13.08.2017 Views

Bygdejol 1972

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Jon O. fiosås:

Eit interessant

Først litt om personane og

garden det gjeld. Ole Pedersen

(Råen 106n) -

den tid skrive

Røen. -

hadde 3 døtre. Den

eldste, Marita, var trulova med

Amund Larsen (Steine 1"66 e).

Dei får skøyte på Råen før dei

er gifte og før Amund er flytt

til garden. Dette var heilt uvanleg,

oftast måtte versonen venta

lenge før han fekk heimel og

full råderett over eigedomen.

Men ein må då hugsa på, at den

tid var truloving ei fastare ordning

enn det vart seinare. Trulovinga

vart kunngjort i kyrkja

og signa av presten, innført i

kyrkjeboka og vitna av 2 mann

at det ikkje var noko i vegen

for giftarmåI. Etter ei slik omstendeleg

kunngjering, var truloving

rekna for omlag like bindande

som ekteskap. Vart ei

slik semja broten, måtte den

skuldige bøta for det.

Kva som var gmnnen til at

Ole Pedersen så snøgt vil overdraga

eigedomen, kjenner ein

skøyte frå 1786

ikkje til. At han gjev verbroren

Ole Larsen (Norheim 145) fullmakt

til å utferda skøytet, kan

tyda på at han var sjukleg. Prisen

på gardan var noko dryg,

iamført med andre gardsal i

samtida, så det kan og tenkjast

at O. P. treng pengar til innpåslitne

kreditorar.

Det fylgde vyrdnad med å eiga

jord, og Amund Larsen tek namnet

Røen så snart skøytet var

skrive.

Garden Råen høyrde til Munkeliv

Kloster i Bergen, men vart

innløyst 1670, og frå den tid har

garden vore i same ætta. Noverande

eigar og brukar av bnr. 1,

Olav O. Råen, er den 10. i rekkju.

Solfrid, kona hans, er frå

Nesna og er i 10. leden ætta frå+

diktarpresten Petter Dass på

Alstadhaug.

Skøytet som har lege på garden

i snart 200 år, er nokolunde

godt å lesa, er skrive på

dansk som den tid også var

norsk skriftmåI.

* Nr. i ( ) visar til Ættarbok for Kvam.

3l

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!