13.08.2017 Views

Bygdejol 1972

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

lt"'

Togbanestasjonen nede var fylt av sementtønner som skulle til topps.

John Lilletveit avmerkt x.

det tungt so bytta var full av

snø om morgonen. Ein av dei

som arbeidde i smia tok om

morgonen bytta i god tru og

pakka meire snø i ho og sette

ho i den oppfyrde essen. Det

gjekk ei stund, men så small det

og arbeidaren _vart

drepen.

Det var strekt provisorisk

togbane frå Kaoskjer til stasjonen

på toppen av fjellet. Ein

oljedriven motor stod for dragkrafti.

Ein sundag skulle me

ha ei glideplate til topps og me

var tekne ut nokre vakter som

skulle sjå til kvar på sin stasjon

at glideplata fekk koma

igjennom bukkane. Opet var

mindre enn plata, so ein laut

vera der og snu plata so mykje

at ho gjekk diagonalt gjenom

bukkopningi. Eg hadde nest

siste stasjon, nærast toppen.

Med eg venta gjekk eg inn til

nokre arbeidskarar i brakka

som stod der. Tidi gjekk og

ingi togbane kom igang. Praten

gjekk livleg og karane var

i godlaget. Då, litt over

middag, ropa ein: Der f6r ho.

Utan me hadde høyrt noko var

motoren komen i gang og ved

eit under hadde skiva lagt seg

so mykje på skrå at ho smatt

igjenom. Eg var ute i ein fart

og signaliserte til toppen og alt

gjekk vel. Det hadde vore ein

makeleg dag, men då det var

sundag med prosenttillegg var

eg vorten femti kroner rikare.

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!