11.04.2014 Views

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Byggeskikk - husa på stølen - samarbeid

Heller med oppmuring nord for

krokavatn, Ullensvang.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Lafta utløe med open gauk. Eigar:

Svein Håkon Tesdal, Bordalen, Voss

Arkivfoto FMLA

Båtstø på veg frå Kinsarvik til stølen

Gryting, Hardangarvidda.

Foto: Reidulv Gald

16

Skikken med å leggje stølane i

klynge kjem truleg frå at tuna også

låg i klynge. Denne skikken med å

plassere i grupper er lik i begge fylka

mens det er ein del lokale variasjonar

i planløysingane på husa og bruken

av materialar.

Det er mykje som tyder på at det er

byggeskikken frå mellomalderen

som går att i dei samansette planløysingane:

eldhus, opphaldsplass og

lagerrom, og at ein finn denne delte

planløysinga også på stølane.

Nemninga skut eller skot finn ein i

ulike distrikt og har same funksjon

som eldhuset på garden. Enten er

skotet eller skuten bygd inntil ein

tømra kjerne eller inntil eit mura

sel. Spesielt på Hardangervidda kan

skuten vere skilt ut som eige hus med

eigen inngang. Som i eldhuset var

det grue i skuten/skotet og det var

arbeidsplassen for budeia. Der koka,

ysta eller vaska ho, tørka og lagra

ved, mjølka kyr/geit og hadde senga

si der, mens selet vart nytta til lagerplass

for avdråtten og til å oppbevare

mat og klede for dei som budde på

stølen.

I nyare tid gjekk ein bort frå denne

plandelinga og selet gjekk over til å

vere både lager- og soveplass og det

vart sett inn omn mens skotet framleis

var arbeidsplassen. På Voss var

det vanleg med tredelt planløysing

under same tak. Eit lite mjølkesel

utan vindauge til lagring av mjølkeprodukt,

skut med grue eller omn

og lagerplass for ved, og eit sel til

buplass. I Nordfjord og andre

regionar var todeling med sel og

skot i same bygg det vanlege. I

nokre høve kunne ein finne små,

frittståande, ystehus og ostebuer for

lagring av avdrått.

På nokre stølar var det ”sameigesel”

som alle budeiene i stølslaget budde

i. Kvar budeie hadde eigen skut eller

ystehus med kokeplass og seng til

besøkjande eller når det var stølshelg.

I Gloppen var eit sel innreidd med ei

felles seng med plass til ni budeier

og ei enkelseng til den eldste budeia

som passa på at dei ikkje forsov seg.

Bøndene delte i nokre høve på stølshus

eller bygde i hop under same tak,

spesielt når dei hadde få kyr/geiter.

Bøndene leigde óg ei felles budeie

som i tillegg kunne ha leigekyr for

å fylle dagen. I eitt høve hadde ei

budeie sju buskapar med ei til tre kyr

i kvar. Ho måtte ha eigne kjerald til

kvar buskap og halde rekning med

mjølkemengda. Det var sers arbeidskrevjande

når ho skulle kinne og yste

små slumpar. Ho måtte derfor slå

saman tilmålt mjølk frå fleire buskapar

for å fylle kinna eller ystekjelen,

elles vart den for gamal og

sur.

Det var elles vanleg at brukarane i

same tunet eller grenda hadde støl

i lag. Dei danna stølslag og det var

både skrivne og uskrivne reglar om

korleis dei ulike tiltaka skulle

gjennomførast. Ein person, ofte

med autoritet, passa på at reglane

for laget vart følgde og tok initiativ

når dugnadsarbeidet skulle gjerast,

og å fastsetje dagen for buføring.

Han passa på når snøen var gått frå

fjellstølen og om beitene var komne

i vokster. Det var også reglar for kor

mange leigekyr den enkelte gard

kunne ta med utanom sine eigne for

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!