10.09.2020 Views

Livet har opna seg! Torleiv Austad · selvbiografi

EIN JUNIDAG I 1940, då Torleiv Austad er tre år gamal, tar 70 tyske soldatar seg til rette på prestegarden der han veks opp. Allereie, sidan krigsutbrotet 9. april har heimen vore fylt av folk, nordmenn frå Arendal og Kristiansand som har måtte evakuere frå krigshandlingane. Vi er i Valle i Setesdal. Ei bygd med ein levande forteljartradisjon i ein særeigen og sterk kultur. Faren til Torleiv, som var sokneprest, bryt med det statlege kyrkjestyret i 1942. Mora er frå Fyresdal, som Vidkun Quisling rekna som si heimbygd. Torleiv Austads fortel om sterke minne som har fest seg i sinn og tankar i dei dramatiske okkupasjonsåra. Seinare i livet skulle kyrkjas møte med totalitære ideologiar bli eit særleg interessefelt for han. Alt som ung teolog fekk han Kongens gullmedalje for sitt arbeid, og Austad er fortsatt tydeleg til stades i det offentlege ordskiftet om kyrkjas kamp, rolle og val under krigen. Austad blei aldri prest i ein kyrkjelyd, for livet opna seg på ein annan måte. Som professor og lærar for teologistudentar ved Menighetsfakultetet la han vekt på å opne Bibelen og kyrkje- og teologihistoria for dei som førebur seg til teneste i kyrkja. Austad lid under læremessig usemje, og internasjonalt fann han ein naturleg plass i det verdsvide økumeniske arbeidet. Som forskar, lærar og råd- og utvalsleiar har Austad vore rekna som lågmælt. Men uredd har han stått fram som forsvarar av lange linjer og slitesterk teologi i kyrkjas mangfaldige liv. Det har likevel ikkje hindra han i å vise openheit for å dra lærdom av vårt aukande multikulturelle og multireligiøse samfunn og ny-are teologiske impulsar. Livet har opna seg er Torleiv Austads forteljing om livet sitt – som opnar med eit gripande stykkje noregshistorie frå krigens dagar.

EIN JUNIDAG I 1940, då Torleiv Austad er tre år gamal, tar 70 tyske soldatar seg til rette på prestegarden der han veks opp. Allereie, sidan krigsutbrotet 9. april har heimen vore fylt av folk, nordmenn frå Arendal og Kristiansand som har måtte evakuere frå krigshandlingane.

Vi er i Valle i Setesdal. Ei bygd med ein levande forteljartradisjon i ein særeigen og sterk kultur. Faren til Torleiv, som var sokneprest, bryt med det statlege kyrkjestyret i 1942. Mora er frå Fyresdal, som Vidkun Quisling rekna som si heimbygd. Torleiv Austads fortel om sterke minne som har fest seg i sinn og tankar i dei dramatiske okkupasjonsåra. Seinare i livet skulle kyrkjas møte med totalitære ideologiar bli eit særleg interessefelt for han.

Alt som ung teolog fekk han Kongens gullmedalje for sitt arbeid, og Austad er fortsatt tydeleg til stades i det offentlege ordskiftet om kyrkjas kamp, rolle og val under krigen. Austad blei aldri prest i ein kyrkjelyd, for livet opna seg på ein annan måte. Som professor og lærar for teologistudentar ved Menighetsfakultetet la han vekt på å opne Bibelen og kyrkje- og teologihistoria for dei som førebur seg til teneste i kyrkja. Austad lid under læremessig usemje, og internasjonalt fann han ein naturleg plass i det verdsvide økumeniske arbeidet.

Som forskar, lærar og råd- og utvalsleiar har Austad vore rekna som lågmælt. Men uredd har han stått fram som forsvarar av lange linjer og slitesterk teologi i kyrkjas mangfaldige liv. Det har likevel ikkje hindra han i å vise openheit for å dra lærdom av vårt aukande multikulturelle og multireligiøse samfunn og ny-are teologiske impulsar. Livet har opna seg er Torleiv Austads forteljing om livet sitt – som opnar med eit gripande stykkje noregshistorie frå krigens dagar.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Livet har opna seg!

av kulturtradisjonen sin og tala med age om folk som var djerve og sterke

i slåstkamp. Dei blei rekna som heltar. Det tyktest vere noko i NS sin bruk

av norrøne symbol, ikkje minst av solkrossen, som appellerte til fleire av dei

nasjonalt sinna i bygda. Også helsinga «Heil og sæl» hadde norrøne røter.

Når NS-folk helsa kvarandre med å heve høgrearmen med ei open hand,

kunne det vekkje nasjonale kjensler og tru på ei ærefull framtid blant folk.

I guteflokken eg var med i, gjorde vi narr av denne NS-helsinga ved å seie:

«Heil og sæl – feit og fæl!»

I Valle – som mange andre stader i landet på den tida – var ein redd for

kommunismen og kjende seg skremt av Sovjetsamveldets åtak på Finland

vinteren 1939-40. NS dreiv propaganda for ideologien og politikken sin ved

å åtvare mot den kommunistiske faren som ein var redd ville svekkje kristendommens

stilling i vårt land. Eg høyrde dei vaksne tala om dette trugsmålet,

men var for liten til å skjøne kva det handla om. Derimot visste vi

smågutane at tre unge valldølar melde seg til teneste som frontkjemparar,

og at dei drog ut i krigen på austfronten. Det mislika vi. Ein av frontkjemparane

frå bygda kom aldri heim att. Seinare kom det fram at han blei tatt

til fange og skoten i Russland.

Valldølen Knut O. Bø var disponent i L/L Setesdal Automobilrutor og

budde under okkupasjonen på Byglandsfjord. Han blei fengsla og sendt til

Trandum etter at nazistane greidde å rulle opp motstandsgruppa til major

Arne Laudal i Agder i 1942 – ei gruppe Bø var med i. Vi ungane i Valle høyrde

om dette. Det kom meldingar til folk i bygda om at han blei torturert

og hadde det ille på Trandum. Han fekk mest ikkje mat og svalt, blei det

sagt. Ein dag skulle han visstnok ha fått eit egg å ete, fortalde ein av skulekameratane,

og det såg vi som eit ørlite lyspunkt. Men meldingane som

nådde oss like etterpå, vitna om at han blei sparka og slegen. Vi høyrde at

nazistane skulle ha trekt ut tennene hans, utan at vi visste om det var sant.

Eg minnest at vi ungane blei veldig triste då det blei kjent at Knut O. Bø

var skoten i Trandumskogen i 1944. I juli 1945 blei han gravlagd på Valle

kyrkjegard. Det skal ha vore om lag tusen menneske der. Eg var då på heia

og gjette og kom derfor ikkje heim til gravferda.

24

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!