13.08.2017 Views

Bygdejol 1972

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Det var gamal vis i bygdi at

den tiande helgi i tri-einingi

skulle gutane til støls og gista

budeione. Dei kalla endå denne

sundagen for gistnarhelg. Dei

drog gjerne i veg ein laurdagskveld

og tok på heimveg om

måndagsmorgonen. Dei laut då

helst vera so tidleg uppe at dei

kom heim att til arbeidstid.

Ivar var musikalsk, og hadde

med seg eit dragspel. So råka

dei ein bjørn. Felagane sette på

lbpe heim åt seli. Men han Ivar,

han gjekk skrattande og spelande

beint imot bjørnen, han.

Ja, det var mangt og mykje

- å koma i hug med eg stod

der i døri. Men no hev han Ivar

funne det papiret han leita etter,

og so reiser han seg og gjeng

bort åt det gamle skreddarbordet

og legg det ifrå seg

det - og i

same snur han seg halweges

imot meg, og so stig eg fram

og helsar. Han glytter snøgt på

meg, men kjenner meg ikkje att.

Han gissar både på den eine og

den andre, nei, at alderen skulle

ha fare so ille med han! Mæ-

Iet hans hev vorte noko turrare,

og talen meir utydeleg. Lydane

s og sk kjem mest bort. Ho

Gyrid er no komi inn, ho er

yngre, ho. Ho legg hendene på

ein stolrygg og ler, og spør om

han ikkje kannast med ein lærar

frå Sørfjorden? Då spør han

brått om det er Halldor Opedal,

og no vil han helsa skikkeleg

på meg. Dermed skubbar han

bort ein stol som stend i vegen

for han, og rister handi mi.

Den grå katten er ikkje vane

med slikt ståk og spring bort

i ei krå. nNei, at eg skulle få

sjå deg att>, seier han glad.

Attmed veggen fær eg auga

på eit par bilete av Porsmyr,

og no må eg fortelja at Ivar

kunne måla, og han idna ymist

med måling stunder og stunder.

Han fortel at bileti skal sendast

til eit par syster i Drammen.

Med same lyt eg nemna at han

måla eit bilete åt meg bg. Det

var kyrkja i Ullensvang og noko

av Sørfjorden, med Folgefonni

og Børvehovden i bakgrunnen.

Nokre år før hadde eg fenge

dette brevet frå han Ivar: ..Eg

kjem ofte han Halldor i hug,

kor mange gilde stunder me

hadde i saman i sumar, -

og

no at du ville koma meg i hug

og senda bilete og bok åt meg.

Når eg ser på bile,tet ditt, er det

nett som eg skulle hatt han

Halldor her på stolen sitjande.

(Han og Gyrid bad om dette biletet.)

Og den gilde boki du

sende meg, var svært interessant.

Ja, den mannen hev prøvt

litt av kvart. Men han var om

lag som oskefisen i eventyret:

han kom vel itrå det. (Ei bok

om sjømannen Torleiv Opedal.)

Eg vil no seia deg hjarteleg

takk for alt saman. Og dersom

me lever, kan me endå få helsa

på kvarandre.o

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!