17.07.2013 Views

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

simpelt språk?

setjinga i praksis vart noko «konservativ».

Vala av lese- og seiemåtar heldt seg nær

til dei tradisjonelle bibelutgåvene. Det

å bruke folkespråket var i seg sjølv så

drastisk at omsetjargruppa vegra seg for

å støyte lesarane meir enn naudsynt. Slik

fekk høgtidspreget prioritet framfor det

talemålsnære. Men om formuleringane

stundom var litt kronglete, vart landsmålstestamentet

ei «grunntekst» for vidare

arbeid med nynorsk kyrkjespråk.

Norskdom og kristendom

I 1890-åra og tidleg på 1900-talet utvikla

nynorsken seg frå å vere stempla

som fritenkjarsk til å få departementalt

autoritetsstempel til kyrkjebruk. Det

vart arbeidt vidare med bibelomsetjing,

bibel- og kyrkjesoger, nye katekisme- og

forklåringsutgåver og salmar og songar til

gudstenestebruk så vel som for vekkingskristendomen

på bedehusa.

Prosessane gjekk raskare i kyrkja og

skulen enn i lekmannsmiljøa og mange

heimar. For det eine hadde det med

statskyrkjeordninga å gjere. Dei folkelege

rørslene fekk ein oppslutnad i storting

og styringsverk som pressa reformer på

eit til dels motviljug presteskap. I tillegg

meiner eg at den norske

NORSK TIDEND NR. 5 – 2011

lekmannskristendomen – til liks med frikyrkjene

i landet – generelt har vore meir

konservativ og skeptisk til endringar enn

folkekyrkja. Dei nasjonale straumane som

inkluderte målfolket og ei veksande frilynt

ungdomsrørsle slo raskare inn i soknekyrkjene

enn i bedehusa.

Koplinga av kristendom og norskdom

vart særleg tydeleg frå tida kring hundreårsskiftet.

I hovudstaden vart det arbeidt

for ei landsmålskyrkje, og etter kvart kom

det eigne målprestar både der og i andre

bispedøme.

Det offi sielle gjennombrotet for nynorsk

kyrkjespråk ser eg i og med autorisasjonen

av tekst- og altarboka hausten

1907. Frå då var det ingen veg attende.

Sjølv om det skulle gå nye orten år før

heile Bibelen var sett om, og sjølv om

prestane lenge kunne setje seg imot lokale

ynske om skifte av liturgispråk, hadde

nynorsken openbert vunne innpass i Den

norske kyrkja.

Anton Chr. Bang var biskop i hovudstaden

frå 1896 til 1912. I åra rundt hundreårsskiftet

var han den einaste biskopen

som rådde til at landsmålet fekk innpass i

gudstenestelivet. Fyrst med utnemninga

av V.A. Wexelsen i 1905 fekk han ein kollega

som var positiv til målsaka.

Dei fyrste praktiserande målbispane

vart sunnmøringen

Bernt Støylen

(Kristiansand

«alt det Narrevæsen med Maal-, Kvinde- og Totalafholdssagen,

og alt det radikale Kjeltringvæsen»

1913–1930) og jærbuen Peter Hognestad

(Bergen 1916–1931). Grunnleggjarane

av det nynorske kyrkjespråket høyrde til

eit akademisk, kristeleg og folkeleg miljø.

Gjennom klassereisa hadde dei teke vare

på ein bagasje frå allmugen og bygdekulturen

som plasserte dei på venstresida i

politikken.

Nytt kyrkjespråk

Kva så med språkstoda på det religiøse

området i dag? Både talemål og skriftspråk

er i utvikling. Dermed er heller ikkje

bibeltekstene omsette ein gong for alle.

Det vil alltid vere behov for endringar.

Det norske bibelselskap har nettopp

lansert ei ny omsetjing av Bibelen. Omsetjingsarbeidet

til bokmål og nynorsk

har gått føre seg parallelt, og selskapet har

gjort seg nytte av kompetente folk både

når det gjeld forståinga av grunntekstene

og bruken av moderne norsk. Hebraiskog

greskkunnige teologar har samarbeidd

med fi lologar og forfattarar om den stilistiske

utforminga.

I pionertida for nynorsk kyrkjemål var

det stor skepsis i Bibelselskapet mot å ta

ansvar for utgåver på folkespråket. Det

var som nemnt Samlaget som stod føre

det fyrste landsmåls-testamentet (1889),

og seinare vart det Studentmållaget i Oslo

som fekk omsett heile Bibelen Bibelen (1921).

