23.10.2013 Views

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Blyttia 64(1), 2006

Elven, R. 2005. J. & D.

T. Lid. Norsk flora. 1230

s. Det Norske Samlaget,

Oslo.

ISBN 82-521-6029-8

sidene. Slik det no er, kan ein lett ta eit tal nederst

i margen for å vere sidetalet, ikkje figurnummeret

(blad t.d. gjennom slirekne- og meldefamilien s.

196-230 om du ikkje heilt ser poenget!). Apropos

teikningane, så har Dagny Tande Lid i denne

utgåva fått skarp konkurranse av heile seks nye

illustratørar, to av dei har med i underkant av 150

teikningar kvar, medan D. T. Lid, som det vert sagt,

framleis har 78 % av dei 2995 illustrasjonane.

Både forordet og innleiinga er blitt lengre, den

siste er auka frå 38 til 70 sider. Romartala er til alt

hell byta ut med vanlege tal. Innleiingskapitlet og

forklaringane av omgrep er interessant lesnad:

her definerast nøyaktig korleis dei ulike plantane

er handsama. Ein skil t.d. mellom «bufaste» og

«tilfeldige». Dei første kan anten vere «heimlege»

eller «innførte» og vert omtalte i hovudteksten;

medan dei siste berre vert nemnde i innleiinga til

familien eller slekta saman med plantar vi kjenner

frå hagane. Totalt er 2880 ulike taksa omtalte

i hovudteksten i floraen.

Ein flora vil måtte romme ulike grader av vitskapeleg

presisjon. Ein vil alltid kunne gå i større

detalj, mot forskingsfronten. Her er det brukarane

sine interesser ein må ta omsyn til. Norsk flora,

som også er mynta på eit allment publikum, kan

ikkje ha som mål å vere vitskapeleg uovertruffen,

jamvel om forfattarar og redaksjon ønskjer seg

dette. Etter vårt syn gjeld dette også verk som Flora

Europaea og Flora Nordica.

Avgrensing og namn på slekter

Eit steg mot større semje om slektsavgrensing i

det nordlege sirkumpolarområdet er teke med det

panarktiske floraprosjektet (Panarctic Flora 2003).

Fleire nye slektsnamn som er tekne opp i 2005-

BØKER

utgåva av Lids flora, vil kan hende vere slitsame

for brukarane, men her kan vi ut frå eiga røynsle

seie som reven at «det berre er ein overgang».

Men medan Lids flora no altså vert normalisert

mot Panarctic Flora (2003), held ein i Sverige

fram med å bruka namna i Flora Nordica, etter

kvart som han kjem ut. Eit ferskt døme er arten

skrubbær, som no i nye Lids flora har skifta namn

til Chamaepericlymenum suecicum, medan han

i neste band av Flora Nordica framleis vil ha linnénamnet

Cornus suecica. Ein skulle tru at to granneland

med så like floraer kunne bli samde om

eit eins og konsekvent gjennomført namneverk.

Det er jo dei vitskapelege namna som skal vere

vår «lingua franca» når dei nasjonale namna er

såvidt ulike og lette å misforstå. Det er uheldig at

det no vert etablert to ulike vitskapelege namneverk

i Norden.

Artsnivået

All ære til internasjonalt samarbeid, men vi synest

at det er problematisk når ein ikkje tek omsyn til at

artskompleks opptrer ulikt rundt om i det vidstrakte

panarktiske området.

For feltbotanikarar kan det bli problem når

nærskylde underartar der overgangsformer er vanlege,

splittast opp til ulike artar. Her vil vi nemne

eksemplet lækjevintergrøn. I både norske (t. d.

Elven 1994) og svenske floraer (t. d. Mossberg &

Stenberg 2003) har desse to taksa i nokre år vore

handsama på underartsnivå som ssp. rotundifolia,

på nynorsk kalla lækjevintergrøn og ssp. norvegica

for norskvintergrøn. Dette er praktisk, særleg

i Nord-Noreg der det ofte er uråd å skilje dei to

underartane. Når dei no har nyoppstått som to

artar att, er vi nøydde å operere med hybriden i

slike tilfelle der ein tidlegare kunne nytte artsnamnet

med tillegget s.l. (sensu lato). Dette er ein formell

vanske. Biologisk vil vi peike på at fleire artar

eller artskompleks har mange utformingar; dei er

polymorfe, også innanfor Noreg. Dette – som ikkje

må blandast saman med modifikativ variasjon etter

aktuelle ytre levekår – vert tilskrive arveleg variasjon

med tilhøva i jorda på vekseplassen eller

med det regionale klimaet, som endrar seg etter

breiddegraden og høgda over havet (lågland / fjellgradienten).

Dessutan ser vi innan same eller tilgrensande

område plantar med ulike kromosomtal

innanfor det som utvendes synest å høyra til

same arten. Ofte opptrer diploide/polyploide artspar

eller cytotypar i vidt utbreidde kollektive artar

som gulaks Anthoxanthum odoratum, blåklokke

33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!