14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kven har hatt makt i

Norsk språkråd?

LARS S. VIKØR

IDEN OMLEGGINGA som Norsk språkråd

no står framfor, er maktfordelinga

eit kjernespørsmål. Rådet har

vore organisert som eit breitt basert

organ der mange ulike organisasjonar

og institusjonar er representerte, men

samtidig har det meste av sjølve

avgjerdsmakta vore samla i snevrare

organ innanfor rådet, og styre og fagnemnd,

og sjølvsagt hos dei som har

gjort det daglege arbeidet, sekretariatet.

I det opplegget til eit nytt språkorgan

som departementet arbeider med,

er det gjort ganske klart at «ein» (dvs.

departementet) ser med skepsis på

denne ordninga. Det ser ut som ein

ønskjer eit organ som står mindre fritt

i forhold til departementet, samtidig

som ein ønskjer å få det meir representativt

for breiare samfunnsgrupper

enn i dag. Spørsmålet er likevel om

det er mogleg å få til begge desse tinga

på ein gong, eller om ein må velje eitt

av desse prinsippa og velje bort det

andre.

No på slutten av Språkrådets funksjonstid

går det an å gi eit endeleg

oversyn over kven som har hatt mest

innverknad – for ikkje å overbruke

ordet «makt» – i Norsk språkråd og

forgjengaren Norsk språknemnd (1952–

1972) (Eg har laga ein «innverknadsindeks»,

som kanskje kan kaste litt lys

over dette.)

Posisjonar gir makt

Makt i språkrådssamanheng får ein

først og fremst ved å få plass i styre og

fagnemnd, og leiarane har størst makt.

Eg har basert meg på dette. Indeksen

måler den innverknaden ulike oppnemningsinstitusjonar

– altså ikkje enkeltpersonar

– har hatt ved å besetje

posisjonane i desse organa. Eg bereknar

eitt poeng for ein plass i styret

eller fagnemnda i eitt år. Fagnemndleiarane

får to poeng for eitt år, pluss

eit tredje fordi dei også har fast plass i

styret. Styreleiarane må derfor også få

tre poeng for ikkje å komme dårlegare

ut. Eg set opp ein separat indeks for

kvar av seksjonane, og det er såleis 10

poeng tilgjengelege pr. seksjon for

kvart år (tre fagnemndmedlemmer +

éin styremedlem pluss dei to leiarane

for styre og fagnemnd som altså får tre

poeng kvar). For perioden 1972–2004

blir det da 32 x 10 = 320 poeng.

I ein del tilfelle deler fleire institusjonar,

t.d. universiteta, som har ein

samla pott på tre plassar i kvar seksjon,

og ymse organisasjonar på beslekta

saksfelt (t. d. tre omsetjarorganisasjonar).

Her skil eg mellom dei ulike

institusjonane. Såleis reknar eg dei ulike

universiteta kvar for seg (det vil vise

seg nedanfor at det er interessant). På

same måten fører eg dei stortingsoppnemnde

medlemmene (som hadde plass

18 SPRÅKNYTT 3–4/2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!