07.07.2016 Views

Frank Kjetil Olsen

rett-pa-sak-2-2016-nett

rett-pa-sak-2-2016-nett

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

DOMSTOLER NORGE RUNDT

jordskifteretten i 1989. – Eg jobba som ingeniør

i 10 år før eg tok steget og begynte på det

som i dag heiter NMBU, på Ås. Eg kom tilbake

til jordskifteretten som overingeniør med løyve

til å ta saker som dommar. Dette svarar til

det vi i dag kallar jordskiftedommarfullmektig.

Eg vart så dommar og har vore jordskifterettsleiar

sidan 2006.

Faren, Kåre Roalkvam, er i dag ein sprek

85-åring. Han fortel at han byrja karrieren

sin i Ytre Sunnhordland jordskifterett i 1958

som jordskiftemålar utan løyve. – Den gongen

budde vi vekke heile vekene. Det var mykje

teknisk arbeid i sakene, og det måtte gjerast

mykje merkje- og målearbeid. Kartgrunnlaget

var ikkje slik som i dag, så ein del av arbeidet

var gjerne å utarbeide kart «frå grunnen». Vi

gjorde ei og ei sak ferdig før vi byrja på ei ny.

Det var sjeldan at det var involvert advokatar.

Jordskiftesakene var nok større og meir

krevjande den gongen, og det var færre reine

tvistesaker. Det var knapt med utstyr, og dei

fleste innkjøpa måtte klarerast med departementet.

Kåre Roalkvam gjekk av med pensjon i

1994 etter ein lang karriere i jordskifterettane.

Haugalandet og Sunnfjordland jordskifterett.

Spennande faglege problemstillingar

– Dei nye reglane om fordeling av arealverdiar

i urbane område og hytteområde synest vi

er spennande. Jordskifteretten har på visse

vilkår høve til å fordele den verdiauken grunneigarane

får som følgje av reguleringsplan, til

bustad- eller hytteføremål. Desse reglane er

ikkje godt nok kjende rundt om i kommunane,

fortel jordskifterettsleiar Roalkvam.

Jordskiftedommar Kleppa ser utfordringar

med dei særreglane for innhald i rettsforlik

inngått i jordskifteretten som er komne inn

i ny jordskiftelov § 6-26. Slik me ser det bryt

denne regelen med den smidige og gode

praksis som har vore ein styrke for på ein

enkel måte å få til gode praktiske løysingar.

Dommarfullmektig Åse-Berit Nytun synest nokre vegsaker er betre enn andre.

Ny ankeordning

Domstolleiaren er spent på om den nye ankeordninga

vil påverke jordskifteretten.

– Vi har fått eit skriv frå Gulating lagmannsrett

om kva som er forventa av

jordskifterettane i domssoknet. Dette er

positivt. Då veit vi kva som er forventa av oss

når vi skal ekspedere anken. Fordelen med

ny ankeordning er at ein slepp å vurdere kva

for domstol som skal få anken. Men vi har

jo som mål å ikkje få så mange ankar, fortel

Roalkvam med eit glimt i auget.

Tilsetjing og avvikling av saker

– Vi fekk nyleg ei ledig jordskiftedommarstil-

Ein open og utoverretta domstol. Øvst frå venstre: jordskiftedommar Knut Sveinung Kleppa,

overingeniør Jan Vidar Kannelønning, jordskiftedommar Geir Moen (slutta), jordskiftedommar

Audun Bruflot, overingeniør Magnus Ilstad Svandal og overingeniør Terje Olav Bakke. Nedst frå

venstre: overingeniør Steinar Ingebrigtsen, førstekonsulent Linda Kristin Hatlevik, jordskifterettsleiar

Oddmund Roalkvam, jordskiftedommarfullmektig Åse-Berit Nytun, førstekonsulent

Hanne Kjærland Lønning (permisjon).

20

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!