28.10.2014 Views

Samfunnsviteren 4/2003 - Samfunnsviterne

Samfunnsviteren 4/2003 - Samfunnsviterne

Samfunnsviteren 4/2003 - Samfunnsviterne

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Moderne

sosialteori

”Noko av det mest frustrerande for mange

studentar innanfor samfunnsvitskap er dei

mange tilnærmingane. Stadig ulike teorielement

framstår som om dei skulle vere

plasserte på eitt og same plan, men utan

samband seg i mellom. Nærmast som øyar

i eit hav. Det er berre gradvis at ein oppdagar

at det er samanhengar som er avgjerande

for å forstå samfunnsvitskapane sin dynamikk.”

TEKST: BEATE HOMLONG, FORLAGSREDAKTØR FOR HISTORIE

OG SAMFUNNSFAG I SAMLAGET

Slik opnar den nye boka Dimensjonar i moderne sosialteori

skriven av forfattartrioen Ole Brekke, Roar Høstaker

og Thorvald Sirnes. Målet til forfattarane er å ta opp ein

del teoretiske samanhengar, utdjupe dei og vidareutvikle dei.

Dette vert gjort gjennom ein presentasjon og samanlikning av

teoriane til fire av dei mest framståande sosialteoretikarane i vår

tid: Pierre Bourdieu, Jürgen Habermas, Bruno Latour og Niklas

Luhmann.

Den normative diskursen

Av dei fire er det utan tvil Habermas som har hatt størst

innverknad i norsk samanheng. Denne innverknaden går heilt

attende til positivismestriden på 1960-talet og ikkje minst boka

Teori om kommunikativ handling frå 1984. Tanken om at mellommenneskelege

kommunikasjonen gjev grunnlaget for ein felles

normativ diskurs har hatt stor appell i mange intellektuelle krinsar.

Denne normative diskursen står over forholda i økonomien og

politikken som er prega av ytre manipulasjon.

Dette synet har ikkje minst vorte utfordra av Luhmann og

teorien hans om sjølvdannande sosiale system. Luhmann var

sidan 1970 ein av dei fremste sosiologane i Tyskland, men er

mindre kjend i Noreg. Dette kan kome av at han arbeidde i

forlenginga av Talcott Parsons systemteori i ein periode då denne

blei sterkt kritisert i Noreg. I følgje Luhmann er eit sosialt system

kjenneteikna av at det er knytt til ein sosial funksjon og

systemet tenderer mot å lukke seg kring seg sjølv i si eiga spesialiseringa.

Normativ debatt om samfunnet blir difor ein diskurs

blant mange og ikkje noko som har nokon førerang i samfunnet

slik Habermas meiner. Dette inneber at det ikkje finst noko

punkt der ein kan overskode heile samfunnet eller få ein felles

debatt om det. Tvert om, Luhmann meiner det sosiale senteret

har gått i oppløysing i løpet av dei siste to hundreåra.

Både Luhmann og Habermas er konsekvente modernistar på

Boknytt

den måten at dei ser ein konsekvent utviklingslogikk i

moderniteten. Her oppstår det ein interessant kontrast til både

Bourdieu og Latour som på ulik vis er opptekne av kontinuiteten

til tidlegare samfunnsformer. Bourdieu er ikkje minst kjend

for studiane sine av den smaken til dei ulike sosiale klassane i

Frankrike. Desse studiane har frå 1990-talet av, hatt mykje å seie

for temaval og teoretisk innretting for mange studentar og forskarar

innan samfunnsvitskapane i Noreg. Klasse var ikkje lenger

berre knytt til lønsskilje og hierarkisk posisjon, men til smak.

Smak var, på si side, ikkje lenger berre uttrykk for forbruk, men

knytt til aktiv dyrking innan kulturelle institusjonar eller familien.

Klasse fekk også ein horisontal dimensjon gjennom den

kulturelle kapitalen, og utdanningsinstitusjonane fekk ein sentral

posisjon i det å fordele individa til ulike livsbaner innan

samfunnsstrukturen.

Sosial-konstruktivistisk vitskapssosiologi

Latour er mest kjend innan engelsk-språklege debattar som

“sosial-konstruktivistisk” vitskapssosiolog med bøker som

Laboratory Life (1979) og Science in Action (1987). Denne nemninga

er nok misvisande ettersom Latour også vil gje gjenstandane eit

ord med i laget, noko som inneber ei utfordring i høve til både

Bourdieu, Habermas og Luhmann. Med boka Vi har aldri vært

moderne (på norsk i 1996) tok Latour steget ut av vitskapsstudiane

og over i ein allmenn kritikk av moderniteten. Her hevda han

at den moderne måten å forstå tilværet på har skilt oss frå

gjenstandane og naturen og kopla oss av frå den før-moderne

eller “primitive” erfaringa. Dei sterke skilja mellom natur og

kultur, objekt og subjekt, gjer at vi ikkje ser at vi er heilt avhengige

av eit stille formidlingsarbeid der menneske og gjenstandar

inngår i stadig meir kompliserte koplingar.

Å forstå samfunnet

Målet for forfattarane av boka Dimensjonar i moderne sosialteori, er

i følgje dei sjølve å bidra til ein diskusjon om korleis ein kan

forstå samfunnet. Underforstått her er at samfunnet er noko

som kan tolkast og gjentolkast. Ved å samanlikne dei fire

teoretikarane med kvarandre tvingar ein dei også til ein slags

dialog med kvarandre. Ikkje for å avgjere kven av dei som har

rett, men for å få fram kontrastar og for å

kunne sjå problematikkane

deira i eit nytt lys. Slik

sett kan boka vere eit

kjærkome og nyttig supplement,

ikkje berre for

studentar, men for alle

som er opptekne av moderne

samfunnsteori.

Boka gir ein presentasjon

og samanlikning av

teoriane til fire av dei

mest framståande

sosialteoretikarane i vår

tid: Pierre Bourdieu,

Jürgen Habermas,

Bruno Latour og Niklas

Luhmann, Samlaget

2003.

21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!