12.07.2015 Views

Atrium - Universitetet i Bergen

Atrium - Universitetet i Bergen

Atrium - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kort-tekstClaviculaTekst: Bjarte Wathne Helgesenhippydeathsuite@gmail.comFoto: Åshild S. F. Thorsenaashild.thorsen@googlemail.comEg set meg ned i eit togsete, og byrjar tenkje. Det er uunngåeleg, dette. Alle togreisar er ein og same, alle glir inn i og ut avkvarandre. Felles er tanken, pulserande: vekselvis lett, fordøyeleg, betraktande, glidande over landskapet utanfor; vekselvisvendt innover, tung, fragmentert, assosierande: all misere heng saman; når ein tenkjer over ei enkelt miserabel hending, tenkjerein samstundes over alle slike hendingar: all misere er ein og same, glir inn i og ut av ein annan. Akkurat slik som oss– seier eg, med ord, og øydeleggjar dermed alt – akkurat slik som oss, i ein sovekupé på eit tog voggande gjennom eit sentralellerausteuropeisk land: kvar rørsle diktert av skinnegangen sin ujamne men behagelege rytme, me trengte ikkje eingong gjereein innsats; senga akkurat litt for smal for to, men akkurat brei nok for oss, slik som dette, nettopp slik; det heile akselererandepå eit vis som aldri såg ei auke i noko som helst anna enn tid og repeterande rørsle; duren av metall mot metall på skinnegangenunder, søvndyssande utan å la oss sovne; i halvsvevnen, like fullt, måtte eg gripe tak i øyreflippen din, med tennene, berrevart, berre mjukt, men fast; i halvsvevnen, like fullt, halde fast i kragebeinet ditt som kom fossande ut frå halsgropa; fast menså vart, så vart, kragebeinet, øyreflippen, mens du pusta ut, ut, ut; mens du blei knust til spindelvev, og eg: som eit skapskjeletttenkjer eg på deg kvar gong vindauget speglar meg i mørket utanfor.Bjarte Wathne Helgesen er ein vekselvis ambisiøs skribentsom brått nærmar seg slutten av 20-åra,Han konsentrerer seg oftast om å fikle med ord,hovudsakleg i prosaform eller i omsetjande form.Eg leiter etter brystbeinet ditt og trykkjer forsiktig, forsiktig, mens eg held pusten og venter på at du skal puste ut eller at nokoskal hende som får hjartet mitt til å byrje slå att, men alt er heilt stille, alt er heilt stille og det er for mørkt til at eg kan sjåat auga dine er blå eller at leppene dine ikkje er det, og mens ingenting, ingenting, fortset å hende opp langs kragebeinet ditttrur eg at eg såvidt kan høyre deg kviskre– eg vil aldri byrje å puste attmen allereie er det for seint og i det pupillane dine utvidar seg og underleppa di byrjar å skjelve skjønar du og.26 27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!