21.04.2021 Views

Unikum april 2021

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KYLLINGLÅR MED FYLDIG

POTETSTAPPE OG

MAT

OVNSBAKTE RESTEGRØNSKAR

Foto: Ingrid Krossbakken

Ingrid Krossbakken

Skribent

Dersom du har litt ekstra grønsaker i kjøleskapet,

som begynner å synge på siste verset er dette ein fin

oppskrift å få bruka dei opp på. Å ovnsbake grønsaker

er både godt og enkelt, og saman med ein fyldig

potetstappe og saftig kyllinglår, vert det ein sunn og

velsmakande middag.

INGREDIENSAR (EIN PORSJON):

• 1 kyllinglår rå

• 4 poteter

• 1 ss smør

• 2 dl matfløte

• 1 gulrot

• ¼ kålrot

• 5 cherrytomater

• ½ løk

• 1 fedd hvitløk

• Olje

• Salt

• Pepper

• Paprikakrydder (kan sløyfast)

SLIK GJER DU:

1. Sett omnen på 200 grader

2. Vend kyllinglåret i olje, paprikakrydder, salt og pepper,

og legg det på eit bakepapir kledd steikebrett

3. Kutt grønsakane i biter, krydre dei med salt og pepper

og olje, og legg dei saman med kyllinglåret

4. Steik grønsakane og kyllinglåret i ca. 40 min

5. Skrell og kutt potetane i store biter. Kok dei til dei er møre

6. Hell kokevatnet av potetane og knus

dei med ein gaffel eller liknande

7. Rør inn smør og matfløte, til du får ein fyldig potetstappe.

Smak til med salt og pepper

TIPS:

• Til potetstappe bruker eg mandelpotet, som

gir god smak og konsistens

• Bruk dei grønsakene du har, men rotgrønsaker

smaker spesielt godt ovnsbakt

APRIL 2021 UNIKUM NR 4 15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!