09.09.2013 Views

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10 Kjelda

I 1931 hadde Florø FK turnert i Nordfjord

for å drive propaganda for fotballen.

Turneen vart omtalt som ein stor

suksess. Kretsen rekna med at dette

ville vekka ei større interesse for fotballen

i dei bygdene som vart vitja. Både

Florø, Høyanger og Varg spelte oppvisningskampar

i distrikt som ikkje hadde

eigne organiserte lag. Dette for å skapa

interesse for sporten ved at folk fekk

oppleva han på nært hald.

Fire nye lag

Eit problem som gjekk att i denne

perioden var mangelen på kvalifiserte/

autoriserte fotballtrenarar. Fotballkretsen

gjorde mange forsøk på å få hjelp

frå fotballforbundet til å få utdanna trenarar,

men det synte seg vanskeleg å

få arrangert kurs. Difor vart det innført

ei ordning der fotballforbundet betalte

trenarar frå Bergen som reiste rundt til

klubbane og hadde ein kort treningsperiode

med spelarane.

Eit nytt kampreglement for Sogn og

Fjordane fotballkrets vart vedteke på

årsmøtet i 1932. Dette året hadde Førde

Idrettslag meldt seg inn i fotballkretsen

og fekk delta i B-klassen dette året.

Fire nye lag - Sandane Turn- og IL,

Stongfjorden IL, Stryn Turn- og IL

og Vik Turn og IL, - kom med i sesongen

1933. No hadde kretsen ni aktive

medlemslag. Same året søkte Nordfjordeid

Fotballklubb om å få melda seg

inn i Sunnmøre fotballkrets. Dette sette

Sogn og Fjordane fotballkrets seg sterkt

imot sjølv om Nordfjordeid ikkje hadde

vore medlem av kretsen dei siste åra.

Setet for kretsen vart flytta

Fotballkretsen hadde frå starten av hatt

sete i Florø og alle formenn, nestformenn,

kasserarar og sekretærar hadde

vore frå Florø. På kretstinget i desember

1933 vart det, etter framlegg frå HIF,

vedteke å flytta setet til Sandane.

Malvin Sletten frå Sandane vart valt til

formann. Han var formann i åra 1934,

-35 og -36. I 1937 vart setet flytta til

Høyanger og der vart det verande fram

til 1970. Jan Rolland frå Høyanger IF

overtok som formann i åra 1937 og -38.

I 1934 kom det berre eitt nytt lag med

i kretsen, Stardalen IL frå Jølster. Eid

Fotballklubb melde seg inn så seint på

året at dei ikkje kunne få delta denne

sesongen. Eid fekk året etter starta i

klasse A, saman med dei beste laga.

Laget frå Nordfjordeid hadde den beste

fotballbana i kretsen. Dei fleste av

laga spelte kampane sine på grusbaner,

medan Eid hadde ei flott grasbane. Heilt

fram til slutten av 1950-talet var det

ingen som hadde så fin fotballbane her i

kretsen som Eid.

Indre Sogn får eigen serie

Ved årsskiftet 1934/35 var 14 lag, med

i alt 368 medlemer, tilslutta fotballkretsen.

Gaupne kunne ikkje delta i åra

1934 til 1937 då dei ikkje hadde bane

å spela kampar på. Heller ikkje Vik,

Førde eller Florø hadde delteke i sesongen

1934. Stongfjorden vann klasse B,

medan HIF, som så mange gonger før,

vann klasse A. Eitt år seinare var det

berre 9 lag med i alt 248 medlemer i

kretsen.

Men i årsmeldinga går det fram at seks

lag hadde meldt sin interesse i å delta i

ein ny underkrets-serie for indre Sogn.

Desse var Aurland, Modig, Kaupanger,

Jotun, Sogndal og Luster. Luster vart

Formann Krinsmeister:

1922: Bjarne Vasbotten, Florø TAK Falken, Høyanger

1923: Alfred Edvardsen, Florø Høyanger IF

1924: Alfred Edvardsen, Florø Høyanger IF

1925: Ole Rye, Florø Florø FK

1926: Ole Rye, Florø Høyanger IF

1927: Ole Rye, Florø Florø FK

1928: Alfred Edvardsen, Florø SK Falken, Høyanger

1929: Alfred Edvardsen, Florø Høyanger IF

1930: Bjarne Sunde, Florø Høyanger IF

1931: Bjarne Sunde, Florø Høyanger IF

1932: Bjarne Sunde, Florø Høyanger IF

1933: Bjarne Sunde, Florø Høyanger IF

1934: Malvin Sletten, Sandane Høyanger IF

1935: Malvin Sletten, Sandane Høyanger IF (10. meisterskap)

1936: Malvin Sletten, Sandane Florø-Varg

1937: Jan Rolland, Høyanger Høyanger IF

Årgang 10, nr 3 - 2001

medlem av krinsen men deltok ikkje i

serien dette året. Kaupanger vart ikkje

medlem før året etter. Det vart sett opp

eigne statuttar for denne serien. Jotun

vart dei fyrste meistrane i denne serien

med Aurland og Modig hakk i hel.

Sogndal kom heilt sist med berre eitt

poeng.

Inndeling i fire soner

Fotballkrinsen hadde ved utgangen av

året 1936 fått signal frå Dale IL, Holmedal

IL, Balestrand IL og Fjærland IL

om at desse ville melda seg inn. Det vart

vedteke å dela klasse B inn i fire spelesoner

- Sunnfjord, Nordfjord, indre

og ytre Sogn, - etter at fleire lag no

hadde meldt seg inn i krinsen. Hornindal

IL og Indre Breim IL vart tekne

opp som medlemer frå 1. januar 1937.

Stryn kunne ikkje stilla lag denne sesongen.

Bergen Aftenblad sette opp pokal til

vinnaren i klasse B, sone Sunnfjord.

I møteboka er statuttane for å vinna

pokalen sette opp.

På styremøtet 23. november 1937 går

det fram at det er sendt brev til Lærdal

om dei ikkje vil slutta seg til kretsen

og forbundet. Lærdal Fotballklubb vart

skipa dette året og melde seg inn året

etter. I tillegg hadde kretsen sendt brev

til Selje og Årdalstangen.

I sesongen 1937 var 22 lag med til

saman 635 medlemer med i fotballkrinsen.

Åtte nye lag hadde meldt seg inn

dette året. I tillegg til dei som alt er

nemnt kjem Askvoll IL. Klasse A vart

for 11. gong vunnen av HIF. Sonevinnarar

i klasse B vart Eid i Nordjord,

Florø-Varg i Sunnfjord, HIF i ytre Sogn

og Jotun i indre Sogn.

Etter ein litt treg start med få lag var no

fotballkretsen i ferd med å få lag frå det

meste av fylket. Men framleis vart Sogn

og Fjordane sett på som ein svart flekk

på fotballkartet.

Denne artikkelen er skriven med

utgangspunkt i den fyrste møteboka for

Sogn og Fjordane fotballkrets 1922 -

1937. I tillegg er jubileumsboka til

Frode Fretland nytta som kjelde.

Tabellen i boka hans på side 67 stemmer

ikkje overeins med opplysningane i

møteboka.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!