27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Målpris ålpris til Rein

2008 var kulturbyåret, der byporten i

Stavanger skulle vera open for kulturelt

og kunstnarleg mangfald. Men nynorsk

språk og kultur blei i alt for liten grad ein

del av 2008. Det blei mykje spektakulær

engelsk, resten var bokmål, bortsett frå

nokre vakre nynorske titlar: Open port (!),

men ikkje minst Himlaleite, Kyrkjelyd og

Desse auga. Rogaland Mållag trur desse

prosjekta er mellom dei som kjem til å

bli hugsa best «ittepå» – og at det i så

fall har med språk og språkleg identitet

å gjera.

Det nynorske høgdepunktet i 2008

var likevel at «heile byen» valde Kaninbyen

av Arild Rein som den romanen

«heile byen» skulle lesa. Prosjektet var

styrt av lesarane sjølve. Dei diskuterte.

Somme fryda seg. Somme reagerte

med forarging og sinne – over den

i nynorskens skog

pessimistiske skildringa av Stavanger

etter oljerikdomen. Somme reagerte

på språket, for Kaninbyen viser fram folkemålet

i alt sitt mangfaldige – og forskrekkelege

- velde. Rogaland Mållag

gler seg over at Rein har valt å skriva

ein heil Stavangertriologi på nynorsk,

og trur at språket er ein viktig dimensjon

ved det som har gjort bøkene til

slik ein suksess.

Nynorsk er vakkert i poesi, det har

ein høyrt mange gonger. Nynorsk er

funksjonelt til kvardags. Nynorsk er tøft

i Kaninbyen. Arild Rein får Målprisen

2008 for sin tøff e og skitten-urbane nynorsk,

i det elles så språkleg pyntelege

kulturbyåret. (Pressemelding)

Målpris til saft-

og mostbedrift

Sogn og Fjordane Mållag har gjeve Målprisen

2009 til saftprodusenten Balholm

AS i Balestrand. Bedrifta produserer saft

og most av økologisk frukt og bær og

marknadsfører alle produkta sine på

nynorsk. Det er Sogn og Fjordane Mållag

som deler ut prisen. Grunngjevinga

for at Balholm får prisen, er at dei bruker

moderne nynorsk på fl askene sine og

marknadsfører seg på nynorsk på nettsidene.

– Dermed er Balholm eitt av desse

gode døma som gjer at nynorsken når

ut til område som til no har vore framande,

sa Torleik Stegane ved prisutdelinga.

(©NPK)

Olaf Nøkleby tek i mot Austmannaprisen frå leiaren i Austmannalaget,

Atle Brandsar. Foto: Anne Martine Engebakken Grymyr, Oppland Arbeiderblad)

Olaf Nøkleby heidra

med Austmannaprisen

Under kulturkvelden i Steinhuset

på Granavollen vart Austmannaprisen

gjeven til Olaf Nøkleby.

Prisen vert gjeven til kandidatar

som har utmerkt seg som gode

språk- og kulturberarar i området

Austmannalaget dekkjer. Nøkleby

har på ein framifrå måte bore

fram nynorsken m.a. gjennom

sitt yrkesaktive liv som rektor ved

Valle vidaregåande skule og som

organisasjonsmann på både det

kulturelle og politiske planet. Prisvinnaren

har i tillegg vore ein god

brukar av totendialekten, og han

er vorten karakterisert som sjølve

grunnfj ellet på Toten når det gjeld

historie, talemåte og anna kulturarbeid.

Kulturkvelden i Steinhuset

var skipa til av Hadeland Mållag,

med musikkinnslag ved Hadeland

spellemannslag, Gerd Nyland las

på hadelandsmål og Stein Buan

kåserte og song. Ein triveleg kveld

som vart avslutta med to prisutdelingar

– fyrst Hadeland Mållag sin

dialektpris for 2009 til Gerd Nyland

og så Austmannalaget sin pris til

Olaf Nøkleby.

– Eg treng ingen målpris for å bruka nynorsk. Eg brukar

nynorsk fordi det er naturleg for meg, seier målblomevinnar

Ole Danbolt Mjøs. Foto: Dei nynorske festspela

Korleis tinga

ein Målblome?

Ole Danbolt Mjøs skal endeleg få den

merksemda frå Mållaget som han har

etterlyst.

