17.07.2013 Views

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

– Viktige val for kyrkjemålet

Val av kyrkjemål er ei

sak som vert meir og

meir aktuell i sokneråd

over heile landet.

Arve Nilsen, kyrkjefagsjef i Agder

og Telemark bispedømeråd, vart

invitert til haustseminaret for å

fortelje om kva som er lovverket

knytt til kyrkjemålsrøystingar.

– Det er ikkje så reint sjeldan

eg får telefon frå folk som kan fortelje

at eit sokneråd ikkje har følgt

reglane for skifte av kyrkjemål. Mi

erfaring er at ofte har soknerådet

gjort alt etter reglane, fortel Arve

Nilsen.

Han arbeider i eit bispedøme

der spørsmålet om eit sokneråd

skal vere nynorsk eller bokmål, er

aktuelt fleire stader.

– Og om ein ynskjer å påverke

desse vala, må ein følgje med på

informasjon og innkallingar til

soknerådsmøte.

Klare reglar

– Reglane er klare. Soknerådet

kan kalle inn til soknerådsmøte

der val av kyrkjemål er eiga sak.

Eller så kan 20 personar med røysterett

i soknet krevje at det vert

kalla inn til soknerådsmøte for å

halde kyrkjemålsrøysting, fortel

Nilsen.

Ifølgje reglane skal møtet vere

kalla inn med 14 dagars varsel, og

i innkallinga skal det stå kva sak

som skal opp til debatt og røysting.

Følgjer soknerådet desse reglane,

er prosessen i gang.

– Alle har sjølv ansvar for å

halde seg informert om kva som

skjer i kyrkja, påpeikar Nilsen.

Han legg til at det er viktig å

6

AnsvAr: – Alle har sjølv ansvar for å halde seg informert om kva som skjer i

kyrkja, påpeikar Arve Nilsen, kyrkjefagsjef i Agder og Telemark bispedømmeråd.

Foto: Borghild Løver

debattere utsemje i kyrkja, og det

kan vere viktig å vere usamde frå

tid til annan.

Soknerådsmøtet avgjer

– Soknerådsmøtet har uttalerett i

mange saker, men i val av kyrkjemål

er det soknerådsmøtet som

avgjer, fortel Nilsen.

Alle som er medlemer i Den

norske kyrkja i eit sokn, kan møte

opp på soknerådsmøte og røyste.

Alle som vil bruke røysteretten,

lyt møte fram for å få røyste. Berre

dei som bur i soknet kan røyste,

og ein får røysterett ved sjølv å

møte opp på soknerådsmøtet.

I lova om kyrkja står det ikkje

noko om nynorsk eller bokmål

i kyrkja. Det står at soknerådsmøtet

skal avgjere liturgien. Og

i denne setninga ligg det innforstått

at dette gjeld språkspørsmålet.

– Det står ingenting i lova om

nynorsk eller bokmål i kyrkja.

Dette vert regulert av rundskriv

sendt ut frå departementet 2. februar

1987. I dette rundskrivet

står det nærmare retningslinjer,

fortel Nilsen.

Rundskrivet klargjer at det

er soknerådsmøtet som avgjer

målform for liturgien. Presten

avgjer sjølv korleis han eller ho vil

snakke, og ved kyrkjelege handlingar

som vert utførde i samband

med gudstenesta, må presten

Nynorsk i Agder og Telemark bispedømmeråd

Agder og Telemark bispedømmeråd

skal vere eit nynorsk bispedømme.

Avtroppande biskop Olav

Skjevesland har vore tydeleg på at

han ynskte å sleppe denne merkelappen,

men Språkrådet har

vore like tydeleg på at det bispedømmet

er nynorsk.

– Eg vil gjerne seie at vi prøver

å følgje opp nynorskvedtaket.

Men eg ynskjer å få fram at

det ofte ikkje er viljen det står

på, men mange praktiske hinder

for å gjennomføre nynorsk over

alt. Ofte kan det vere problem

å få tilsett fagfolk som vil bruke

nynorsk, og også staten skriv

bokmålsbrev til bispedømmet,

fortel Arve Nilsen. Han peika på

at målfolk må tenkje over korleis

KyrKjemål

◆ Bruk av målform i kyrkjene

(Rundskriv F-17/87) (utdrag frå

rundskrivet)

◆ Etter lov om Den norske kirkes

ordning av 29. april 1953 §

32b avgjer soknemøtet kva for

salmebok som skal nyttast i

kyrkjelyden, og kva for målform

i liturgien skal vera på. Presten

sjølv avgjer kva for eitt av dei to

måla han vil preike på. Ved kyrkjelege

handlingar som vert utførde

i samband med gudstenesta, må

presten nytta den målforma som

gjeld i kyrkjelyden.

