føle det, ret inderlig føle, at det nu

var kommen saa vidt med os, at vi af selv vare

intet, men alt af og ved Danmark”. 9 Målet ved

ressursutbyttinga blir med andre ord ikkje lenger

berre omtala som å gjera seg sjølv rik, men

i seg sjølv å utøva urett på den andre parten,

direkte sadisme: ”Ja, for at ikke lade nogen

Forbrydelse uøvet imod dette ulykkelige Folk

og Land, skammede man sig ikke engang ved

Kirkeran og Helligdommens Plyndring.” 10

Ein Forbrydelse krev automatisk ein forbrytar.

På dette punktet skimtar ein tydeleg ei forandring

i Wergelands penn i den postunionelle

perioden. Der den økonomiske skeivskapen

før skuldast egoistisk griskheit frå ”den danske

bror”, som kongen i all si rettferd kunne retta

opp, er skuldansvaret no direkte plassert i dei

monarkiske hender. Kritiske utsegn overfor

statsleiaren i eit autarki kan vera ein risikosport

av det ekstreme slaget, og Wergelands aktør-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!