23.07.2013 Views

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

inni inni granskauen

granskauen

Men obskurantismen var ikkje død

Kommentar til debatten om «reduksjonismen»

Hartvig Sætra

«Misjonshuset»,

9321 Moen

Ordet «obskurantisme» var i flittig bruk blant radikale

studentar i femtiåra. Begrepet omfatta antirasjonalistiske

rørsler frå Hallesby til Rudolf Steiner.

Vi plasserte dei på høgresida.

Men mange høgrefolk var like djupt grunnfesta

i framstegstru, rasjonalisme og positivisme som

oss. Og alle var vi like lite medvitne om dei svake

sidene ved den ekstreme materialismen og framstegsoptimismen

som særmerkte samtida vår.

Obskurantismen oppfatta vi – med rette – som

ein viktig del av det ideologiske overbygget i kapitalismen.

Det var eit emosjonelt maktmiddel for å

få fattigfolk til friviljug å underkaste seg «overjordiske

krefter», eller den såkalla «lagnaden». Venstresidas

store diktar på den tida, Tor Jonsson,

uttrykte det ganske presist i «Fjellbygdvåren»:

«Her banna vi og bad vår husmannsbøn,

og vona på eit himmelsk etterskot på løn.»

I etterkrigstida vart alliansen av arbeidarar,

småbønder og fiskarar det maktberande skikt i

landet. I pakt med framstegsoptimismen meinte

vi at obskurantismen var på veg ut, i takt med skigardar

og skrømt. Dette synet delte vi med dei

«lyseblå» høgrefolka.

Men vi tok alle feil, for vi var berre «moderne».

Vi var fascinert av positivismen, som ville overføre

naturvitskaplege forskingsprinsipp til dei humanistiske

faga. Det slo feil.

Nå rår postmodernismen, som tvert imot hevdar

at naturlovane er like «menneskeskapte» som

samfunnsvitskapen, og at det ikkje finst sikker og

eksakt kunnskap. Det er å speilvende dei feil som

positivismen gjorde.

For det finst eksakt kunnskap. Og det finst naturlovar

som ikkje berre er verifiserbare i eit n antall

tilfelle, men også er falsifiserbare, dvs. at dei

skal stå mot alle forsøk på å finne unntak ved å

endre dei eksperimentelle parametrane på spesielle

måtar. Av gode grunnar, som eg ikkje skal

komme inn på her, er det svært vanskeleg å for-

mulere falsifiserbare lovar i humanistiske fag.

På den andre sida finst det også eksempel på

lovar innan realvitskapane, spesielt i økologien

og evolusjonsbiologien, som ikkje er falsifiserbare.

Det er lett å glømme dette for ivrige forskarar,

for eksempel innan evolusjonsbiologien. Og

da kan skuldingar om «reduksjonisme» ligge nær

sanninga.

I økologien må vi i staden bruke eit humanistisk

begrep, «føre- var-prinsippet», når vi skal formulere

ein akseptabel strategi for handling. Mest

aktuelt er dette prinsippet for våre konklusjonar

om drivhuseffekten, og det kan på den måten knytast

til ein vitskapleg kritikk av for eksempel politiske

vedtak om bygging av gasskraftverk. Økologien

viskar på den måten ut grensene mellom

naturvitskaplege og humanistiske årsakssamanhengar.

Men dette hindrar sjølvsagt ikkje at dei falsifiserbare

naturlovane står fast, for eksempel innan

mekanikk, termodynamikk og kjemi. Heller ikkje

eit såkalla «paradigmeskifte» kan endre dette.

Newtons lovar vart ikkje oppheva av Einstein, dei

vart berre sett inn i ein større samanheng.

I dag er vi inne i eit paradigmeskifte i fysikken

når det gjeld dei fundamentale eigenskapane ved

materien. Dette blir utnytta av postmodernistane

til eit totaloppgjer med naturlovane generelt. Dei

blir alle oppfatta som produkt av eit spesielt språkspel

(«diskurs»).

Er det ein slags «takk for sist» frå humanistisk

side; da det mislyktest å gi dei humanistiske prinsippa

stempel som «rein fornuft», prøver ein i staden

å oppheve sjølve fornuften?

Da kan det vere nyttig å minnast galehusforstandar

Begriffenfeldt i Ibsens «Peer Gynt»: «Den

absolutte fornuft avgikk ved døden i aftes klokken

elleve».

Skepsisen til allmenne vitskaplege lovar hindrar

likevel ingen postmodernist i å tru blindt på ein

fleire hundre år gammal «lov om markedets usynlige

hand» (Adam Smith). Det er vel i samsvar

62 Blyttia 58(1), 2000

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!