11.04.2014 Views

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Del 2

Arkeologiske spor i landskapet

Tore Bjørgo, Hordaland fylkeskommune

Dei eldste spora etter stølsdrift er

vegetasjonshistoriske data frå myrar

og jordprofilar. Samansetjinga av

ulike pollenslag i mange jordprofilar

gir belegg for beitebruk i utmark og

fjell tilbake til jordbrukssteinalderen

for meir enn 4000 år sidan. Støling er

omtalt i skriftlege kjelder frå 1100-

talet og frametter, særleg gjeld dette

sagatekstar, Landslovene og Gulatingslova.

Ut frå dette må ein kunne

slutte at støling var ein godt innarbeidd

del av gardsdrifta i

mellomalderen med trong for

lovregulering som igjen tyder på

røter attende til førhistorisk tid.

Det har lenge vore kjent gamle tufter

i utmark og i høgfjellet som er sett i

samanheng med jakt og fiske, nokre

har og vore tolka som stølar, men

utan datering eller dokumentasjon.

Først på 1980-talet vart det gjort

omfattande arkeologiske granskingar

i Sogn, i kommunane Leikanger,

Aurland, Lærdal og Årdal som viste

stølstradisjonar tilbake til bronsealder

og jernalder. Arkeologisk materiale

saman med botaniske granskingar

viser her omfattande og aukande

stølsbruk fram mot vikingtid. Seinare

er det i indre Hardanger registrert og

datert stølstufter eldre enn vikingtid.

Frå indre Sogn er det til no kjent meir

enn 150 førhistoriske stølar eldre enn

år 1000. I områda som er granska ser

det ut til at langt dei fleste gardsbruk

med førhistoriske gravminne og funn

frå jernalderen også har førhistoriske

stølar i fjellet. Dette viser at stølsbruket

har vore ein heilt avgjerande

del av driftsforma i indre strok på

Vestlandet, noko som har halde seg

fram til inn på 1900-talet.

Tufter

Dei spora i landskapet vi finn etter

stølsdrift er først og fremst spor

etter stølshusa. Dei eldste tuftene

er hesteskoforma med låge utsigne

veggvollar med døropning i eine

kortveggen. Ytre mål er ca 6x8m,

indre mål ca 3x 5m. Eldstaden ligg

inste enden og har ofte ei kokegrop

attmed. Arkeologiske utgravingar

viser spor etter parvise stolpar som

har bore taket, og dokumenterer at

stølshusa har vore grindbygde. Funn

av never viser tekkjemåten.

Veggane er bygde av jord, torv og

stein, i nokre tilfelle er det spor etter

eit indre trepanel.

Området ved Urutlekråi i

Vikadalen i Årdal har spor etter

stølsdrift frå Bronsealder og

fram til ca 1950. På flata bak og

litt opp for det ståande stølshuset

ligg ein stor buplass med data

som viser sterkt beitepress tilbake

til bronsealder. Tufter og ruinar og

pollendiagram viser at området

har vore nytta i stølssamanheng i

ca. 3000 år.

Foto: Tore Bjørgo

Frå undersøkingar i Årdalsfjella

er det i golvlaga/ kulturlaga inne

i tuftene og i avfallslaga utanfor

døropninga gjort funn av spinnehjul

og vevlodd som vitnar om spinning

og veving og at her har vore kvinner.

Funn av glasperler frå kontinentet

og Middelhavsområdet fortel om at

dei pynta seg og om fjerne kontaktar.

4

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!