◆ Ved kongeleg resolusjon 3. mai

1935 er fastsett at liturgien i den

målforma som ikkje er vedteken av

kyrkjelyden, kan nyttast ved høve

eller eit visst tal gonger kvart år når

vedkomande prest etter samråd

med soknerådet finn det ønskjeleg.

nytte den målforma som gjeld i

kyrkjelyden.

– Utover dette opnar rundskrivet

for fleire måtar å organisere

dette med språk i kyrkja på.

Og om det er interessegrupper

som ynskjer meir bokmål i kyrkja,

så opnar rundskrivet for det. Slik

eg opplever det, vert rundskrivet

mange stader brukt til å få meir

bokmål inn i nynorske sokn, seier

Nilsen.

Men han peika også på at det

opnar for å få meir nynorsk inn i

bokmålssokn, om soknerådet og

presten ynskjer det.

Hege LotHe

hege.lothe@nm.no

mottakarane opplever stadig kritikk

og klager.

– Eg vil veldig gjerne ha eit

nærare samarbeid med mållaga

i regionen, og eg vil veldig gjerne

invitere dykk til møte for å drøfte

desse sakene, seier Arve Nilsen.

– Kven kjem frå det einaste nyskipa

laget i Vest-Agder Mållag på fleire

tiår? spurte Håvard B. Øvregård på

festmiddagen på haustseminaret.

Svein Kjørvik frå Kvås Mållag retta

opp handa. Foto: Borghild Løver

Heider til

Kvås Mållag

Kvås Mållag i Lyngdal vart

starta opp att i februar i år.

Laget vart skipa for hundre år

sidan, i 1911. Laget sovna inn

att på eitt eller anna tidspunkt,

men i vår var altså dvalen over.

Borghild Løver, skrivar

for Mållaga på Agder, har vore

tett medhjelpar i oppattskipinga,

og på haustseminaret

på Lista var det tid for å gjere

stas på det nyskipa laget.

Håvard B. Øvregård, leiar

i Noregs Mållag, overrekte ei

gåve på 500 kroner frå krambua

til Mållaget, og ynskte

lukke til med arbeidet.

– Bestefaren min var med

på å stifte laget i 1911, så eg

tykkjer det er veldig kjekt

å vere med å starte opp att

laget i 2011, fortalde Svein

Kjørvik frå Kvås Mållag.

Meir nynorsk

i strand?

– Me opplevde det slik at

Strand vil jobba med å få meir

nynorsk i kommunen, seier

leiaren i Strand Mållag, Knut

Falk.

Han har undersøkt og

funne ut at 90 prosent av

offentlege sakspapir, annonsar

og liknande frå Strand

kommune er på bokmål.

Resterande 10 prosent er på

nynorsk.

– Talet på elevar som

brukar nynorsk i skulen i

Strand aukar, ikkje minst på

Jørpeland. Det er eit godt utgangspunkt

for å setja søkjelys

på kommunen sin bruk av

nynorsk, seier Falk, som opplevde

at dei blei tatt på alvor

av leiinga i kommunen.

– Me har ikkje ein regel

om å bruka ein bestemt del

nynorsk, saksbehandlarane

styrer dette sjølv. Men det er

fint om me kan bruka meir nynorsk,

seier rådmann Jon Ola

Syrstad, som meiner mållaget

si problemstilling er aktuell i

Strand.

Han utelukkar ikkje at det

kan bli meir bruk av nynorsk

i det offentlege. Rådmannen

vil gjerne stimulera dei tilsette

i kommunen til å bruka meir

nynorsk, og at det blir meir

balanse mellom målformene.

Ordførar Helge Steinsvåg

meiner møtet med mållaget

var ein vekkar, og at kommunen

nok søv litt i timen.

– Me trong på mange måtar

litt den påminninga som

mållaget kom med. Det skal

lite til for å få ein betre balanse

av dei to målformene, seier

han. (Strandbuen)

Norsk TideNd Nr. 5 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!