23.07.2013 Views

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200001_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

med tidsånden når det gjeld logikk og moral: «Stryk

det som ikkje passar».

Det var ei sær oppleving å møte desse postmodernistane

til debatt om ressurskrise, økonomisk

vekst og drivhuseffekt. Eg brukte på tradisjonell

måte ein del sentrale kjemiske og fysiske lovar

i argumentasjonen. Og fekk til svar at «alt er diskurs,

og ikkje objektive fakta» – ikkje ein gong den

1. og 2. termodynamiske lov! – Ein kan bli matt av

mindre. Men gjennom media blir det framstilt som

om desse folka har «vunne» diskusjonen. Eitt er i

alle fall sikkert: Det er både pengar og mediemakt

å vinne på å vere fortalar for dagens obskurantisme.

Dei er som regel sikra spalteplass i avisene og

høg trynefaktor på TV.

C.P. Snow sa at «den første kulturen» (humanismen)

og «den andre kulturen» (naturvitskapen)

ville kunna samarbeide i ein «tredje kultur» som

skulle skaffe folk velstand. Og vi fekk denne syntesen

i full målestokk etter 1960: Ressurs-uttaket

auka til eventyrlege dimensjonar på grunn av dette

samarbeidet, slik at det nå trugar vår eksistens.

Humanistane gir naturvitskapen skulda for krisa.

Men det er berre delvis rett. For vi skal også vite at

det er naturvitskapen som har avdekt motsetnaden

mellom økologisk rasjonalitet og økonomisk

dogmatisme.

Så lenge humanistiske vitskapar aksepterer

at naturvitskapen blir underlagt økonomien, eller

til og med er pådrivar for at dette skal skje, blir

også humanismen medskyldig i «tredje-kulturen»

sine overgrep mot økosystemet.

Og berre dersom naturvitskapen frigjer seg frå

underkastinga under marknadsøkonomien, kan

den fungere som ei rettesnor for både etikk og

samfunnsbygging. Så lenge forskarane står på

sikker vitskapleg grunn med sine konklusjonar,

kan ein ikkje la seg presse av kva slags økonomiske

«lovar» som akkurat nå er politisk korrekte.

Eg har postulert at ein «fjerde kultur» kan/bør

vere på veg i dag, (sjå tidsskriftet «Samtiden» 4/

93). Denne kulturen vil sameine dei nye erkjenningane

innan den økologiske vitskapen med dei tradisjonelle

naturvitskapane og dei progressive greinene

av den humanistiske vitskapen – den som

går på trivsel hos enkeltmenneska, sosial rettferd

og menneskerettar. Skal mennesket overleve som

art, utan stadig djupare krenkingar av menneskeverdet,

må «den fjerde kulturen» ta styring over

det stadig meir udemokratiske og omsynslause

økonomiske systemet. Dei store, multinasjonale

konserna, med eit økonomisk volum som overstig

nasjonalproduktet til fleire nasjonalstatar, er

Blyttia 58(1), 2000

inni inni inni granskauen

granskauen

ei form for moderne føydalisme. Vi er i ferd med å

miste den dyrebare demokratiske sjølvråderetten

til denne nye adelen, som er den mest grådige og

minst ansvarlege maktgrupperinga vi kjenner.

Snart er dei einerådande; verda vil da bli totalitær,

styrt av ein «global kapitalistisk Gosplan».

Dette kan ein berre unngå gjennom ein ny demokratisk

allianse, mellom naturvitskapen, den

progressive samfunnsvitskapen og ein stadig

meir velutdanna offentleg opinion. Det er denne

rørsla eg har kalla «den fjerde kulturen».

Den fjerde kulturens credo har eg forma ut slik:

Økologien bygger på eit sett av lovar, som rett

nok blir registrert og fortolka av menneska, men i

stor grad også er falsifiserbare, og dermed naturlovar

i tradisjonell meining. Økonomien bygger

derimot på menneskeskapte strukturar. Derfor er

det dei økonomiske lovane vi kan og må endre,

når motsetningane mellom økologi og økonomi

tilspissar deg.

Håpet om framveksten av ein «fjerde kultur»

er både eit rasjonelt alternativ til den postmoderne

obskurantismen, og til det utbreidde økopolitiske

svartsynet som går ut på at «alt går til helvete uansett».

Den fjerde kulturen må overtyde menneska

gjennom logisk og etisk argumentasjon, og få oss

til å ta tilbake makta over vårt eige tilvære og vår

framtidige eksistens. Med andre ord: Den fjerde

kulturen må atterreise demokratiet og sikre eit

berekraftig globalsamfunn.

Men ein ting kan ikkje den fjerde kulturen love

oss: Økonomisk vekst i rike land.

«Det Gamle kom og kalla seg Det Nye», sa

Bert Brecht om nazismen. Den gamle obskurantismen

kom og kalla seg «postmodernismen». Og

akkurat som den gamle obskurantismen gjennom

si fornekting av naturlovane var eit middel til undertrykking,

fremjar også postmodernismen ei tåkelegging

av at kapitalismens «usynlege hand»

er i strid med eit berekraftig og demokratisk globalsamfunn.

Lova om «marknadens usynlege hand» er

maktas og makthavaranes lov. Den bør forvisast

dit den høyrer heime: Blant livstrugande illusjonar

som er overlevert frå urettens og klasseundertrykkingas

tidsalder.

63

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!