17.07.2013 Views

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

NORSK TIDEND NR. 5 – 2011

Foto: Knut Bry

Ein koreansk draum

«Skal du ikkje

låse?», spør ein

koreanar guiden

på veg ut av

Engelsk-kyrkja.

Nitti minutt i

Balestrand er nok

til å gjere ti sørkoreanarar

djupt

forbløff a over

Noreg.

Kakikledde og berande på

feite pressekamera skil denne

turistgruppa seg ut. Med

Innovasjon Noreg i ryggen

er dei ti pressefolka frå Seoul

på reise for å fortelje avislesarar

heime om Noreg, dette

jomfruelege, rike landet

nord i Europa. Balestrand

er eitt av få stopp. Dei ti ser

seg svoltent rundt, der dei

traskar i ein liten hale bak

den lokale guiden. Denne

vesle, fredelege landsbyen

– er det Noreg i eit nøtteskal?

Gruppa traskar

utover mot Balahaugen.

Dei veit ikkje kor heldige

dei er. Bygda tek seg godt

ut i dag; lauvet er på veg

ut, orden algegrøn, elltoppane

framleis kvite.

Balestrand på sitt mest

overveldande, klar til

knipsing.

«Ein kollega av meg

fekk livet sitt snudd opp

ned etter å ha sett ordane»,

fortel ein ung

journalist ved den grublande

av Kong Bele.

«Han var utanriksjournalist,

og så fort

han kunne, oppsøkte

han ambassaden for

å få vite korleis han

kunne bli norsk statsborgar».

Vi passerer hagar

der folk sit i lune

krokar og pratar

over ein kaffi kopp.

Ei kvinne som syklar

forbi med den

vesle dottera si på

bagasjebrettet, blir

møtt med intens

kameraknatring.

Guiden på kulturvandringa,

Mary

Menes, helsar.

Knipsinga roar

seg, men den

vesle situasjonen har gjort inntrykk.

«Alle er så avslappa her»,

seier ein av journalistane. «Mary

ser ut til å kjenne alle. Seoul, derimot,

er aggressivt. Folk jagar rundt

og er travle».

Mary er engelsk, men har

budd i Balestrand i litt over eit

halvt hundreår. Ho var den første

som dreiv turistkontoret i bygda.

Ho fortel levande om korleis den

tyske keisaren kom til å vanke i

ordane. Om Fridtjof den frøkne

og Balestrand sin første epoke som

turiststad. Neste stopp er Villa

Normann, eitt av dei raude drakestilshusa

med «the Norwegian

feeling». Mary kjenner eigaren, og

tek gruppa med fram i hagen for

å studere huset på nært hald. Dei

heidenske drakehovuda vekkjer

forundring. For sa ikkje Mary at

nordmenn fl est tilhøyrde statskyrkja?

Ved Askelund Futegard skal

følgjet snu. Mary gir pressefolka

litt tid før ho ropar dei til seg. Den

erfarne guiden har sett mykje endre

seg sidan ho kom til Balestrand

i 1958. «Den gongen rodde folk

til Tjugum kyrkje på søndagar»,

smiler Mary. I dei dagar var det

fem bilar i bygda. Dei tilhøyrde

lensmannen, doktoren og andre

med sentrale stillingar. «Folk var

medvitne om sin plass i samfunnet»,

forklarar Mary. «Vanlege

balestrendingar letta på hua til

visse andre». Gjennom åra er klasseskiljet

viska ut, til liks med skiljet

mellom turist og balestrending.

«Men det var først då balestrendingar

sjølve tok til å reise, at ting

blei annleis», seier Mary.

Ho ser nervøst på klokka. Sørkoreanarane

har eit stramt skjema,

og må snart vere tilbake på Kviknes.

Fotografane er i gang med å

knipse kvarandre og ein norsk fotograf

dei har fått høyre er kjendis:

«Is he really famous? I’m doing a

story on him!», kunngjer ei kvinne

og hentar fram skriveblokka.

På tilbakevegen kjem PR-agenten

Nancy og grip meg i armen.

Vi går fort og med korte steg mot

Kviknes mens ho fortel at mange

frå Sør-Korea ønskjer å oppleve

Noreg, med vekt på «oppleve».

Folk i det nye Sør-Korea er nemleg

ute etter meir enn attraksjonar og

vakre ordar. Som nordmenn har

også dei fått meir mellom hendene,

og velstanden har gjort noko med

dei. «Tourist» er blitt «visitor»,

forklarar Nancy. «Vi vil bu her og

oppleve dykk. Det held ikkje lenger

berre å sjå».

Ein kvinneleg journalist kjem

bort for å dele tankar om paradiset

Noreg. «I Sør-Korea betyr karriere

alt. Menn må vere på kontoret

frå ni til ni for å vere gode nok, og

gjerne gå ut etterpå. Alle strevar

etter status og tekniske duppedittar».

Ein mannleg skribent seier

han godt kunne tenke seg livet i

Noreg – skrive bøker og vandre i

ellet. Den kvinnelege journalisten

held fram: «Noreg og ordane er

vakkert og har rein luft og blide

menneske.

KNUT BRY (FOTO)

IDUN A. HUSABØ

Bileta og teksten er henta frå

boka Balestrand (Skald, 2011).

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!