28.07.2013 Views

Frivillig farvann - Under Dusken

Frivillig farvann - Under Dusken

Frivillig farvann - Under Dusken

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NYHETER

Håp for den gløymsame

HøG HJERNEAKTIVITET: På psykologisk institutt er det høg aktivitet både blant forskarar og

forsøkspersonar. Andreas Husby Christensen er ein av mange som har vore under hetta hos

forskar Stig Hollup.

Det starta med forsøk på

å få kattar til å slappe av.

I dag får studentar betre

hukommelse, på Psykologisk

institutt ved NTNU.

FORSKING

TEKST: INGRID KRISTNE ASPLI

ingridas@underdusken.no

FOTO: THERESE MARIE TANDE

På 60-talet fekk amerikanske søvnforskarar

ei openberring. Dei studerte

kva slags hjerneaktivitet som styrte

muskelavslapping hos kattar. Kvar gong

denne typen aktivitet førekom, ga dei

katten ei påskjønning, i form av mjølk

eller kylling. Dette førte til at denne

hjerneaktiviteten hos kattane auka, og

at kattane slappa av. Slik oppdaga ein

for fyrste gong ein metode for å trene

hjerneaktivitet på direkte vis.

Eit tiår seinare vart metoden prøvd

for å kurere hyperaktivitet. Hyperaktive

barn fekk elektrodar kopla til hovudet.

Elektrodane var igjen kopla til ein

videofilm som borna fekk sjå. Når merksemdsaktiviteten

i hjernen gjekk ned,

byrja filmen å skurre. Barna fekk berre

sett fortsetjinga om dei var konsentrerte.

Denne treninga viste seg å endre merksemdsevna

til barna på permanent basis.

Dermed var det funne ein ny behand-

lingsmetode for hyperaktivitet, like god

som medisinar.

Nytt og revolusjonerande

No fører gløgge hjernar ved NTNU

denne forskinga vidare, til andre område.

Dei tek føre seg hukommelse fyrst.

– Det er færre enn ti publiserte artiklar

om dette frå før, fortel labsjef og

fyrsteamanuensis Stig Hollup.

For eitt år sidan starta dei opp. I

januar i år var dei klare for den fyrste

ordentlege forskinga, med 40 frivillige

studenthjernar.

Metoden vert kalla nevrofeedback.

Det er ein metode for å styre hjerneaktivitet.

– Det er som å leggje make-up,

forklarer stipendiat Alexander Olsen,

ein av fleire engasjerte på laben i kjellaren

på Dragvoll.

– Ein treng ein spegel for å sjå korleis

sminkinga går. På same måte kan hjerneaktivitet

òg styras med feedback.

Med hette på hovudet

– Fyrst skal vi finne ut korleis normale

hjernar ser ut, forklarer han.

Så skal dei prøve å få dei til å hugse

betre.

Men korleis skjer dette i praksis?

– Forsøkspersonane får på seg ei

hette, og vert så plassert framfor ein

skjerm. På skjermen er det ei søyle

som vert styrt av aktiviteten i hjernen,

forklarer stipendiaten.

Oppgåva er så å få søyla til å stige over

ei viss grense. Denne grensa nåast når

maskina registrerer hjerneaktivitet som

er gunstig for hukommelsesoppgåver.

Kva slags aktivitet dette er, har forskarane

funne ut på førehand, gjennom

å studere kva slags aktivitet som heng

saman med gode hukommelsesprestasjonar.

Det er ikkje noko oppskrift på korleis

ein skal greie å styre søyla reint praktisk.

I byrjinga stig søyla i tilsynelatande hytt

og pine. Men etterkvart, på merkeleg vis,

opplever deltakarane at dei kan kontrollere

søyla meir og meir.

Eksamenstriks for framtida

Etter 15 sesjonar med søyletrening, har

det ofte skjedd ei endring hos forsøkspersonane.

Dette kjem til syne på hukommelsesoppgåver.

– Majoriteten får etter kvart færre

feil, forklarer Hollup.

– Kanskje kan dette i framtida brukast

i samband med eksamen, filosoferer

Olsen.

3. mai - 14. august 006

Fig. 1

Fig. 2

Fig. 3

Fig. 4

LOKALISERING: Ulike typar hukommelse

er lokalisert ulike stadar i hjernen. Fig.1-3

viser områda for mental rotasjon, evne til

å førestille seg objekt frå fleire sider. Fig.4

viser områda for verbal hukommelse.

Han leikar med tanken om å trene seg

til betre hugs før pensum skal puggast.

Ei mogleg redning for skippertaksstudenten

kan altså vere i emning.UD

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!