17.07.2013 Views

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nynorsk redaktørpris

til Bente Riise

Bente Riise, redaktør for tidsskriftet

Syn og Segn, er tildelt Nynorsk

redaktørpris for 2011. Prisen blei

delt ut under Dei nynorske mediedagane

i Oslo.

Juryen meiner Riise har gjort

ein stor og viktig innsats for nynorsk

som mediespråk dei åra ho

har vore redaktør for bladet.

– Ho har modernisert og popularisert

det gamle og ærverdige

tidsskriftet. Gjennom dette arbeidet

har ho klart å gjera tidsskriftet

til ein interessant arena også for

journalistar, forfattarar, forskarar

og andre skribentar som ikkje i utgangspunktet

trur dei kan eller vil

skriva nynorsk, heiter det i grunngjevinga.

Juryen peikar vidare på

at Riise driv utstrekt talentspeiding

blant yngre potensielle gode pennar

og arbeider systematisk med

coaching og tilbakemeldingar for

å halda høg kvalitet både når det

gjeld innhald og språk.

Engasjementet for nynorsk

mediespråk avgrensar seg ikkje

berre til eigen redaksjon. Gjennom

vervet som leiar i Norsk tidsskriftforening

og det store kontaktnettet

sitt har Riise også gjort eit stort

og viktig arbeid med å gjera nynorsken

synleg og naturleg i fleire

miljø der han ikkje står høgt på

agendaen, meiner juryen.

I perioden Bente Riise har vore

redaktør for Syn og Segn, har tidsskriftet

både blitt kåra til Årets

tidsskrift i Noreg og Årets tidsskrift

i Norden. (NPK)

NYNoRsk HEidER: Redaktør i Syn og Segn, Bente Riise (t.h.), blei 21, oktober

tildelt Nynorsk redaktørpris av leiar i Mediemållaget Berit Rekve. Foto: Margunn Sundfjord/NPK

Fagbokpris for museumsforteljingar

Nynorsk fagbokpris for 2011 går til

Sigrid Lien og Hilde Nielssen (UiB)

for prosjektet «Museumsforteljingar:

minne og tagnad i kulturhistoriske

utstillingar». I boka vil forfattarane gje

ei innføring i teoretiske og metodiske

grunnlagsproblem knytte til kulturhistoriske

museumsutstillingar. Kva

forteljingar blir fortalde gjennom desse

utstillingane? Korleis blir det fortalt? Og

kva blir det tagd om?

Sigrid Lien er professor i kunsthistorie

ved Universitetet i Bergen, og Hilde

Nielssen post.doc. i antropologi same

stad.

Nynorsk fagbokpris er på 100

000 kroner og er oppretta av og vert

forvalta av Skuleboknemndi åt Studentmållaget

i Oslo og Det Norske

Samlaget.

Juryen for prisen dette året har vore

samansett av Birgitta Lim Ersland og

Astrid Marie Grov (frå Skuleboknemndi

åt Studentmållaget i Oslo) og Kjetil Sjølie

og Beate Homlong (frå Det Norske

Samlaget).

Sigrid Lien og Hilde Nielssen får pris for prosjekt om museumsforteljingar.

i nynorskens skog

LaNdskviNNa: Herborg Kråkevik vil vere humoristisk,

men også vise eit visst alvor i den nye framsyninga

si «Kjære landsmenn!» Foto: Mona Nordøy / Herborgkrakevik.no

I Herborgs sinn

Teatersalen er verda til Herborg

fram til jul – og der ser ho med

skrått blikk på Noreg.

Om framsyninga «Kjære landsmenn!» med undertittelen

«Mellom bakkar og Himmelbjerg»

heiter det at ho har samla mot til å stå fram som

«dansk kikkar på det norske».

– Eg er inspirert av at eg har budd vekke frå

landet mitt i nokre år, og sett det utanfrå, seier

Kråkevik, som fann seg dansk ektemann og

stifta familie i landet der det er herleg å vere

norsk.

Humor og alvor

Likevel var det norske tema som kverna rundt i

hovudet hennar då ho byrja å lage små tekstar,

fortel ho til NTB.

– Først tenkte eg dei som mellomtekstar til

ein konsert, men så vart det til teater. For at eg

skulle kunne vere både frekk nok og audmjuk

nok om Noreg, trong eg eit større format. Då

trong eg ein stad der eg fekk gjere begge deler

– både å vere humoristisk, men også få vise eit

visst alvor.

