26.09.2013 Views

Syng som folk - Romsdal Sogelag

Syng som folk - Romsdal Sogelag

Syng som folk - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

106

Eg ser rundt i byen – ein underleg by

med gater so breide og store

Snart lyfter seg ljosa mot fjukande sky,

snart kverv dei nedunder ei båre

Ein lunefull by – på eit lunefullt hav

to plankar er alt mellom livet og grav

i byen her langt vest for Ona

Ja, sanneleg er det ein underleg by

dei voggande ljosa her ute – !

Her bur ikkje dei som for rikdom hev ry

dei trivst ‘kje ombord i ei skute

der storsilda bivrar og spralar og skin

og brotsjøar velt over plankane inn

i byen her lagt vest for Ona

Her er ingen sakførar, skrivar og fut,

her trippar ‘kje snobben i gata!

Her rådar åleine den verbitne gut

som pløgjer den voggande flata

Du møter han sjeldan i finare lag

kan hende han oftare går over stag

i sjøfok her langt vest for Ona

Og Ona ho lyser i kolsvarte natt

ho vinkar til oss langt her ute

gjev peiling for kursar til mannen ved ratt

og rettleider farande skute

So trufast ho står på einslege vakt

og blinkar sitt varande: Ta deg iakt

for fallgaren her vest for Ona

Å strålar! Ber helsing til grånakne øy

der mor må med hjartebank vente,

og kanskje du der finn ei lengtande møy

ein fiskarguts trufaste gjente.

Du ottast for guten på voggande dekk

og minnest den båten som ein gong kom vekk

på havet der langt vest for Ona

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!