26.09.2013 Views

Syng som folk - Romsdal Sogelag

Syng som folk - Romsdal Sogelag

Syng som folk - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skillingsvisearkivet

I Trondheim finst Det Kgl. Norske Videnskabers Selskabs

Museums Bibliotek. Der er 1500 forskjellige skillingstrykk

samla. Sjå litteraturlista: Molde, H-S. (1981).

Visearkivet, Oslo

Norsk visearkiv i Tollbugata 28, 0157 Oslo. Kontaktmann:

Velle Espeland.

Lb Liv Greni

Programsekretær Liv Greni i NRK gjorde i 1949 opptak til

privat bruk i Eikesdalen. Desse har me fått bruke.

Norsk musikksamling

Høyrer til Nasjonalbiblioteket i Oslo, og har mange manuskript

i sine samlingar (Lindeman og Elling m.a.).

Bygde-Noreg

Bygde-Noreg i dikt og tonar, (Harøy) 1946–1953. Undertittel

Norrønt Toneblad. Utgjevar og redaktør var Bjørn Sæbjørnson.

Melodier fra Romsdal

Notehefte med ein del tonar frå Romsdal, arrangert for piano

og song. Heftet kom ut i København, og det var Borghild

Tonberg med hjelp av Thorolf Høyer-Finn som stod bak.

Me veit ikkje kva år heftet kom ut, men det var truleg ein

gong i 1930-åra.

NRK-Folkemusikkarkiv

NRK sitt rikhaldige folkemusikkarkiv har også ein del

opptak av interesse for oss. Særleg frå 1953, då Joachim

Rønneberg frå Ålesund kringkastar tok opp ein del i

Romsdal.

Sjå elles litteraturlista for andre kjeldetilvisingar.

Korleis bruke notane?

Når det gjeld notane, er instrumentalnotar nytta i staden

for vanleg songnotasjon . Dette for at notane skal vere

lettare å lese.

Notasjonen er gjort ut ifrå første verset, men ekstra opptakter

i andre vers er sette i parentes ( ).

Nokre gonger er (♭) og () sett i parentes. Dette på grunn

av motstridande manuskript. Kvar enkelt får i desse tilfella

gjere sitt eige valg. Der kjelda var påliteleg, er «kvarttonar»

tekne med, dvs. tonar litt høgare enn den noterte noten. Dette

er merkt med .

Folk som er vant til å bruke notar, tek ofte noteskrifta

som eit lovverk. Kvar note blir utførd likeins kvar gong, i ei

slavebunden framføring.

Det er to måtar å skrive ned folketonar på notar. Begge

måtane er like gode, eller like dårlege. Den eine måten er å

skrive ned so nøye at kvar detalj er med på notearket. Den

andre måten er å gje eit grunnriss, ei skisse for framføringa,

der detaljar er uvesentlege.

Vår rettesnor er at notane i denne boka skal vere eit utgangspunkt

for innøving av lokale tonevariantar. Ingen folketone

er lik frå den eine utøvaren til den andre. Eit grunnriss

er nok, synest me.

Nokre av dei tonane som er overført til noteskrift, har

tonesteg som ikkje passar inn i vår skala. Desse tonane kallar

me ofte svevande tonar eller kvarttonar, og dei er merkte

med ein pil i noteskrifta.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!