23.07.2013 Views

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Roger Halvorsen

det lukkast å finne noko, korkje i Göteborg eller i

Stockholm. Mesteparten av materialet frå Lindebergs

samlinger vart ordna inn i samlingane i

Göteborg. Erik Ljungstrand ved Göteborgs museum

har leita i herbariet der, utan å finne noko

belegg av bergebrur frå Valberg. Frå Stockholm

har det ikkje kome noko signal om at det kan liggja

noko i herbariet der.

I Kragerø veks bergebruri i den bratte skrenten

på austsida av Valberg, heilt ned i havmålet frå

tre til om lag 50 m o.h. På lokaliteten finst to klårt

skilde bestandar om lag 80 meter frå kvarandre.

Då Often og Berg vitja staden i 1993, talde dei opp

rundt 350-375 rosettar. (Often & Berg m.fl., Stabbetorp

red. 1998.) Dei har elles skildra tilhøva på

veksestaden grundig i rapporten. Dei slår fast at

populasjonen på Valberg er den førekomsten av

bergebrur på Austlandet med klårast relikt preg

og den eineste i havnivå.

Bergebrur også funnen i Søndeled,

Risør kommune

No har dei ikkje heilt rett i denne påstanden, for i

1994 blei eit anna funn av denne staslege fjellplanta

kjend for dei som har arbeidd med «Floraatlas

for Telemark». I samband med dette floraatlasarbeidet

har ein i Telemark Botaniske Forening

òg registrera plantelokalitetar i nabofylka der

desse lokalitetane ligg så nær opp mot grensa til

Telemark at dei har interesse for oss. Då så Tove

Lund frå Oslo på NBFs hovudekskursjon til Kragerø

i 1994 fortalde om eit funn av bergebrur ved

Søndeled i Risør kommune, vekte dette stor interesse

hos bl.a. forfattaren. Denne lokaliteten hadde

også interesse for TBF sitt floraatlasprosjekt.

Somme av dei ivrigaste sette seg difor i bilen og

fór frå Kragerø ned til Søndeled og fann bergebruri

på den staden som Tove Lund hadde fortald om,

ei kjempeblokk på nordsida av Hasåsen, ikkje

langt frå Søndeled kyrkje. Høgda over havnivå er

om lag 50 meter. Det blei funnen eit titalls individ

med blomar, men også ein del siderosettar var å

sjå. Tove Lund fortalde at denne veksestaden i

Søndeled lenge hadde vore kjend for ho og mannen

hennar, Kjell, men han er altså ikkje kjend frå

samlingane på botanisk museum på Tøyen. Lokaliteten

er, så langt eg veit, heller ikkje nemnd i

litteraturen tidlegare.

Førekomsten i Søndeled har på same måte

som Kragerølokaliteten eit klårt relikt preg. Populasjonen

veks heilt isolert oppe på den store steinblokka,

men det er ikkje gjort undersøkingar i

nærleiken med tanke på andre populasjonar.

Figur 1. Bergebrur Saxifraga cotyledon. Teikna av Roger Halvorsen.

Saxifraga cotyledon. Illustration: Roger Halvorsen.

I Søndeled vaks òg rosenrot Rhodiola rosea

og blårapp Poa glauca saman med bergebrur, og

desse to artane er sjeldsynte langs denne delen

av kysten. Til dømes har ikkje Hultén (1971) teke

med rosenrot så langt opp på Agderkysten. Eldre

utgåver av Lid skriv at arten «vantar austom ei linje

frå Søndeled over Norefjell og Tynset til Røros.»

Dette skulle tyde på at rosenrot er funnen noko

lenger nord langs Skagerakkysten enn kva Hultén

oppgjev, men at Søndeled er nemd hos Lid i denne

samanhangen, tyder ikkje på at denne lokaliteten

har vore kjend. Då hadde truleg òg bergebruri vore

kjend. Blårapp har ei rekkje låglandslokalitetar på

Austlandet sjøl om det er langt mellom dei, og

Hultén (1971) har med ein prikk i området kring

Søndeled.

– og i Bamble kommune

Då Telemark Botaniske Forening tok opp arbei-

60 Blyttia 58(1), 2000

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!