19.01.2015 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Organisasjonsnytt

www.sag.no

Frå NBF-NYTT til ”Sagbladet”

Nytt namn på bladet: NBF-Nytt har

skifta namn til Sagbladet. Styret

bestemte på styremøte den 24.

august NBF-Nytt blir historie og

etter forslag frå medlemmane

kallar bladet ”Sagbladet”. Saka

har vore oppe tidlegare utan at

det har blitt fatta vedtak, men i

samband med andre endringar

som logo og web-side var tida

inne. Håpar namnet vert teke i

bruk og at det fell i smak blant

våre lesarar!

Ny logo

I sist medlemsblad utlyste vi

konkurranse om utarbeiding av

ny logo. Styret fekk inn ein del forslag,

men har enno ikkje vedteke

kven av forslaga som vert vinnaren.

Vi vil presentere den nye

logoen i neste medlemsblad.

Kurs

NBF ønskjer å halde kursaktiviteten

på eit høgt nivå, og vi bed om at

medlemmar kjem med ønskjer om

kva type kurs dei har behov for.

Sorteringskurs: Sortering etter NS-

142 (visuell styrkesortering) vert

halde på Egge vidaregåande skule,

Steinkjer i løpet av november. Vi

kjem tilbake med dato og opplegg

i neste blad. Trøndelagsmedlemmane

vil få eige brev i posten.

Kurs i drift av sagbruk: Eit

generelt kurs som tek føre seg

heile prosessen frå tømmeret kjem

på sagtomta til planken er komen

i stabel. Vi skal arrangere dette

kurset i Akershus i løpet av

oktober/november. Medlemmar i

Oppland, Hedmark, Akershus, Oslo

og Østfold vil få eige brev om

kurset når detaljane er på plass.

Tremodulen er ein kursserie som

Norges Byggskole arrangerer. NBF

organiserer medan Byggskolen

held kursleiar. Vi håpar å få dette

kurset i gang i november i

Oppland. Dette kurset tek føre

seg: treteknologi, trevirke sine

eigenskapar, sortering, sagbruket,

tørking, høvling, tre som byggemateriale,

salsteknikk, leiing og

samarbeid m.m. Hedmark,

Oppland, Akershus og Buskerud vil

få brev i posten.

Ta kontakt med sekretariatet om

du vil delta på nokon av kursa og

ikkje er blant dei som får tilsendt

brev.

Alle desse 3 kursa går over 2

dagar. Prisen på kursa varierer

mellom 1500 og 2000 kr, pluss evt.

kost og losji.

Medlemsstatistikk

Medlemstalet er litt synkande,

men vi håpar enno på at ein del

av dykk som har fått giro i posten

kjem til å betale. Vi har i år 22 nye

medlemmar og vi håpar sjølvsagt

på fleire.

Minner om den store vervekampanjen

med premie som vi har

gåande. Premien er gratis opphald

årsmøtehelga. Ein verdi på nær

3000 kr.!

Neste styremøte

Styret skal møtast til fysisk styremøte

den 23. oktober i samband

med konferansen ”Tre for Fremtiden”.

Program for konferansen

er med lenger bak i bladet.

Kanskje vi treffast der

Prosjektet ”Tradisjonsbasert

Trevirke”

Framdrifta i prosjektet har ikkje

vore rask nok etter dei første

målsetningane, men i haust skal vi

kome i mål. Det som har blitt gjort

gjennom prosjektet er at vi har

fått nye nettsider www.sag.no der

vi har lagt inn dei produkta som

medlemmane våre produserer.

Vidare har vi brukt Trefokus

og deira nettsider til å legge

ut informasjon om tradisjonell

bruk av tre. Roar Flatland i Skogselskapet

i Aust-Agder har vore

prosjektleiar medan NBF har vore

prosjekteigar. Det som gjenstår

er produksjon av ein foldar der

vi samlar vesentleg informasjon

og viser til informasjonskanalar

innanfor temaet Tre og Tradisjon.

Neste møte i styringsgruppa er sett

til 6. september.

Årsmøte i Ålesund

Sett av 1. helga i februar til årsmøte

i Ålesund. Vi kjem tilbake til

program, men styret har bestemt

at det også i år vil verte fagdag på

fredagen og årsmøte på laurdagen.

Vi har fått inn tilbod frå

dei 4 aktuelle hotella i Ålesund,

men enno ikkje tatt avgjerda om

kven av dei vi skal velje.

Straumavtale

I vår arbeidde styret og dagleg

leiar med å prøve å skaffe våre

medlemmar ei gunstig straumavtale.

Dette har vi dessverre

måtte legge på is for ei stund då

dette er et svært komplisert system

å orientere seg i. Forutsetningane

endrar seg frå time til time og her

er mange ulike avtalar å velje

mellom. Avhengig av kva risiko ein

kan leve med. Kvar enkelt medlem

må difor ta denne avgjerda.

Norsk Bygdesagforening vil framover

prøve å informere om det

som skjer i denne marknaden og la

kvar enkelt ta avgjerder ut frå det.

Straumprisane gjer oppgåva enda

meir aktuell enn før og det er

grunn til å legge ressursar i

nettopp denne problematikken.

Det ligg mykje informasjon om

straum/straumprisar bl.a. på

Norges Vassdrags- og Energidirektorat

sine sider, www.nve.no.

Ny fylkeskontakt i Akershus

og Hedmark

Etter at Thomas Øvrum har sagt

frå seg vervet som fylkeskontakt

i Akershus har vi fått på plass

ein ny mann med namnet, Roar

Sørgård frå Hurdalen. Roar

Sørgård reiser rundt med ei

mobilsag i Hurdal og området

omkring.

Vi takkar Thomas for innsatsen og

ønskjer Roar velkomen som fylkeskontakt

i Norsk Bygdesagforening.

4

Forum for norske bygdesager

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!