19.01.2015 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Sagbladet

Bioenergi

Som omtala ved fleire høve

i bladet tidlegare i år er leveranse

av hôn/flis eit stort

problem i store deler av landet.

Krisa er sjølvsagt størst hjå dei

bruka med små tomter for

lagring og dei med størst

produksjon.

Hedmark ut av

hôn/flisproblematikken

I vår prøvde vi å skaffe oss ei

oversikt over moglege mottakarar

og publiserte desse i medlemsbladet

vårt. Ein del har fått levert

gjennom dei som då vart nemnt

og på kort sikt løyst krisa. Men

leveringsavtalane er stort sett

kortsiktige og vi arbeider framleis

med å få mulege mottakarar på

banen.

Den svært uheldige straumkrisa

har sett fart i både bioenergimarkedet

og i straumprisane.

No er det viktig at vi er på

”hugget” og følgjer med i timen.

For å orientere seg i kvar enkelt

region kan det vere lurt å ta

kontakt med Fylkesmannen si

Landbruksavdeling i dei ulike

fylka, Innovasjon Norge i dei ulike

fylka eller Skogeigarlaga. Desse

instansane bør kjenne til kva for

type anlegg som er etablert i det

siste. Vi ber dykk og om å følgje

godt med i aviser og andre media

om planer om nye anlegg og tilby

produkta dokkar. På denne måten

kan de vere med på avgjerda om

type anlegg som blir planlagde slik

at ein sikrar at dei kan bruke råstoffet

vi kan levere.

Eit av dei områda som er hardast

råka etter leveringsstoppen på

Hunton er Hedmark. Etter initiativ

frå Løten Bygdesag har vi hatt eit

møte med ulike instansar i Hamarområdet

som arbeider med biobrensel.

Løten Bygdesag var møtetad

og eit godt og ryddig møte

vart gjennomført. Målet var å få

gode råd i kva ein skal foreta seg

i ein slik marknad. Kor stort skal

ein tenkje og kva produkt skal ein

levere (rå hun, halvtørr hun, rå flis,

halvtørr flis, tørr flis, briketter,

pellets eller ferdig varme).

For ”mindre” bruk med behov for

varme/redusert straumrekning ser

det ut til at bygging av anlegg i

kategorien ”Gardsvarmeanlegg”

er det ein må satse på. Desse er i

utgangspunktet tenkt til eigen

oppvarming, evt. levering av

varme til naboar (hus i nærleiken).

For ”større” bruk er anbefalinga

så langt å bygge anlegg for å

redu-sere strømforbruket på

bruket (t.d. til tørkene) og

samstundes tørke flis ned til 20-

30%. Når flisa er så-pass tørr, får

ein forholdsvis betre betalt enn

ved leveranse av fersk flis. Eit

alternativ er lagring over tid i

buntar/haugar, for å få fuktigheten

ned, for dei som har lagerplass/tomt

for det. For dei med

større kvanta må ein og sjå på om

det er behov for oppvarming til

bygg i nærleiken av tomta. Finns

det ein skule, forretningsbygg e. l.

som i dag fyrer med straum/olje

Er desse interessert i å inngå

samarbeid/leveringsavtale

Etter møtet reiste vi på besøk til

3 ulike brenselanlegg i Norge og

1 i Sverige. Dette var to lærerike

dagar med godt resultat. Anlegga

var ulike både i storleik og

produksjon, men brensel var alle

interessert i. Vi var innom Glåmdal

Bioenergi A/S, Skarnes, Norsk

Pellets A/S, Vestmarka, Karlstad

Energi, Karlstad og Solør Bioenergi,

Kirkenær. Det er ulike

behov ved dei ulike anlegga.

Nokon vil ha alt utan bark, noko

som krev at ein har barkemaskin.

Nokon krev fuktighet ned mot 20-

30%, nokon vil ha berre flis, ikkje

honbuntar osv.

Når det gjeld mottakarar i

Hedmark er det alt no kome

konkrete tilbod på flis til Løten

Bygdesag. Dette gjeld frå Glåmdal

Bioenergi v/Carl Holm og Karlstad

Energi. Frå Glomdal Bioenergi har

ein fått eit tilbod på 70 kr./m 3 rå

flis, opplest på Løten.

Rekneeksempel/Pris som vi har fått

frå Karlstad viser denne prisen på

eit trailerlass med rå flis:

Leveransens nettovekt: 34 tonn

Blir målt ved innvegning til Hedenverket,

Karlstad.

Leveransens fuktinnhold: 50%

Varmeverdi:19,2 MJ/kg (TS)

Dette blir lagt til grunn ved

utrekninga av energimengda.

Leveransen sitt energiinnhold er

76,4 MWh.

Betaling ved brenselpris på

160SEK/MWH er 12.228 SEK.

Det skjer veldig mykje i marknaden

og fleire plassar er det under planlegging

nye anlegg. Løten, Flisa,

Elverum, Ål i Hallingdal, veit vi er

konkrete planar om nye anlegg.

På Hønefoss er det eit nytt anlegg

som er interessert i hon og flis. Det

er Tore Mellerud som tidlegare var

ansatt på Hunton som står for

innkjøp der.

Når det gjeld resten av Noreg vil vi

anbefale at ein kallar inn instansar

med interesse nettopp for bioenergi

for å i fellesskap sjå på

løysingar som er verdt å arbeide

vidare med. Malen frå Hedmark er

absolutt å anbefale, der ein først

har eit diskusjonsmøte og seinare

orienterer seg blant aktuelle

mottakarar og forhandlar pris,

før ein evt. investerer sjølv.

Aktuelle nettsider for å finne fram

i jungelen av nye anlegg:

• Norsk Bioenergiforening

www.nobio.no

• Grønn varme frå Hedmarkskogene

www.gronvarme.no

• De enkelte kommuner

• De enkelte skogeierforeninger

• Skogbrukets Kursinstitutt

www.skogkurs.no

Finansieringsordninger:

• ENOVA

www.enova.no

• Innovasjon Norge

www.invanor.no

8

Forum for norske bygdesager

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!