11.04.2014 Views

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

Stølar og stølsdrift Stølar og stølsdrift

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Andre døme var at snudde ei ku seg

på heimveg og rauta tre gonger, var

det siste gongen ho var med til fjells.

Det var óg vanleg å kaste småstein

på ein jordfast stein eller ”kastestein”

kvar gong nokon passerte den på veg

til og frå stølen. Slike røyser finn ein

mange stadar langs gamle buførevegar

og vert kalla varp.

Skålgroper uthakka i stein eller på

trappehella til ofring er registrerte på

ein del gamle stølsvangar.

Inntunsteilen, Fjelli, Stryn.

Selet er bygd i 1817. Fjøset er

restaurert i dei seinare åra av

Nils Torbjørn Sølvberg.

Foto: Reidulv Gald

Tjærekors på dør frå 1700-talet

til vern mor vonde vetter.

Foto: Reidulv Gald

Gamal overtru

Trua på huldrer og andre vetter styrde

livet på stølane frå gamal tid og langt

ut på 1800 talet.

Mellom anna var det vanleg å setje

tjærekrossar både på dyra før buføring

og på hus og kjerald etter at

dei drog frå stølen.

Buførefolket trudde fullt og fast på

at huldrefolket budde på stølen, og

måtte derfor be pent om å få flytte

inn i selet om våren. Dei måtte heller

ikkje låse døra når dei drog frå stølen

for då skulle huldrefamilien flytte

tilbake til selet. Bufardagen var enten

ved barsok (24. august) eller mest

vanleg laurdagen før 15. september

og dei måtte dra frå stølen før sola

rann. Budeia måtte også leggje att

rikeleg med mat av alle slag.

Vart ikkje huldrene respekterte,

brende dei kvitflekkete kyr på

ryggen. (Sjukdom på kvite flekker

på grunn av ultrafiolette strålar som

fører til sår og håravfall).

Budeia måtte elles varsle kvar gong

ho slo varmt vatn ut for døra fordi

dei underjordiske flytte ikkje langt

frå selet. Nokre budeier trudde også

at huldrefamilien budde i ein krok

i selet og måtte ikkje uroast. Denne

trua førde til at plassen i selet vart

enno mindre.

Det hende at stølar vart fråflytt på

grunn av uforklarlege hendingar som

vart tillagt dei underjordiske.

Ny tid – meieri og

fellesfjøs

Det første meieriet som vart bygd

i Noreg var Rausjødalen meieri i

Tolga i Østerdalen i 1855. Det var 30

bønder som kjøpte eit stort beiteområde

og bygde både meieri og

fellesfjøs.

I 1880 var det 131 meieri omkring i

landet derav det første i Hordaland

som vart bygd på Voss i 1878.

Framvoksteren av meieria var starten

på slutten for den historiske stølsdrifta.

Bøndene var framleis

avhengig av å nytte utmarksbeita og

måtte finne nye måtar å få mjølka

fram til meieria også om sommaren.

Meieria ville elles ikkje få mjølk til å

halde drifta i gong for å dekke innarbeidd

marknad. Det vart bygd ei

rekkje vegar fram til stølane. Vegane

vart bygde på dugnad eller bøndene

betalte i høve til skylda eller storleiken

på garden. Den første løypestrengen

vart montert i 1890-åra. På

strengen vart det transportert både

mjølk og høy fram til veg eller

garden. I eit høve vart det brukt

plastslange til å transportere mjølka

ned frå ein veglaus støl.

Fjerntliggande stølar vart lagde ned

eller flytt nærare opparbeidde vegar.

Det vart ordna med felles hestetransport

av mjølka. Bøndene i

stølslaget skiftes på transporten, ofte

ei veke på kvar. Nokre tiår seinare

var det mjølkebil som transporterte

mjølka til meieria der vegane var

farande for bil.

20

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!