23.07.2013 Views

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

sk skoler sk oler oleringss

oler ingss ingsstof ingss of off of

veggen eller begerblada hos slike planter, og det

er blitt hevda at fotosyntesen i vevet rundt frøa eller

fruktene er viktig og nødvendig for at planten skal

greie å produsere nok energirik olje for elaiosoma.

Fleire av artane, t.d. hårfrytle, kusymre, lerkespore,

kystmyrklegg, rødtvetann og blåveis, har lite styrkevev

i stengelen, og vert bøygde mot bakken ved

mogninga grunna redusert væsketrykk i cellene.

Dermed får mauren lett fatt i frøa eller fruktene.

Normalt er denne typen frø eller frukter så glatte

og harde at mauren berre et elaiosoma og ikkje

frøa eller fruktene.

Normalt utgjer elaiosoma berre 5-10% av frøa

eller fruktene sin tørrmasse, og mykje tyder på at

mauren ikkje vert tiltrekt av sjølve oljen i elaiosoma,

men av eit flyktig luktstoff. I alle høve reagerer

mauren primært på frø eller frukter som nettopp

har falt på bakken. Maurfrøspreiing er rekna for å

vere effektiv, grunna den store mengda med maur

i skogbotnen og det høge aktivitetsnivået hos

desse dyra. Ofte vert frøa frakta ned i sprekker

eller gangar i jorda, og dette i seg sjølv fremjar

sjansane for spiring og hindrar også at frøa vert

etne av t.d. fugl eller mus. Nyare forsking har også

vist at sjølve fjerninga av elaiosoma frå frøa som

maurane er ansvarlege for, fremjar både spireevna

og vekstfarten. Det faktum at mange planter

med frøspreiing produserer få frø, t.d. småmarimjelle

med berre to frø per kapsel, indikerer i alle

høve at dette er ein sikker spreiingsmetode hos

desse planteartane. I pedagogisk samanheng er

maurspreiing såleis eit spesielt interessant og

lærerikt døme på eit særs finstemt samspel mellom

planter og dyr, som bør få meir plass i lærebøker

både når det gjeld tekst og bilde. I særleg

grad saknar ein fotografisk materiale som viser

elaiosoma og plasseringa av slike strukturar på

dei ymse frøa eller fruktene. Hos artane nemde

ovanfor er elaiosoma kvite og er særleg lett synlege

hos artar med svarte frø, t.d. lerkespore. Hos

nokre artar t.d. marimjellene og dauvnesle er

elaiosoma forholdsvis store i forhold til frøa og

dermed lett synlege av den grunn, og kan studerast

med lupe ute i felten (figur 1). Marimjellene

bøyer seg ikkje ned ved frømogninga, men slep-

per frøa enkeltvis ned på bakken, dvs. maurane

må leite opp kvart einskildt frø. I tillegg er marimjellefrøa

såpass store at mauren neppe finn det

brytet vert å frakte dei særleg langt avgarde, trass

i at elaiosomet er ekstra stort hos desse artane. I

alle høve veks marimjellene nesten alltid i tette

klynger, noko som indikerer at frøspreiingsmekanismen

ikkje er særleg effektiv. Hårfrytle derimot

veks ikkje i klynger, men spreidd utover overalt i

skogen, noko som indikerer ei effektiv maurfrøspreiing.

Hos mange av artane med maurspreiing er

elaiosomet festa direkte til frøet, men hos artar

med nøttefrukt t.d. tvetannartane er det festa

utanpå fruktknuten, dvs. nøtteskalet. Hos arten

rødknapp er elaiosomet festa utanpåt ytterbegeret,

på motsatt side av begerblada som er tannforma

hos denne arten (figur 1). Elaiosomet utviklar

seg hos mange artar frå frøkvitevevet (endospermen),

medan det elles varierer frå art til art

kva for vev som dannar grunnlag for denne strukturen.

Hos rødknapp har såleis nyare forsking vist

at det er vev frå begerdelen epicalyx som blir

omforma til elaiosom. Ytterbegeret hos rødknapp

er alltid dekt av lange hår og det er blitt hevda at

desse hindrar mauren i å ete frukta og frøa (figur

1). Rødknapp har også hårete stengel og bøyer

seg ikkje ned ved mogninga, så det er sannsynleg

at håra på ytterbegeret også gjev ei viss vindspreiing

av fruktene slik at mauren kan plukke dei

opp frå bakken (figur 1).

Også hos fleire av dei andre plantene nemde

ovanfor, kan frøa bli spreidde på andre måtar enn

vha. maur. Kapselen hos blåfjør brekker såleis

lett av og kan bli frakta eit godt stykke gjennom

lufta ved hjelp av vinden då to av begerblada er

store og fungerer som venger. Deretter kan maur

frakte frøa vidare avgarde. Hos grasarten hengeaks

derimot blir fruktene med oljehaldig struktur

først og fremst spreidde av maur, men denne arten

har også frø utan oljehaldig struktur, og desse

har tilpassing for vindspreiing. Dermed har den

sikra ei viss frøspreiing også i kalde og regnfulle

somrar med liten mauraktivitet (figur 2).

32 Blyttia 58(1), 2000

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!