07.07.2016 Views

Frank Kjetil Olsen

rett-pa-sak-2-2016-nett

rett-pa-sak-2-2016-nett

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kortast sakshandsamingstid

Sunnmøre tingrett er den tingretten

som har kortast sakshandsamingstid

i sivile saker.

Her tek det i gjennomsnitt 3,9

månader, eller kring 117 dagar,

frå ei sak kjem inn, til ho er avslutta.

Rask fastsetjing av tid for

både rettsmekling og hovudforhandling

er eit grep dei brukar

for å få det til.

Av Iwar Arnstad

Sjølv om sakene i gjennomsnitt tok 12 dagar

lengre å handsame i 2015 enn året før, har

Sunnmøre tingrett den kortaste sakshandsamingstida

for vanlege sivile saker i landet.

For landet som heilskap tok det gjennomsnittleg

5,9 månader å handsame tvistesaker.

Alle dei fire siste åra har Sunnmøre

tingrett klart å liggje på under fire månader.

Då er det naturleg å spørje sorenskrivar

Kirsti Bjørneseth om dei gjer noko vesentleg

annleis enn andre.

– Eg trur ikkje vi gjer noko spesielt som

ikkje andre domstolar gjer. Dersom ein

unngår at sakene ikkje blir for gamle, blir dei

gjerne mindre omfangsrike.

Korleis har de organisert arbeidet med å

handsame sivile saker?

– Sorenskrivaren fordeler sakene. Vi forsøkjer

generelt å fordele etter tur, men det

blir også teke omsyn til kapasiteten til dommaren

opp mot dei fastsette måltala domstolen

har for saksavvikling på ulike fagområde.

Er det hastesaker og enkelte dommarar er

meir opptekne enn andre, blir det sjølvsagt

teke omsyn til det ved fordeling.

– Vi har også som praksis å passe på at

mengda saker for den enkelte ikkje blir for

stor i forhold til nivået hos dei andre. Ingen

saker er like, og dommarane er heller ikkje

like når det gjeld avvikling av saker. Dommarane

hos oss er også flinke til å bytte saker

dersom det er tenleg. Vi strekkjer oss langt

for å unngå endring av den fastsette tida på

grunn av interne forhold.

Gjer de nokre spesielle grep i den saksførebuande

fasen?

– Vi er opptekne av rettsmekling og at partane

er førebudde på at dette blir teke opp i planmøte.

Det blir fastsett tid for både rettsmekling

og hovudforhandling i planmøte.

Har de noka form for spesialisering?

– Vi har over fleire år drive med spesialisering.

Dette gjeld mellom anna innanfor

barnevern, småkrav, entreprise, skjønn og

rettsmekling. På fleire av desse områda

opplever vi både at vi får betre kompetanse og

meir effektiv avvikling av saker.

– Når det gjeld rettsmekling, prøver vi å

fastsetje tidspunkt for hovudforhandling så

snart som mogleg etter tilsvar. Samtidig er vi

medvitne om at det bør gå minst ein månad

frå rettsmekling til hovudforhandling. Av dei

sakene som blir rettsmekla, blir det oftast

forlik. På denne måten prøver vi å få nye saker

inn på ledige datoar etter at hovudforhandlinga

har falle bort.

Har de mange saker som er knytte til maritim

sektor? Er de påverka av nedskjeringane

innanfor petroleumssektoren?

– Vi har registert fleire nedbemanningssaker,

og desse blir gjerne løyste ved rettsmekling.

Er det framleis betringspotensial?

– Absolutt. Med endå større fleksibilitet og

kryssfastsetjing av tida for sakene ville vi

kunne oppnå endå betre og jamnare arbeidsbelastning.

Sjølv om vi prøver å avgrense

talet på rettsdagar i kvar enkelt sak, kunne vi

kanskje vore betre her.

Noko anna du vil framheve?

– Nei, men det er viktig at ein alltid har

«handa på rattet» når det gjeld saksavvikling.

God saksavvikling skal likevel ikkje gå utover

kvalitetsarbeidet, men vere ein del av det.

I Rett på sak 1/2016 var det ein tabell

over dei tingrettane som hadde kortast

sakshandsamingstid i 2016. Der hadde

Sunnmøre tingrett ikkje kome med på sivile

saker. Det hadde heller ikkje Nord-Østerdal

tingrett på straffesaker, som for meddomsrettsaker

hadde eit snitt på 0,9 månader –

kortast i landet. Rett på sak beklagar feilen.

Vi gjer også lesarane merksame på at Oslo

byfogdembete og Brønnøy tingrett ikkje var

med i samanstillinga på grunn av ein annan

saksportefølje.

Sunnmøre tingrett har den kortaste sakshandsamingstida i landet for sivile saker. I gjennomsnitt

tek det 3,9 månader å få handsama ei sak. For straffesaker med meddomsrett er

det Nord-Østerdal tingrett som er raskast, med 0,9 månaders gjennomsnittleg sakshandsamingstid.

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!