aktiv 64 JANUAR/FEBRUAR 2013 SKISKOLEN Norske instruktørar lærer britiske soldatar å stå på ski i Finland. LYDBILDE SERIE: SKISKOLEN JANUAR/FEBRUAR 2013 65
aktiv – Ok, i dei neste telemarkssvingane skal de lene kroppen så langt fram de berre klarar, seier Gorm Gunleiksrud, instruktør på Alliert Treningssenter på Porsangmoen. Dei ti britane gjer som dei vert fortalde, og resultatet er høgst varierande. Somme kjem seg greitt gjennom, mens andre går på trynet. – Korleis kjendest det? spør instruktøren i botnen av bakken. – Det var vanskeleg å få kontroll på skia, dei gjekk litt sine eigne vegar, er svaret frå ein av deltakarane. Og slik held det fram. Dei varierer på tyngde - punktet, avstanden mellom beina, armstillinga og rotasjonen. Oppdagingslæring, kallar han det. – Vi går gjennom heile kroppen, og eg ønskjer at dei skal lære gjennom å røyne og forstå ting sjølve framfor å verte fortalde kva dei skal gjere. Tele - markskøyring er så mykje meir enn å plassere det eine beinet framføre det andre, seier Gunleiksrud. «Miserable». – Vi kjem hit fordi forholda er elendige. Det er iskaldt, mørkt og øyde. Men klarar vi å overleve her, kan vi overleve kvar som helst, seier Shane Booth frå Royal Marines. Vi er i Saariselkä, nord i Finland. Vinden samarbeider med minusgradene og bit seg gjennom dei vindtette kleda. Femtiseks britiske soldatar er på vinterkurs. Somme er nybyrjarar, mens andre har vore her før. Målet er at dei sjølve skal verte instruktørar. I tre kalde månader er dei stasjonerte på Alliert treningssenter på Porsangmoen. Det er ein del av ei åtte månader lang utdanning for å bli «mountain leader». Dei skal kunne operere og overleve over heile verda, under alle forhold og er spisskompetansen til britane innanfor fjell- og vinteroperasjonar. – Vi byrjar med to veker grunnleggjande skiøvingar. Fram til slutten av mars skal vi trene meir på vinteroperasjonar rundt Porsangmoen. Det er overleving, overvaking og rekognoser - ing, seier Booth. Det er ikkje kven som helst som kjem inn på utdanninga. Dei aller fleste deltakarane har fleire rundar i internasjonale operasjonar bak seg, og kurset går for å vere eit av dei hardaste i England. Nedover. Dei har teke turen over til Finland for å køyre nedover. – Samanliknar du ein nybyrjar og ein røynd skiløpar med tung sekk i laussnø, held dei nesten same tempo bortover og oppover. Men nedover er det enormt stor skilnad, seier Gunleiksrud. – Her er det skiheisar, så på fem dagar får dei den mengdetreninga dei treng, held han fram. Utdanninga er nivådelt. Dei som har eit høgare instruktørnivå frå tidlegare vintrar, fungerer som instruktørar for dei som er på et lægre nivå. Gunleiksrud pluss ein innleigd sivil instruktør held kurset på det høgaste nivået, mens Royal Marines stiller med resten av instruktørane sjølve. – Soldatane i gruppa mi har lært å køyre telemark før. Denne veka bruker eg til å friske opp kunnskapen deira, finpusse teknikken, og gi dei fleire øvingar dei kan bruke når dei sjølve skal instruere, seier Gunleiksrud. Bidrag til NATO. – Kva får Noreg ut av å ut danne britar til å stå på ski? – Eg meiner det er et viktig fordi vi trenar opp styrkane som skal hjelpe oss dersom det ein dag kjem eit åtak mot Noreg. Det er eit særs viktig bidrag til forsvarsevna til Noreg at så mange soldatar som mogleg rundt om i Europa meistrar vinteroperasjonar, seier Gunleiksrud. Det har aldri vore så mange deltakarar på kurset som i år. VARIASJON: Når ein varierer på tyngdepunktet, går det anten bra eller ikkje så bra. 19 soldatar deltok på det øvste nivået, og ti bestod kurset. DEMONSTRASJON: Instruktør frå Alliert treningssenter Gorm Gunleiksrud viser og forklarer før britane sjølve skal prøve seg i skianlegget i Saariselkä. SAMARBEID: Shane Booth (t.v.) og Gorm Gunleiksrud har samarbeidd om skiutdanningsprogrammet som vert brukt i Royal Marines. 66 JANUAR/FEBRUAR 2013 «Tele markskøyring er så mykje meir enn å plassere det eine beinet framføre det andre» GORM GUNLEIKSRUD, instruktør – Stort fokus på Afghanistan har gjort at britane har mista mykje av kompetansen sin innan skiutdanning. No vil dei ha han opp og stå igjen, blant anna fordi dei planlegg å sende mange på øving i Noreg neste vinter. Da vil dei ha eit instruktørkorps klart, seier han. – Og kvifor lærer dei å stå på telemark? – Ein må stå mykje på ski for å bli god, men det er ikkje moro å ploge nedover dag ut og dag inn. Ein må gjere noko som er stadig vanskelegare. I ein pressa stridssituasjon fell gjerne prestasjonsnivået nokre hakk, men kan du stå på telemark, har du god margin til å ploge deg effektivt ned ein bakke, seier Gunleiksrud. – Men vi kjem nok aldri til å sjå ein brite med stor sekk køyre telemark i ein stridssituasjon. I Finland: CHRISTIAN NØRSTEBØ cn@fofo.no Offisielt utdanningsprogram Gunleiksrud og Booth har dei siste fire åra utvikla det nye skiutdanningsprogrammet til Royal Marines. Det vart godkjent i fjor. – Det er ei handbok for instruktørar som byrjar med at soldatane skal venje seg til å ha to meter lange treplankar på beina. Til slutt skal alt gå automatisk, seier Booth. Gunleiksrud etterlyser noko tilsvarande i Noreg: – Det er mykje bra skiundervisning rundt om i avdelingane, men eg tykkjer vi manglar eit konkret, gjennomtenkt utdanningsprogram der alle elementa som bør vere med, vert omtalte i rett rekkjefølgd, seier han. JANUAR/FEBRUAR 2013 67