07.07.2016 Views

Frank Kjetil Olsen

rett-pa-sak-2-2016-nett

rett-pa-sak-2-2016-nett

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ling, men vi får ikkje lov til å lyse henne ut på

grunn av stillingsstoppen. Dette får dessverre

store konsekvensar for oss. Domstolen har

akkurat no ein saksportefølje på 107 saker.

Det vil seie at partane må rekne med å vente i

7–12 månader før saka deira kan bli handsama.

Med ein dommar mindre blir det endå

lengre ventetid. Det er naturleg at når ein blir

fråteken ressursar, så får ein eit restanseproblem,

seier domstolleiaren.

– I tillegg har vi behov for auka kapasitet

på sakshandsamarsida. Til tider har

ingeniørane vore nøydde til å gjere enkelte

sakshandsamaroppgåver for å gjere det beste

ut av situasjonen. Vi er glade for at vi fekk

behalde dommarfullmektigstillinga vår, seier

Roalkvam.

Samlokalisering

Spørsmålet om samlokalisering har også

vore tema på Stord. Jordskifteretten har

saman med Sunnhordland tingrett teke initiativ

til samlokalisering både i 2010 og i 2015,

men har fått avslag frå Domstoladministrasjonen

(DA) begge gongene. – Det er heilt

naturleg med samlokalisering når ein har

to domstoleiningar på same stad. Truleg er

det framtidig struktur som ligg bak avslaget,

seier Roalkvam.

Kontorutflukt med pensjonistane i Kvinnherad.

Kompetansearbeid

Jordskiftedomstolen, med domstolleiaren i

spissen, er oppteken av kompetanse.

– Ansvaret ligg både hos meg som leiar og

hos kvar enkelt medarbeidar. Målet er at kvar

medarbeidar skal kunne utvikle seg i tråd

med dei behova som møter oss i framtida. Vi

ser at saksutviklinga gjev auka kompetansebehov

på skjønnsprosess og urbane problemstillingar

for dommarane. Og vi må alle

vere opptekne av vidare opplæring i det nye

sakshandsamingssystemet Lovisa, forklarer

domstolleiaren.

Domstolen har gjennomført kompetansetiltak

både i samband med ny jordskiftelov

og nytt sakshandsamingssystem. – Det har

gått stort sett bra med overgangen til ny

jordskiftelov, seier Roalkvam. Det vil alltid

vere spørsmål kring tolkinga av ordlyden i

nokre av føresegnene, men det vil nok gå seg

til. Dessutan har vi fått eit fint oppslagsverk

i kommentarutgåva. Dei som har jobba med

denne, har gjort ein god jobb.

Knut Sveinung Kleppa må innrømme at

domstolen har hatt ein del frustrasjonar i

samband med innføringa av Lovisa. – Men vi

stolar på at det blir bra etter kvart. Sakshandsamarane

våre har gjort ein kjempejobb.

Dommar Knut Sveinung Kleppa diskuterer ei sak i Suldal med meddommarane

Tor Egil Aarthun og Ragnhild Erga Rød.

Overingeniør Terje Olav Bakke instruerer sommarhjelpa Lars Kristian Aastvedt.

21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!