Før prisutdelinga av Nobels Fredspris i 2007 heldt

dåverande leiar av Nobelkomiteen Ole Danbolt

Mjøs eit føredrag. Der snakka Danbolt Mjøs om at

me må ta klimatrugselen på alvor, at Nobelkomiteen

er politisk sjølvstendig og at han strengt tatt

burde få ein pris frå Mållaget snart. For kor mange

er det som har snakka til ein halv milliard menneske

på nynorsk?

– Du er vel nøgd når du no endeleg får den merksemda

du har bede om?

– Eg er svært nøgd med å få denne prisen frå

Mållaget. For å seie det slik: Det er første gong eg

har abonnert på ein pris. Og det er første gong eg

har fått ein pris som eg har abonnert på!

– Arne Johannesen sa at han tykte det var litt

rart å få pris for noko som var så naturleg for han.

På den andre sida er det kan henda slik med dei

vinnarane du har hatt med å gjera i Nobel-samanheng

òg. Det er vel ikkje så mange som set seg ned

og tenkjer: «Hm, no skulle det vore fi nt med ein

Nobels Fredspris. Korleis kan eg få den?»

– Eg treng ingen målpris for å bruka nynorsk. Eg

brukar nynorsk fordi det er naturleg for meg. Når

både Mållaget og folk fl est let vel over talane mine,

er dette pris nok for meg. Eg trur ikkje Nobelprisvinnarane

har brukt mykje tid på å tenkja på om dei

får fredsprisen eller ei. Men dei set stor pris på å få å

verdas fremste pris!

– Korleis har ein nynorskbrukar det i Nobelorganisasjonen?

Er det slik at ein må læra opp dei

tilsette i kva jamstellingsvedtaket gjekk ut på, eller

har det vore problemfritt?

- Det har vore heilt problemfritt å vera nynorskbrukar

i Nobel-organisasjonen. Både

nestleiar Berge Furre og eg har hatt gode kår i

Nobelkomiteen.

– Når du no har gått av som leiar, kva talarstol

skal du no arbeida for nynorsken frå?

– Eg er 17. mai-talar året rundt. Og det held

eg fram med uansett! Særskilt vil eg bruka tid på

å halda fredsføredrag.

KJARTAN HELLEVE VE

kjartan.helleve@nm.no .no

Gerd Nyland (t.h.) får prisen av

leiar Reidun R Sørensen.

Foto: Haakon Kalvsjøhagen/Hadeland

Dialektprisen

for Hadeland

Hadeland Mållag har tidlegare

gjeve ut dialektprisen to gonger.

I år er det lærar Gerd Nyland frå

Gran som er vinnaren. Nyland

fekk prisen for måten ho fremjar

hadelandsdialekten på i tale og

skrift. Ho skriv på hadelandsdialekt

og er mykje brukt som kåsør

og høgtlesar. I fj or vart ho «kjøpt

inn» av Gran kommune for å

vitje sjukeheimane med «Den

kulturelle spaserstokken.» Prisen

er eit bilete teikna av kunstnaren

Kari Ruud Flem.

Heider til

Kystradioen

Redaktør Vigleik Brekke

i Kystradioen i Bergen får

Hordaland Mållag sin Målblome

2009. Kystradioen har

hatt sendingar i nære på tjuefem

år, men må no snart slutta verksemda

si fordi Medietilsynet

ikkje har oppattnya konsesjonen

til radioen.

– I sin visdom fann Medietilsynet

ut at andre kom med

tilbod om fl eire sendetimar og

dermed skulle dei få overta.

Kvantiteten vann over kvaliteten.

Mange, både målfolk og andre

er opprørte over det som har

hendt, som er ei krenking av det

språklege og kulturelle mangfaldet

i Hordaland.

– For nynorsken er dette eit

stort tap. Kystradioen har ein klår

nynorsk profi l. Redaktøren og andre

medarbeidarar brukar nynorsk

på framifrå vis. (Pressemelding)

Hugs

landsmøtet

Noregs Mållag skipar til

sitt 93. landsmøte

i Oslo 24. –26. april.

Sjå heimesida www.nm.no

for meir informasjon.

Dobbelt? Får du dobbelt opp av Norsk Tidend, kan det kome av at du er medlem av både Mållaget og NMU. Send e-post til nmu@nynorsk.no om du meiner det greier seg med eitt eksemplar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!