13.08.2017 Views

Bygdejol 1972

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

neinte noko anna og me gjekk

igang med arbeidet. Fyrst skifte

me ut stokkane og sette nye

inn, sidan var det med donkraft

og strekkfiskar litt etter

litt å lirka kabelen opp i kabelskoene.

Me streva med dette

heile natti og kl. 6 orn morgonen

kunne me ringja til kontoret

og melda frå om at alt

var i orden. Men ei hard natt

hadde det vore.

Veret var bra idag i alle høve

nede ved siøen. Det bles noko

men ikkje so at det nauda. Annleis

var det i fjellet. Me som

var vane å gå der, såg at det var

uver med mjøllarok so det var

uråd for folk å ferdast.

Då me om morgonen møtte på

arbeidsplassen kom ein ung ingeniør

bort til John Lilletveit

og meg og sa at me laut ta ymse

proviant og reidskapar til vøla

av telefonen på fjellet då dei

ikkje fekk samband med dei.

Me som var kjende i fjellet

sa at det helst var uråd å koma

fram til barakka so lenge veret

heldt seg slik i fjellet. Men det

ville ingeniøren ikkje høyra på..

Anten fekk me gå eller me miste

arbeidet vårt.

Litt umota tok me børene på

oss og rusla i veg. Då det var

mykje å bera fekk me ein ung

Oslo-gut med oss. Vegen var

bratt og tung. Alt gjekk vel til

me kom til skoggrensa, då slo

mjøllaroket himmeihØgt og det

var uråd å stå oppreist. Me

kraup fram meter for meter.

Han som kraup fyrst måtte kjenna

seg føre med staven, gjekk

me feil so kunne det bera utfor

eit 200 m høgt stup. So hende

det at Oslo-guten var liggjande

etter og då me såg til han var

han blå i andletet og hadde vanskeleg

for å pusta. Me måtte

snu og ta han med ned til ein

heller me visste om litt lenger

nede. Han fekk meir klede av

oss og me lova å koma og henta

han att so snart me var framme.

So bar det oppover att med

oss to. På platået fram til barakka

var det framleis umogeleg

å halda seg oppreist. Me

kraup med børane på ryggen,

men endå føltest det som om

me vart lyfte frå jordi. Roket

var so tett at det var uråd å sjå

mannen som kraup føre endå

det berre var ein skistavlengd

millom. Eg kraup framme og i

ein liten blenk tyktest eg sjå

ein grå vegg. Kava so forsiktig

f'ram og kunne slå neven opp på

barakkeveggen. Fylgde so veggen

fram til me fann døri og dundra

på. Det vart liv i brakka då

me kom og dei hjelpte oss det

beste dei kunne og me vart bodne

kaffe. Men fyrst fekk me

folk avstad etter Oslo-guten og

då han var vel i huset kosa me

oss med kaffe, og aldri har vel

maten smaka so godt som etter

29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!