17.11.2014 Views

Kommuneplanen sin handlingsdel - Fjell kommune

Kommuneplanen sin handlingsdel - Fjell kommune

Kommuneplanen sin handlingsdel - Fjell kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Omfanget av dei evaluerings- og planleggings- og styringssystema som vert etablerte må stå i eit

rimeleg forhold til dei praktiske behova ut frå mellom anna storleiken på eigedomsmassen, slik at

også denne delen av eigedomsforvaltninga blir kostnadseffektiv.

Resultatkrav: Ytterlegare systematisering av tilstandskartlegging og vedlikehaldsplanlegging for dei

kommunale bygga ved implementering av aktuelle modular i FDV-systemet "Jonathan" først for

skulane i 2013 og deretter for dei øvrige byggkategoriane utover i planperioden.

Delmål for eigedomsforvaltninga

Tilfredsstilla prioriterte brukarbehov:

Tilfredsstilling av brukarbehova er den grunnleggjande føresetnaden for dei fleste kommunale

bygningar. Behovstilfredsstillinga kan likevel ikkje vera utan avgrensing og utan prioritering i høve til

andre behov. Avveging og prioritering av brukarkrava i høve til dei føremålsmessige grunngjevingane

og dei kostnadsmessige verknadene må skje på eit avgjerdsnivå som har ansvar for begge deler.

Innføring av kostnadsdekkande husleige er eit kjent middel som har til føremål å la brukarane bera

alle dei kostnadsmessige konsekvensane av krava sine. Måling av brukarane si oppfatning av

bygningen, om lokala er eigna, inneklima, vedlikehald og forvaltningstenester går ofte inn i

profesjonelle eigedomsforvaltarar si evaluering. Nøkkeltal og benchmarking er særleg brukt i

samband med å kunne vurdera arealøkonomi, vedlikehaldsinnsats og kostnadseffektivitet.

Effektiv arealutnytting:

Dette betyr at tal kvadratmeter som til ei kvar tid vert nytta til eit bestemt føremål, bør vera så lågt

som mogeleg, føresett at det ikkje går ut over effektiviteten i høve til å realisera bruksføremålet på

ein kostnadseffektiv måte. Lokale det ikkje lenger er behov for, bør disponerast om til anna bruk,

seljast eller rivast. Lite effektiv arealutnytting er et vesentleg problem ikkje berre for kommunale

bygningar som skular, helsebygningar og andre føremålsbygg der behova endrar seg som følgje av

endringar i befolkninga, befolkninga sine behov og endringar i dei faglege krava som bruksføremåla

stiller til lokala. God arealøkonomi krev eit godt og rasjonelt samarbeid mellom eigedomsforvaltninga

og brukarane. Det må i denne samanheng også takast omsyn til om bygningen er verd å ta vare på i

seg sjølv, eller om han vil utgjera ein strategisk viktig arealressurs i eit meir langsiktig perspektiv.

Resultatkrav: Kommunen skal gjennomføra eit optimalt sal av eigedomar i løpet av planperioden med

sikte på reduserte låneopptak. Måltal for 2013: 10-20 mill.

Godt, verdibevarande vedlikehald:

Dette er uttrykk for eit optimalt vedlikehald, der arten og omfanget av vedlikehaldet vert vurdert i eit

langsiktig økonomisk perspektiv og i høve til dei politiske måla for eigedomsforvaltninga. Godt,

verdibevarande vedlikehald har mange ulike faglege aspekt. Planlegging og gjennomføring av

vedlikehaldet må ha eit bygningsfagleg hovudfokus, slik at tiltak som medverkar til å redusera

risikoen for akutte skader og reparasjonsbehov, blir prioriterte på ein rett måte. Som eit minimum

må det kunne krevjast at vedlikehaldet ikkje underskrir eit kostnadsoptimalt nivå.

44

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!