Ein del andre stader ønskte seg visst berre

den morosame Herborg. Derfor slo ho seg i lag

med Det Norske Teatret, og fekk teatersjefen

sjølv – Erik Ulfsby – som regissør i ein samproduksjon.

– Alle må innsjå at livet er kort og at vi skal

døy av det. Då må vi tenkje etter kva vi skal

bruke det til. Ting som dette vil eg filosofere

over, før eg må gå vidare i framsyninga til neste

post; akkurat slik vi må i livet, seier Kråkevik.

– Hulter til bulter

«Kjære landsmenn!» vert karakterisert som

ei blanding av kabaret og teatermonolog, der

brevskrivaren bryt ut i song, parodiering, trylling,

resitasjon og dans når det trengst.

Denne dagen skal Kråkevik presentere eit utdrag

frå framsyninga, samtidig som ho skal promotere

plata «Alltid i mitt sinn» – der songane

ho gjer på teatret er spelte inn i studio.

– Det er teatermusikk, men det let så fint at

vi lagde plate også!

Musikalsk leiar for framsyninga og produsent

for plata er Kjetil Bjerkestrand. Dei to

jobba saman også om «Herborgs verden» frå

1998.

Gitte Johannessen

NPK

Tips oss! Vi vil gjerne vite kva som spring som ville hestar gjennom nynorskens skog. Send e-post til kjartan.helleve@nm.no.

Gode karakterar i

sogn og Fjordane

Avgangselevane i grunnskulen i

Sogn og Fjordane har levert gode

resultat i år, viser karakteroversikta

frå Utdanningsdirektoratet. Sogn og

Fjordane har best resultat i norsk sidemål.

I norsk hovudmål, engelsk og

matematikk har ingen betre resultat,

men fleire andre fylke ligg likt.

Elevane i Sogn og Fjordane held

seg i landstoppen når det gjeld engelsk,

matematikk og norsk. I norsk

sidemål går dei heilt til topps med eit

snitt på 3,7 der det nasjonale snittet

er 3,2. For hovudmålet er tala 3,6 for

fylket og 3,5 for heile landet. (NPK)

opplysningspris til

Wikimedia Noreg

Wikimedia Norge har fått Folkeopplysningsprisen

2011, som blir gitt til

personar eller organisasjonar

for framifrå

arbeid med å gjere

kunnskap og læring

tilgjengeleg for alle.

Leiar av Wikimedia

Noreg, Jarle Vines, var

glad for prisen.

– Det er ei stor ære og ei heidring

av Wikipedia som kunnskapsdugnad

i Noreg. Folkeopplysninga byggjer

på å spreie kunnskap mellom vanlege

folk. Wikipedia tek dette eit steg

vidare ved at det er vanlege folk som

er folkeopplysarane og står for kunnskapen.

Med vår visjon om å gjere all

verdas kunnskap tilgjengeleg for alle

menneske, vågar eg påstanden at

Wikipedia er det største folkeopplysningsprosjektet

i verdshistoria, seier

styreleiar Jarle Vines.

Knut Fausko Foto: Hallingdølen

Målpris til Fausko

Tidleg i oktober skipa Hemsedal

Mållag til dialektfest i Kultursalen på

kommunehuset.

– No skal me gjere litt stas på deg,

sa Kjell Snerte i mållaget etter at

Knut Fausko hadde spelt hardingfele

og var på veg av scena.

– Knut er ein veldig viktig pionér

for å halde ved like og bruke hallingdialekten.

Han har gjort mykje i

kulturlivet i Hemsedal dei siste 30–40

åra, fortalde Snerte.

– Etter kvart som turismen har

auka, har både halling og nynorsk

kome i klem. Difor er det utruleg

viktig at slike som Knut ser verdien

av å bruke dialekten og nynorsken i

næringslivet, meinte Snerte.

– Dette var veldig triveleg, sa

Fausko etter å ha teke imot prisen.

Han undrar seg over kvifor ikkje nynorsk

blir meir brukt i næringslivet.

– Det er heile profilen vår. Det

er naturleg å bruke nynorsk som

skriftmål og hallingdialekten i Fausko

skysstasjon, sa han. (Hallingdølen)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!