13.08.2017 Views

Bygdejol 1972

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

det harde strevet. - -

Men me

hadde oppdraget med telefonen

og, so me takka for oss og drog

ut i roket att. No hadde me

veret med oss so det var lettare

å koma fram. Snøen var alt so

høg i fjellet at me nådde toppen

av stolpane frå bakken. Me

fann nokre feil og ordna dei.

Då me kom so langt at me kunne

ta på nedveg frå sjølve platået

såg me eit fylgje på fleire

karar koma i mot oss. Det var

ingeniør Baumann som hadde

fått rapport frå den unge ingeniøren

om oss sorn fyrst nekta

gå. Det hadde vorte eit oppgjer

på kammerset og Baumann som

skyna situasjonen, tok ut med

mannskap for å leita etter oss.

Han var glad då han såg det

ikkje feilte oss noko og takka

for at me hadde vølt telefonen

i dette veret. Heimvegen gjekk

lett undan.

I barakka ved togbanestasjonen

på toppen av fjellet var me

to arbeidslag som budde i same

barakka og delte kosten saman.

Det eine laget dreiv på med store

stjerneborar og bora hol til

feste for berekabelen. Det andre

laget arbeidde oppe i dei høge

bukkane og feste og retta inn

for kabelskoene. Kokka var

leist i frå oss, so me skifte med

kokingi kvar sin dag.

Ein dag stod eg for dette arbeidet.

Det leid til middag og

maten var snart kokt, men eg

fann ut at eg hadde tid til å

henta ei vassbytta til oppvasken.

Tok bytta og rusla ut. Litt sudaust

låg brunnen me henta vatnet

or. Den låg 3-4 m under

snøen og der var laga tunnel

med troppesteg ned. -

Eg hadde

henta vatnet og bar bytta

med begge nevane i brysthøgde

opp trappen. Kornen halweis

opp ramla dekket på toppen saman

og stengde opningi. Eg

ramla i brunnen, men den var

ikkje so djup at det nauda noko.

Ja, der sat eg i fella.

Grava var nyttelaust med berre

nevane då snøen var som hard is.

Det var berre å vona at maten

kokte over so dei vakna frå

kortspelet dei som var i barakka.

Det gjekk ei tid, men so

høyrde eg folk over brunnen.

Dei tok til å grava og snart

var eg

Ja, dette var nokre små glimt

frå anleggstidi saman med mange

staute og reinhårige rallarar.

Krigen i I9l4 sette sluttstrek for

meg og mesteparten av arbeidarane.

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!