I det siste halve hundreåret har derimot

selskapet arbeidt grundig grundig og godt godt

med med dei dei to norske målformene målformene på ein

jamstelt måte. Som Som i 1880-åra er det også også

på 2000-talet mange omsyn å ta når bibeltekstene

skal setjast om til dagens

levande språk. Aasen-orda om å

gjere alle til lags, gjeld i høg grad for

heilage tekster.

Somme vil like og andre vil

mislike at «or» mange stader er

skifta ut med «ut av», at grannar

har vorte naboar, og at «verken» tek

over for «korkje». Meir skeptisk er

eg til at «kyrkjelyd» er skifta ut med

«forsamling». Den tradisjonelle nynorsktermen

minte oss om at «kyrkje»

og «kyrkjelyd» gjev att det

same ordet frå grunnteksta.

Dei jødiske gudshusa

og forsamlingane vart på

landsmål fyrst kalla «stemnestover”.

Frå 1907 har dei

vore «synagoger», men

den siste omsetjinga

har endra kjønnet til

maskulinum. Ordet er

hokjønn på gresk og

innarbeidt som det

på nynorsk. Kvifor

då dette grammatikalske

kjønnsskiftet?

Slike småkritiske

spørsmål rokkar ikkje

hovudinntrykket

av at den nye bibelutgåva

er svært god. Ta

og les! Ved å samanlikne

Foto: Bibelselskapet/Dag Kjær Smemo

ulike omsetjingar vil

ein oppdage nye

Car Paul Caspari, 1884Åsa Palviainen

sider og få meir ut av tekstene.

Andre kyrkjelege organ har ikkje hatt

like god hand med nynorsken som Bibelselskapet.

Gjennom dei siste åra har også

gudstenesteordninga vore under revisjon.

Sommaren 2008 sende Kyrkjerådet den

reforma på høyring. Då var dei nynorske

tekstene så fulle av feil at ein kunne undrast

på om dei var konverterte frå bokmål

av eit dårleg dataverkty.

Innimellom mange korrekte former

kunne me lese reine bokmålsord som

«se», «anse» og «vann» i tillegg til ei rekkje

bastardar som «fråvikes», «avgjeringar»,

«kyrkjelydsrådet» og «beskriving».

Då slurvet kom fram i media, vart det

skulda på hastverk.

Dette er tankevekkande i forhold til

den tidlege historia om kyrkjeleg nynorsk.

I ei tid heilt utan skrivemaskinar eller dataverkty,

før det fanst noko nynorsk rettskrivingsordbok

og medan kyrkja enno

ikkje hadde annan administrativ stab enn

den departementale, vart det verkeleg

investert tid, krefter og pengar på å forme

eit nytt bibel- og kyrkjespråk. Den gongen

var landet vårt ganske fattig, men det vart

løyvt ressursar og arbeidt samvitsfullt

med å gje dei religiøse tekstene eit så korrekt,

godt og tenleg språk som råd.

På slutten av 1800- og byrjinga av

1900-talet streva kompetente folk med

salmar, katekismer, bibelord og liturgiske

tekster i dagar, månader og år. For

å få gode resultat laut det samarbeid til.

«Oversættelsen af Menighedens Grundtro

(Den apostoliske truvedkjenninga)

og Grundbøn (Fadervår) er intet let Arbeide»,

skreiv Matias Skard i 1879, «Det

overstiger Enkeltmandens Kræfter.» Sjølv

sat han gjennom 1880-åra i mange og

lange møte med Johannes Belsheim, Elias

Blix og Ivar Aasen for å fi nne dei rettaste

og beste norske attgjevingane av gresken i

Det nye testamentet.

Sjølv om «Aasen og Belsheim var

svære til å fortelja historier så arbeidet

stundom vart noko bortheft», heldt dei

fast ved motivasjonen og fullførte eit arbeid

som det framleis står stor respekt av.

Seinare fann liknande drøftingar og fl ikkingar

stad med omsyn på den nynorske

liturgien. Berre det beste var godt nok når

folkemålet skulle gjerast til kyrkjespråk.

Dei gav oss ein arv.

PER HALSE

Per Halse er teolog og har sidan 1991 undervist i

kristendomskunnskap ved Høgskulen i Volda. Han

har doktorgrad frå Universitetet i Oslo med avhandlinga

«Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk

kyrkjespråk 1859 –1908» (2009). Avhandlinga fi nst

også i bokform: Gudsord og folkespråk. Då nynorsk

vart kyrkjemål, Tapir akademisk forlag (2011).

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!