13.08.2017 Views

Bygdejol 1972

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Atle Biørn Mæhle:

Ei belsing

Då vi hadde avslutning ved

Øystese barneskule våren 1972,

knytte eg nokre ord til eit par

dikt eg har skrive. Det vart

spurt om dei kunne få bruka

dikta i Bygdejol, og om eg i

tilknytning kunne skriva nokre

ord.

;k

Menneska er ikkje like. Nokre

er godt utrusta, har gode evner,

er vakre, er sterke fysisk. Andre

har ikkje fått alle desse gåvene.

Men dei har like stor rett å få

hjelp og få utvikla seg til lukkelege

menneske. Sjølv om arbeidet

med dei svake krev mykje

arbeid og uendeleg tålmod,

må vi aldri gje oss, men prØva

omatt og omatt. Då kan vi oppleva

å gjeva menneske ei glede

og ei hjelp som for dei er mykje

større enn vi trur.

For ti år sidan var eg lærar

eit år ved ein skule på Oster-

Øy. Det var før eg byrja på

lærarskulen. Der var ein elev

som var svært svak. Det var

noko i vegen med minnet hans,

han hugsa mest ingenting. Eg

har vore lite heime dei siste åra,

og har ikkje sett han sidan. Men

bror min, som er noko lik meg,

har møtt han fleire gonger. Kvar

gong har han gått bror min i

rrrøte med eit strålande smil:

"God dag, Atle!" "Eg heiter ikkje

Atle, eg er bror hans., ,,Vil

du helsa til Atle?"

For fleire år sidan skreiv eg

eit dikt som eg har lyst å tileigna

Øystese barneskule. Lærarane

ved skulen har aldri

spart seg i arbeidet for dei svake

elevane. Og eg trur at desse

så lenge dei lever, vil bera i seg

minnet om den læraren eller

lærarinna som mØtte dei med

tillit, med glede og med tålmod.

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!